Kultur

Alice starta i Ulsteinvik i 1978. Ståle Rasmussen (f. 1957) var akkurat ferdig med militæret. Det same var den like musikkinteresserte kompisen, Ronny Jakobsen. Ståle spelte gitar og song. I tillegg skreiv han eigne songar.

Kultur

252 treff

Oshaugen er det største arkeologiske kulturminnet i Ulstein kommune, og mange vil kanskje leggje til at det er det mest storslagne også. Gravrøysa ligg høgt og fritt til på eit høgdedrag ved Osnessanden og med godt utsyn over skipsleia vest for Ulsteinvik. Fagfolk er usikre på kor gamal røysa er. Nokre meiner ho kan vere frå yngre bronsealder, andre frå eldre jarnalder (ca. 1000 f.Kr. – 400 e.Kr.). Generasjon etter generasjon har dermed levd og virka ved sida av Oshaugen. Denne artikkelen handlar om spora etter desse menneska.

Mine foreldre Marius og Kornelia vaks opp i ei tid der det viktigaste var å ha pengar til mat og klede. Ein sykkel var også god å ha for å kome seg på arbeid og for å utføre andre ærend, og færingen var ein viktig del av kvardagen til både fiskeri og ærend til ”Vik”.

Med den mangelen på mat og klede som etter kvart rådde i krigsåra, vart kvinnene stilte på store prøver. Det gjaldt å vere oppfinnsam når ein skulle få den vesle maten som ein hadde greidd å skaffe, til å vekse på matbordet og mette dei svoltne munnar. Mykje av slitet til kvinnene viser det lite og ingen ting att av. Kleda dei sydde om – og om igjen, vart til slutt så utslitne at fillene ikkje lenger var verdt å samle på. Men kvinnene måtte ofte stå på frå morgon til kveld.

I boka Hundre år – Hundre personar i Ulstein skriv redaktør Asle Geir Widnes Johansen at for Magne Grimstad sr. var speidararbeidet eit kall. Mykje tid gjekk med, og til heimen hans kom alle som skulle ta prøver og få rettleiing. Han var og med og arrangerte ei rekke leirar og samlingar, men då kona Marta døydde i 1969, miste han både lyst og kraft for ei tid. I denne boka vert Magne Grimstad sr. heidra for lang og tru teneste knytt til speiararbeidet.

Eg vaks opp i ei tid då “verda” var der eg budde. Verda var i “min veg”. På denne tida kjende alle alle. denne tida var dei fleste på fornamn med kvarandre. Det var berre nokre få det vart brukt etternamn på når vi snakka til eller om dei. Det var ei tid då somrane var lange og varme. Det var ei tid då snøen og dei islagde vatna kom fort og forsvann like fort.

Eg stend og sagar sund ein gamal færing som har stått i naustet vårt i mange år. Ein gamal slitar som har tent ein veglaust småbrukar- og fiskarheim. Der er sovisst ikkje noko romantisk over ein slik båt. Men tankane byrjar å arbeide hjå meg om å skrive ned nokre minne frå ca. 60 år attende. Han er om lag jamgamal med meg.

Ringstaddalen ligg i retning sydvest- nordaust og åpner seg ned mot Haddal, og endar fram mot Løkeberget som stenger i nord. Ved foten av Løkeberget ligg garden Løset, og avstanden frå Haddal til Løset er vel 4 km. I fremre av enden av dalen ligg eit kryssande dalføre som går framover mot Fjelle, og der vegen går vidare over Brekkene og ned mot Hareidseidet. Nedanfor Løset ligg Løsetvatnet der utlaupet er kjelde til elva som renn gjennom dalen.

Den 9. april 1940 var nokre karar på Hofset i Ulstein i ferd med å legge nytt nevertak på eit hus; dei såg ut Ulsteinfjorden mot Vattøya og til havs. Dei oppdaga ein flåte sigande inn fjorden; fiskarar som følgde vårsilda. Knut Eikrem var om bord i MB Hod av Ulsteinvik. Klokka sju om morgonen skulle dei til å kaste. I det bestmannen skulle gi ordren «lat nota gå!», kom skipperen ut frå bestikken: – Ikkje kast, Noreg er i krig. Fleire båtar som var i ferd med å håve inn frå store steng, slutta av og sleppte resten. Karane på Hofset-taket vart mållause då dei såg flåten setje stimen opp og forlate feltet.

