Nils Grønmyr

1 treff

Nils Grønmyr, fødd 09.03.1910 og død 26.06.1995, budde heile sitt liv på heimegarden Osneslegane i Ulstein. Han var i heile sitt yrkesaktive liv kontormann, først ved Hatlø Verksted og seinare ved Ulstein kom. El-verk.

Han var ein ekte bygdepatriot og levande interessert i idrettslaget Hødd. Sonen Arthur har skrive av artikkelen om faren. Teksta er henta frå heftet om Grønmyrslekta i Ulstein (gnr. 7, bnr. 8). Asbjørg Hasund Grønmyr har samla stoffet i dette heftet.

Det var vel på hausten 1941 at avgjerda om at alle radiomottakarar i Noreg skulle innleverast, og frå då av var det straffbart å ha apparat og å skaffe nytt utanom det ein fekk ved å lese den tysk-kontrollerte pressa.

Dette var ”harde bod” på minst to måtar: Vi hadde på den tid 2 apparat på Legene: Ein liten såkalla Folkemottakar innkjøpt ca 1934, pris kr 120,-.  Første apparatet på garden. Dessutan hadde eg eit ”Tungsram”-apparat, kjøpt i 1938 frå Holen Radio, Ålesund, brukt, men reparert, pris kr. 200,- + kr 50,- for innebygd fiskeribølge. Det var hardt å måtte levere dette frå seg, alle rekna med at alle som eitt ville gå beinvegen til Tyskland. Alle apparat her var registrerte ved Televerket i Volda. Alle visste at tyskertane tok dugeleg i når dei kom over ein ”syndar”,  og avsto heller ikkje å la det gå utover familien. Eg torde difor ikkje anna enn (med tungt hjarte) å pakke apparatet i ei høveleg trekasse og levere det inn.