– Julius Ulstein; litt om idretten i din ungdom fram til Hødd vart skipa. Du er 92 år no og kan fortelje korleis det var.

Slik startar eit unikt bandopptak som Hans Gisle Holstad tok opp med Julius Ulstein i 1977. Julius Ulstein var fødd i 1885 og var svært idretts- interessert heile livet. Han vart 102 år gamal. Her har vi redigert det som kom fram i samtalen om idretten i Ulstein i tida fram til Hødd vart skipa:

– Du vart fødd i 1855. Var det idrettsarbeid i Ulstein då?

Nei, det var det ikkje. Men eg hugsar i min oppvekst så var her enkelte som hadde litt interesse for idrett. Og det skriv seg mykje frå mor-slekta mi her på «Solabergjet», der var ikkje mindre enn seks gutar som voks opp, og det kan eg seie at der var litt av nokre kjemper, alle seks. Og det som den tida interesserte oss gutungane var «kven som var sterk».

Vi fann store steinar som vi lyfte på. Hans Saunes, onkel Hans, bror hennar mor, var det sagt om at han var den sterkaste mann i Ulstein. Var på eksis på Nordfjordeid, og det var ein årleg ting der nede når rekruttskulen var ferdig og dei venta på linja som kom inn: den søndagen var det ein konkurranse mellom nordfjordingar og sunnmøringar: taudraging. Det året Hans var der var også Laurits Fjelle der. Og det var så å seie det einaste året sunnmøringane vann taudraginga. Hugsar ikkje kva år. Det var i forrige århundre. Nokre få år før hundreårsskiftet.

Så var der ein Olav Svendsen på Ulstein som var halden for å vere den sterkaste der ute. Interessa for sann styrkeprøve var særleg framherskande i denne familien her på «Solabergjet». Kvar det skreiv seg frå: – sikkert uta Skeide. Bestemora mi her på Osnes, ho var uta Skeide, ta’ Bønå og der hadde ho ein bror som heitte Kristen Skeide. Far deira heitte Knut og han hadde ein son som visstnok også heitte Knut. Og det var ein store, sterke kraftige gutunge! Faren var så glad ‘ta dinna gutsona sinnj’, at han var so sterke.

Men det fyl dinna slekta. Eg kan nemne berre det at ho bestemor hadde seks sæner og alle var interesserte i idrett. Ei døtte som vart gift inni Dimninje, ho heitte Andrine og ho hadde ei døtte som vart gift inni Ertesvåga. Og alle Ertesvåg-gutane som vart med i Hødd og vart berande krefter. Han Jon og alle. Det var dinnja slekta. Og dei høyrer til dinnje slekta: Leiv Saunes, Hogne Saunes, Karsten Saunes, sønene hans Hans, Sundalgutane, døttesønane hans Nils, morbror Nils. Og utpå Hasund, han Kjetil og Hallbjørn, dei var sænene til ho tante Luffa, her frå «Solabergja». Og han Åge Hareide, mora hans er ta’ Hasund, same slekta. Uta
«Solabergja», uta Skeide, altså.

– Interessa for vektløfting, fekk dei den i det militære?

Nei, det var slik so var i bygdene. Interesse so va’.

– Kva andre idrettsaktivitetar var her?

Ikkje noko anna då. I 1908 var eg på ei militærøving. Og for min del hadde eg interesse av idretten. Den einaste av våre, vi var seks brør vi også. Dei andre var ikkje så særleg. Ja, han Hans var litt med på turn.

– Var her turnaktivitet?

Ja, han Gustav Osnes var i Voldinnje og lærde seg til fotograf og der var det turnforening. Der var han med. Så kom han til Vik, det var etter hundre-årsskiftet.