Ulstein Historielag har som føremål å skape interesse for og innsikt i vår lokale historie. Laget skal arbeide for å auke kunnskapen om vår lokale kulturarv, og arbeide for å ta vare på kulturminna i bygdene våre.

Forteljinga om Ulstein handlar om framsynte folk i ulike næringar, om politikarar og kommunetilsette som såg fram i tid og kva som var nødvendig i samtida; ikkje minst er Ulstein forteljinga om ein industri som fekk internasjonale dimensjonar. Men det er også historia om kultur og folkeliv, foreiningar og lag, ei idrettsrørsle i vekst og samling om kyrkje og bedehus.

Ditt medlemskap i Ulstein historielag støttar det viktige arbeidet om å ta vare på fortellinga om Ulsteinsamfunnet. Vi ynskjer deg velkomen som medlem.

Som Pluss-medlem får du

  • Årets utgåve av Levd liv
  • Tilgong til over 250 artiklar på nett
  • Kalendar for 2023 med lokale motiv

Bli medlem i dag

Helsing leiar Lars Inge Breivik