Når fisken var utvaska, var det å begynne på vårvinnå. Fyrst å køyre utover tad på åker og eng. Me ungane måtte vere med på alt arbeid. Me lesste gjødsel i lag med bestefar. Far køyrde. Me brukte tvo sledar, so me lesste opp i ein, medan den andre vart køyrd vekk og tømd. Det var viss regel kor mange lass som skulle køyrast på kvar åker. Det var tvo dunga i kvart lass. Lagt på rad som eit perleband. Dei kalla det ”å rade”. Fyrst køyrde dei på havreåkrane, for havren ha lengste vekst-tida og skulle fyrst i jorda. Når gjødsla var køyrd på, skulle den spreidast jamt og fint, og so var det å pløgje.

Det var ikkje berre mann og hest, skal tru. Minst tre menneske på fòra og slette. Det vil segje – jamne åkeren og plukke vekk alle ugrasrøter. Det var eit keidsamt arbeid – store åkra som me hadde. Ik- kje var det råd å fuske. Åkeren skulle vere slett og fin og ikkje ei trøskerot att. Røtene måtte me forresten ta med når me gjekk heim til måls. Dei skulle kyrne ha.

Når so ”åkeren breidde seg svart og varm, og bonden gjekk med bytte på arm og strødde ut det skinande sæde”, då var me nøgde med velgjort arbeid. Dei sådde alltid om morgonen før sola kom, for ikkje å verte blinda. Eg synest eg ser for meg dei fine vårmorgonane eg såg ut gjennom glaset. Far gjekk og sådde, bestefar kom etter og horva, og fullt av fugl som skravla og gol – og skulle lura seg til eit korn i ny og næ. Når havra var i jorda, stod byggen for tur, men me ha mindre av den, so me syntest det verste var gjort når me kom so langt. Innimillom gjødsla me marka. So var det ei kjærkoma avbrøyte i ykta å legge utover fisken. Me begynde tidleg på dag med utearbeid. Vaksnefolket stod upp kl. 6. Me ungane fekk ligge lenger, men me måtte no helst vere på arbeid kl. 8. Kl. ½ 9 var det me-morgå. Når den var eten, var det ned på mòla, når vêret var til det. So klokkå kunne verte både 10 og ½ 11 før me kom på arbeid att. Då vart ikkje ykta so lang til middag kl. 12. Middagskvilda var til kl. 2, so då var me fri etter me hadde vaska upp. Men nåde oss viss me ikkje var på plass når arbeidet tok til att. Viss me hadde fisken utover, heldt me non kl. ½ 5 – so var det på mòla att. Siste ykta var ofte lang, me var trøytte. Men far var so flink å oppmuntre oss. Fortalde eitkvart– eller song. Eller sa at no skulle me pløgje so og so mange fòre, so var me fri. Kveldsgrauten smaka godt når me kom i hus – og ingen vanske å få oss i seng.

Det siste som skulle i jorda, var potetene. So var det å rydje og få markene reine. Til vanleg var det meste av vårarbeidet unnagjort til 17. mai. Då var sauene jaga av bøen òg. Kyrne stod inne noke lenger. Det var sjeldan dei var ute før sist i mai. Vart kjerringane lodalause før, vart det halde for styringsløyse.

No var det torvspadinga som stod for tur. Me spadde mesteparten på heimebøen. Ei 2–3 dags-spading på Gòtå, resten heime. Men det var ikkje so lite som skulle til åt tvo hus. Bestefar hadde tridjeparten. Det vart delt på den måten at me køyrde tvo lasstil vår skjå og eitt til bestefar sin, når torvet var turt. Det var gode, djupe torvmyra på Flø, men svært mykje store røter, som det var mykje stræv med å få lause. Dei vart nedkøyrde til husa og saga og hogge sund ved høve. Det var svært god brensel.

Torvet spadde dei i benk, som dei sa. Spadde av grastorva i passe breidd, dvs. torvlengda. So spadde dei av den benken heilt ned på grunnen. Torva vart køyrd eller trilla bort på turre holar og lagd til turk. Det var kvinnfolka og ungane sitt arbeid. Når det var passe turt, vart det sett i hus til det var ferdig turka. Me måtte helst få det i hus før slåtten. Det vart godt løda og stabla i skjåen. Stundom var det so rikeleg at me laga ein ”stakk”, dvs. eit rundt lad utfor skjådøra. Det som var på Gòtå, hadde me i ei krå i vårfjøset.