Underteikna har blitt oppmoda om å skrive litt om oppdrettsanlegget «Straumen» som far vår, Bjarne Gjerde, dreiv i Straumen frå 1958 til 1968.
Når det gjeld fakta rundt dette, viser eg til ein søknad om reetablering av nedlagde anlegg som er innstempla til Ulstein kommune, formannskapet 14. august 1985 (sjå sist i denne artikkelen), og til ein artikkel i Vikebladet/Vestposten 14. august 1990. Mitt bidrag blir personleg. Eg prøver å hugse tilbake, og tar med laust og fast av minne frå denne tida som både var spennande og lærerik på så mange måtar.
Han var fødd i Gjerdsvika i Sande kommune 23.08.1913. Bjarne tok til som fiskar i ung alder. Då han var 27 år gammal, gifte han seg med Ingrid f. Sundgot. Han budde ei tid på Nautøya der han drev eit lite gardsbruk, Loddhaugen, samtidig som han arbeidde på Notøy Trevarefabrikk. I perioder var han med lastebåten «Leif Erikson» som gjekk i fraktfart mellom Bergen og Ålesund. Kort tid etter krigen bygde han seg hus på heimegarden til kona Ingrid og arbeidde som snikkar hos Bringsvor og seinare på Ulstein mekaniske, fram til han fekk hjarteproblem og slutta. Han døydde 26.04.1982 berre 68 år gammal.