Hausten 1972 slår ei avis som Sunnmøre Arbeideravis fast i eit spesialbilag om kommunen at det er ingen ting i horisonten som tilseier at veksten i Ulstein vil stoppe. Kommunen står framfor mange og store utbyggingsoppgåver. Samtidig er veksten avhengig av god og planmessig styring.

På det nye rådhuset møter SA to nøkkelpersonar for det som held på å skje i Ulstein desse åra, kommuneingeniør Bjarne Reite (t.v) og kontorsjef Asbjørn Waage. Førstnemnde er innflyttar frå Herøy, Waage er ulsteining i sjel og sinn. I ettertid veit vi at det framsynte planarbeidet til denne duoen la eit viktig grunnlag for den tettstadutviklinga Ulsteinvik har hatt til denne dag. Ein viktig del av arbeidet deira var å syte for at kommunen fekk hand om store tomteareal i åra som kom.