Jon Gjerde

2 treff

Underteikna har blitt oppmoda om å skrive litt om oppdrettsanlegget “Straumen” som far vår, Bjarne Gjerde, dreiv i Straumen frå 1958 til 1968.

Når det gjeld fakta rundt dette, viser eg til ein søknad om reetablering av nedlagde anlegg som er innstempla til Ulstein kommune, formannskapet 14. august 1985 (sjå sist i denne artikkelen), og til ein artikkel i Vikebladet/Vestposten 14. august 1990. Mitt bidrag blir personleg. Eg prøver å hugse tilbake, og tar med laust og fast av minne frå denne tida som både var spennande og lærerik på så mange måtar.

Fotballminne frå skuleplassen ved Hasund skule

Underteikna er oppvaksen på Sundgot, like ved Hasund skule og skuleplassen. Plassen eller grusbana var ca. 60 m lang, 25–30 m brei og med ein murvegg på den eine kortsida. Det var også låge murkantar på langsidene. Merkeleg mange av dei som har hundrevis av kampar for Hødd frå før 1960 og utover, kjem frå denne skulekrinsen og har drøssevis av minne og opplevingar frå skuleplassen. Ikkje berre fordi dei var elevar ved skulen og sparka fotball i alle friminutt, men kanskje mest fordi dette var samlingsplassen for ungar og ungdom på ettermiddags og kveldstid, og i fritida når det var helg eller helgedagar. Frå mi tid kan eg nemne spelarar i fleng med ei lang fartstid i Hødd: Steinar Hasund, Jostein Hasund, Hallbjørn Hasund, Kjetil Hasund, Jon Gjerde, Inge Gjerde, Martin Roald, Kåre Våge, Otto Sundgot, Roar Breivik, Audun Wingsternes og fleire som er yngre. Eg har spelt fotballkampar for Hødd i lag med nesten alle desse, men ikkje samtidig. Kjetil Hasund er nok den som har spelt i lag med dei fleste, sidan han spelte på Hødd sitt lag lenge etter at eg hadde slutta.