Dette er historia om den unge kvinna frå ein fjellgard i Geirangerfjorden, som busette seg og slo rot ved havet. Inga var mormora mi. Vi kalla henne ”bestemor på Reiten”.
Inga Karoline Ingebrigtsdotter Knivsflå (1897–1978) kom til verda på fjellgarden Knivsflå, 8. desember 1897. Ho var nr. seks i ein barneflokk på åtte, og den siste som vart fødd på Knivsflå før fjellgarden vart fråflytta. Foreldra var Ingebrigt Olsson Knivsflå (1861–1906) og Inger Marta Torsdotter Haugen (1861-1941). Inger Marta kom frå Hornindal.
Søsken var: Ole (Store-Kniven, 1885), Oline (1886), Berte (1889), Thore (Hole-Thore 1892), Synnøve (1895), Ingvald (1900) og Karl (1902).
Knivsflå
Knivsflå var ein grøderik gard rett ved fossane, Dei Sju Systre. Den låg farleg og bratt til, men der følgde fiske- og jaktrettar med. Beitetilhøve og seterbruk var gode, og dei hadde både sauer, geiter og kyr på garden. I tillegg hadde dei stor frukt- og bærhage. Knivsflå skifta eigar midt på 1800-talet, då Jakob frå Årset i Eidsdalen vitja Knut på Knivsflå. Begge karane var misnøgde med gardane sine, og ein sein kveld i eit gjestebod bestemte dei seg for å bytte gardar. Karane heldt ord også neste dag då dei vakna, og slik hadde det seg at Kniven skifte eigar. Seinare vart garden delt. Jakob syntest det var einsamt på fjellgarden og gav bort halvparten til ein i nær familie. Då vart det to tun på Knivsflå, Jakobtunet og Ingebrigttunet, slik vi er vane å kalle det. Inga var 4. generasjon på Knivsflå etter at garden bytte eigar.