Kring 1935 er det framleis nokre tvangsauksjonar, men dei synest å vere minkande. Enno søkjer folk om ettergiving av skatt og nedsetjing av rente, framleis må familiefedrar dra på naudsarbeid. Men det merkast ein snunad. Ein forsmak på dette finn vi i Vikebladet 8. september 1933. Då melder avisa om at dei mekaniske verkstadene i Ulstein no ei tid har hatt mykje arbeid både med ishavsskuter, damp- og motorbåtar. I det heile har det vore jamnare og betre om arbeid enn i 1932. Også møbelfabrikkane har fullt opp å gjere og har dei siste vekene teke inn fleire nye folk. I september byrjar Ulsteinvik Møbel & Trevarefabrikk å gå to skift, dag og natt. Det er særleg leveransar til Bergen og Oslo som gjer dette nødvendig. Totalt har fabrikken 20 mann i arbeid.

Herøysoga fortel at ho som vart kalla Nesje-Ælina, var innskriva i kyrkjeboka med namnet Anne Eline Johannesdotter Myklebust. Ho var opphavleg frå Vartdal, fødd i 1835 og døydde i 1890. Då hadde ho vore enkje i 17 år. Ho gifta seg i 1858 med Rasmus Sjurson Måløy, som var 2 år yngre. Rasmus selde garden sin i Måløya ved Jøsok for å flytte til Havågneset i Eiksund og sette seg opp eit hus der.

Fet etter menneske

I huset som stod på hustufta på Løset som eg skriv om, budde det menneske gjennom to hundreår, kor mange som var innom på fjellgarden der, er som å telje kor mange bier og humler som er innom ein sommarblome.

Ole Larsen hadde i om lag to år leigt røykeriet til Ludvik Moldskred i Haddal då han bestemte seg for å utvide drifta hausten 1935. No hadde han kjøpt tomt til eit nytt røykeri i forlenginga av bygget til Moldskred. I bygget skulle det setjast inn seks omnar. Til saman hadde røykeria til Larsen no 14 omnar. Han selde også klippfisk. Det nye røykeriet ville ha arbeid til fem-seks mann. Då Vikebladet skreiv om saka, hadde Larsen ikkje mindre enn 100 tonn sild som venta på røyk.

I januar 1932 har «ein fiskar» eit innlegg i Vikebladet, der han tek opp det urettvise i at enkelte med tilsynelatande god økonomi ikkje betaler skatt: – Me treng ikkje gå lenger enn til siste likning. Her står handelsmenn, handelsbetjent, telefonbetjent, skipsreiarar, skipperar og hotelleigar med null i inntekt og sjølvsagt då null i skatt. Kva seier de om ei slik likning? Men sjå så på ein stakkars fiskar eller arbeidar. Dei har frå 100 til 200 kroner i skatt endå dei har ein stor barneflokk som dei skal forsørgje, og kanskje sit trongt i det på mange måtar.

Alt i Vikebladet 14. juni 1945 kan folk lese at dei mekaniske verkstadene i Ulstein har mykje å stå i om dagen. Om lag 40 fartøy står på land eller ligg ved kaiene til dei to verkstadene på Osnes. Det er rutebåtar, fraktebåtar, selfangarar, havfiskefartøy og motorbåtar. Der hadde også kome nokre båtar som hadde vore i tysk teneste og som skulle avvæpnast. Fleire slike var ventande dei første dagane. Pågangen på verfta var så stor at dei var nøydde til å prioritere stramt. Arbeidsstokken ved Ulstein hadde vakse frå 3-4 det første året til rundt 50 i 1947. Ulstein er no den største verksemda i kommunen der ein privatmann åleine var eigar. Martin Ulstein var vel omtykt både som gründer, eigar og politikar. Han døde altså brått i 1948. Den ombygde selfangaren Brandal, reparert etter øydeleggingar under krigen, gjekk prøvetur frå Hatlø i starten av mars i 1947. Han vart rekna som den mest moderne selfangstskuta til då.

