Fotograf Olaf Storegjerde hadde sitt virke på Søre Sunnmøre og i Nordfjord i ein periode på over 50 år, frå omkring 1904 til 1957. Fotoarkivet etter han representerer eit stort og verdfullt fotohistorisk materiale over dette området. Samlinga omfattar over 7000 bilete med eit overveldande mangfald i motiv som dokumenterer nær sagt alle område i samfunnslivet. Mange av bileta representerer fotografiets tidlege historie i vår del av verda. Dei eldste bileta i samlinga er frå Trondheim, datert 1903, og frå Ålesund i tida rett etter brannen i 1904. Dei siste bileta er frå 1957 – då Storegjerde mellom anna fotograferte konfirmantkullet i Ulsteinvik.
Olaf Storegjerde var ikkje først og fremst ein studiofotograf som tok imot kundane i sitt faste atelier. Han gjorde det også, men verksemda hans var i stor grad oppsøkande. Han var stadig på reisefot med båten sin, til fots eller på sykkel. Ville han på jakt etter eit spesielt motiv, var han ikkje redd for å legge i veg. Folk sende bod etter han, men ofte kom han ubedd for å fotografere ei spesiell hending. Så vart han gjerne sentrum for hendinga, reine seremonimeisteren under høgdepunkt i bygdemiljøet.
Kven var han eigentleg, denne pioneren? Den 5. desember 1879 kom han til verda som den tredje av sju sysken på garden Stauregjerde i Hallebygda, halvannan kilometer vest for Larsnes i Sande kommune. Foreldra var Knut Storegjerde og Anne Eline Sivertsdotter, fødd Halle. Eldste broren var den kjende byggmeisteren Sivert Storegjerde, som tok utdanninga si i Stockholm og som ei tid arbeidde i Trondheim. Han bygde mellom anna kyrkjene i Gursken og på Åram og reiste ei rekke bustadhus omkring i bygdene. Den andre i rekkje av sysken, Johan, reiste til Amerika og var der lenge, før han kom heim og vart gardbrukar i Hallebygda. Bror nummer fire i denne gåverike familien, Matias Gerhard, vart lærar og organist. Den eldste systera som var fødd som nummer fem i syskenrekkja, Marie, døydde ung. Det same gjorde sistemann, Ludvig. Medan den yngste systera, Anna Kornelia – nummer seks i syskenflokken, stelte for den ugifte fotografbroren sin også etter at han flytte til Holsekerdalen i Ulsteinvik i 1940.
Opphavleg var Hallebygda eitt gardsområde. Nupen og Kråa vart utskilde som sjølvstendige gardar omkring 1500, Stauregjerde omkring 1650. Såleis har det truleg vore drive gardsbruk på Stauregjerde sidan 1600-talet. Garden vart etter kvart delt i fire bruk. Hus og løer låg heilt oppunder utmarksgrensa, og innmark og åkrar låg i bratt terreng. Men der var solfylt, og varmekjære treslag som osp og hassel treivst i bakkane kring gardane. Hyll var det “i alle tun” på den tida. Det vert fortalt at ospetrea stamma frå Hornindal. Dei kom med ei kvinne som gifte seg til Stauregjerde. Dei grove dimensjonane på desse trea gjorde dei ideelle til reisverk for løebygg. I dag står ospetrea der store og ranke – omkring 100 år gamle. Framleis ber dei lauv. Løa til Knut Storegjerde var mellom dei meir avanserte frå 1800-talet – med mellom anna gjødselkjellar. Her låg gardstunet høgt, fritt og lyst. Namnet Stauregjerde kom truleg av at området hadde lite stein på grunn av myrane. Difor nytta ein staur i staden for steingjerde – som var det vanlege mange stader. Slektsnamnet vart skrive Storegjerde i ulike variantar, truleg heilt attende til dansketida.
På strandflata nedanfor bruka mot sjøen var det myr. Det var to hovudgrunnar til at myrane ikkje vart dyrka. For det første gav dei viktig brensel gjennom utvinning av torv i ei tid då det ikkje fanst særleg med tre og skog i området. Dessutan kunne ein lite om korleis myrar skulle drenerast og dyrkast. Jord til korndyrking var det viktigaste på eit bruk, og då Olaf voks opp, hadde faren fleire kornåkrar. I bakkane var det tidleg vår og nokså frodig.
Truleg kombinerte han gardsdrifta med småfiske, og heilt skralt økonomisk kunne det ikkje ha vore – ettersom tre av gutane fekk seg utdanning.