Dette bildet (til høgre) er av Ulsteinvik sentrum og er mest truleg teke våren 1936. Bildet er henta frå Widerøe Flyveselskaps flyfoto.
Under finn du 2 røvarhistorier som vart tatt med i «Levd Liv 2025».
Kvifor fekk den radikale, frilynte ungdomsrørsla aldri rotfeste i Ulstein sist på 1800-talet? Det er nesten gløymt at det vart gjort eit forsøk med ungdomslaget «Kolmila», for laget vart etter alt å døme nedlagt etter eit par år.
Eg hadde sett for meg at eg alt visste mykje om Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS). Historikaren Ove Bjarnar som samla NKS historie ved 100-års jubileet konkluderer innleiingsvis med at NKS på brei kunnskapsbasis har reist utruleg mange institusjonar og sett i gang ein uoverskueleg rekke tiltak i landet vårt. Han listar opp: forebyggande arbeid for born, for psykisk utviklingshemma, for demente, for revmatikarar, sjukepleieutdanning, og bygging av ei rekkje bad, helsehus, sjukehotell – «for å nevne noen»1.
I år er det 20. utgåva av Levd liv. Ulstein Historielag vart stifta i 1947. Men laget arbeidde tungt ei tid. I 2003 valde laget Aksel Hauge til leiar.
Ulstein historielag inviterte til Kulturhistorisk stemne på Øvre Rise søndag 11. juni i år. Arrangementet var i samarbeid med Hareid historielag. Eigaren av garden, Hans Otto Rise, hadde på førehand slått og rydda markane slik at dei oppmøtte kunne sitje på plenen framføre huset.
Ulstein historielag har på nettsidene opparbeid ei stor samling av gamle bilde. Bilda er nytta i høve artiklar. Stor takk til alle som har bidrege med bilde.
Redaksjonsnemnda i Levd liv har leita fram nokre hundreårsminne. Minna vi har leita fram er små og store hendingar i Ulsteinsamfunnet. Kva hende i 1923? Ute i den store verda har vulkanen Etna utbrot og 60 000 blir heimlause, Tyrkia blir republikk og nyheitsmagasinet Time kjem ut med sitt første nummer. I Noreg vert Norges Kommunistiske Parti stifta.
Julemøtet i 2023 for Ulstein historielag blei halde i den gamle kraftstasjonen i Ulsteindalen torsdag 23. november. Ulstein Mannskor opptredde. Og sjølv om fleire av medlemmane i koret ikkje kunne møte, gav den utrulege akustikken i kraftverksbygget ein fyldig klang.
Trudi Eikrem fortalde om klippfisken sin plass i portugisisk matkultur. Johan Ottesen fortalde om då Ulstein vart elektrifisert.
Videoen er filma og redigert av Åge Andre Breivik.
I år fyller Ulstein Sanitetsforening 110 år. Det var Fredrikke Marie Qvam som tok initiativet til å starte opp Norske Kvinners Sanitetsforening i 1896. Ho engasjerte seg sterkt i arbeidet for å betre helsestellet og levevilkåra for fattige og sjuke. Opptaket til saniteten i Ulstein hende 30. mars 1912.
Vi har henta fram nokre bilde mellom 1900 og 1920. Ulsteinsamfunnet var i stor endring desse to tiåra. Fleire av institusjonane og bygningane som blei reist på denne tida er framleis viktig for lokalsamfunnet vårt.
Denne artikkelen er eit utdrag av årsrapporten for Ulstein kommune som sekretær Asbjørn Waage skreiv i 1961, datert 6. juni. Rapporten tok for seg liv og levnad for kommunen og femna alt frå administrasjon til finans. Vi har gjort eit utval. I 1960 er Eiksund krins ikkje ein del av Ulstein kommune – det blei dei først i 1964.
Framveksten av det moderne Ulstein skal først og fremst handle om frå då kommunen skaut fart og fekk eit markert regionssenter i Ulsteinvik. Ulstein veks fram er eit større prosjektet med både bok og nettside.
25. september 2022 gjekk fyrste del av sentrumsvandringa i Ulsteinvik. Det starta ved Sjøborg kulturhus og enda ved Blåhuset. 7. mai heldt vandringa fram frå Petterbakken til Geileneset. Her er videon frå vandringa 25. september 2022.
Videon er filma og redigert av Åge Andre Breivik.
I år er det 10 år sidan dei siste og avgjerande vedtaka i den såkalla «Trekantsaka» i Ulstein, eller «Tre-i-eitt»-prosjektet som saka oftast er kalla i kommunale dokument. Kven fekk ideen? Når kom saka aviser og publikum for øyre? Når gjorde kommunestyret dei viktigaste vedtaka? Kvifor vart Trekantsaka så avgjerande for utviklinga i Ulsteinvik?
Ulstein historielag gjer ein viktig innsats for lokalsamfunnet, storsamfunnet og komande generasjonar. Ved å bli medlem i historielaget tek du vare på fortellinga om Ulsteinsamfunnet:
Ulstein Historielag har som føremål å skape interesse for og innsikt i vår lokale historie. Laget skal arbeide for å auke kunnskapen om vår lokale kulturarv, og arbeide for å ta vare på kulturminna i bygdene våre.
Nettsida til Ulstein historielag er i stadig utvikling. Nye funksjonar vert lagt til, feil blir retta og ulike funksjonalitetar vert utbetra. Det store arbeidet ligg i at nettsida blir kontinuerleg oppdatert med nye historiske artiklar. Det er eit stort og omfattande arbeid som vert gjort.
Ulstein Historielag har som føremål å skape interesse for og innsikt i vår lokale historie. Laget skal arbeide for å auke kunnskapen om vår lokale kulturarv, og arbeide for å ta vare på kulturminna i bygdene våre.