Barndom og ungdom

Olav vart fødd 17.03. 1921 i Ulsteinvik. Foreldra var Sina og Julius Ulstein. Olav var den tredje av seks born, fire gutar og to jenter. Ola, som han vart kalla, var den som alltid skulle prøve ut nye idear.  Han var ein våghals, full av energi og uro. “På- fynstre”, sa far.

Våren 1931 vart mor innlagd på Kysthospitalet i Stavern med tuberkulose. Ho vart verande der i to år. I denne tida, og sidan periodevis, budde Ola hos ulike onklar og tanter. Kanskje var dette omflakkande tilværet i barndommen, og engstelsen for mor, ei årsak til uroa han hadde i seg.

Denne artikkelen blei skriven av Knut J. Hasund i 1965.

Vi har valt å halde på den skrivemåten som han sjølv brukte då han skreiv dette.

Posten i Ulstein er no flytt inn i Fannemel sitt nybygde hus ved haldeplassen i Ulsteinvik. Det kan då vere grunn til å sjå litt attende på tilhøva for posten her i Ulstein i farne tider. Det høver og sa at det no er om lag 150 år sidan her vart postopneri i Ulstein, og eg skal freista å gjeva eit lite attersyn over tilhøva for posten i desse farne åra. Der er mykje som hev endra seg i denne tida frå at posten kom og gikk til og frå Ulstein ein gong for veka, ikkje eit visst klokkeslett eller ein viss dag. Det laut vera etter som det høvde med vera. No kjem posten ei viss tid kvar yrkedag og vert boren rundt kvar dag til mest alle som soknar til postopneriet i Ulsteinvik. Slik var det ikkje før. Her lever enno mange som hugsar at postopnaren tok med seg posten til kyrkja preikesundagane. Etter preika steig han oppå ein stein ved innste kykjegardsporten og las opp posten så folket som stod kringom fekk med seg posten heimatt.

Frå 1. januar 1957 vart ordninga med “skatt av årets inntekt” sett i verk. Dette var vel, etter mi meining, ei god ordning for dei fleste skattytarane.

I 1814 var det berre nokre få såkalla lærde skular her i landet. Det var rett nok katedralskular i dei fire største byane og «borgarskular» i tre av dei. Og landet hadde fått sitt eige universitet året før. Først i 1861-åra kom det til og med borgarskule i Ålesund. Men i praksis var desse skulane ikkje aktuelle for ungdom frå Ulstein.

Gjennom dei 250 åra vi skal ta føre oss, er det ikkje tvil om at oppvekstvilkåra har endra seg dramatisk – i vår kommune, som i resten av Europa. Dei livsvilkåra som rådde i byrjinga på 1700-talet kan best samanli­knast med dei vi i dag kan finne på landsbygda i dei fattigaste u-landa. Oppvekstvilkåra var så annleis enn dei vår generasjon lever under, at det vil vere naudsynt å teikne eit bilete av kvardagen for born i Ulstein for å kunne skjøne rammevilkåra for skulen og kva skulen fekk å seie for samfunnsutviklinga.

Ulstein sokn har mange utkan­tar og det er eit faktum at uli­ke former for lagsaktiviteter stort sett har vore konsentrert i sentrums­krinsen.

Når det gjeld indremisjonen var Hansteen ein av dei som såg verdien i å spreie verksemda geografisk. I for­mannstida hans – siste halvdelen av 90-åra – vart møta systematisk fordelte. Kom det ein emissær til bygda vart det tillyst møte i alle høve i dei fire viktigaste krinsane. Det var også rett ofte emis­særmøte både på Hatløya og Vattøya, og presten fordelte bibeltimane sine med ein eller to i kvar krins.