Hjelp oss å ta vare på fortellinga om Ulstein

Dette er ein open artikkel. Om du ynskjer å lese dei andre artiklane om grunnskulen i Ulstein og alle andre artiklar på nettsida, må du bli PlussMedlem. I tillegg får du årets utgåve av Levd liv. Og som ny medlem får du ein kalendar med bilde frå alle krinsane. Bli medlem i Ulstein historielag!

 

Artiklane om grunnskulen er henta frå boka “Grunnskulen i Ulstein gjennom 250 år” og handlar om nokre av dei viktigaste stega som førde oss dit vi står i dag – frå underutvikling, analfabetisme, låg levealder og djup fattigdom, til eit velferdssamfunn bygd på evna til å tileigne seg og omsetje kunnskap. Det er enorme skilnadar på Ulstein slik lokalsamfunnet var i 1739 og slik Ulstein framstår i dag. Dei vi først bør takke, er dei av forfedrane våre som trudde på folkeopplysning og betre skule. 

Bøndene, lærarane og prestane i Ulstein på 1800- talet var pionerar og plasserte bygda vår mellom dei fremste av Sunnmørsbygdene. Ulsteiningane var ini­tiativrike og raske til å gripe nye idear. Den sterke innverknaden frå Hauge-rørsla og seinare frå grundtvi­gianismen fekk utan tvil mykje å seie – også for utviklinga i skulen. 

Boka set skulen i Ulstein inn i den store samanhen­gen. Lokalsoge og rikssoge heng ihop. Sjølv om det var langt til Stortinget i Kristiania og endå lenger til kongen i København, så var det der lovene kom frå. Og det var gjennom lov at styresmaktene dreiv utviklinga fram. 

Det har vore naudsynt å gjere ei geografisk avgren­sing i samband med dette arbeidet. Av omsyn til den lange tidsbolken og det store stofftilfanget, er framstil­linga konsentrert om Ulstein kommune, slik kommu­negrensene går i dag. Sjølv om Eiksund vart innlemma i Ulstein først i 1964, har eg prøvd å handsame denne krinsen på line med dei andre. Når Ulstein er omtala før reguleringa av kommunegrensene, er det likevel snakk om Ulstein sokn og i einskilde høve heile prestegjeldet eller heradet.

Eg har prøvd å skrive minst mogeleg om dei økonomiske og administrative sidene ved skulen og skuledrifta. Ein vil ikkje finne så mykje om arbeidet i skulekommisjonen eller skulestyret heller. I staden har eg lagt vekt på innhaldet skulen – dei meir ideologiske og kulturelle sidene. Det er også desse sidene eg har ynskt å illustrere og levandegjere. 

Tidsrammene eg har hatt å halde meg til, ga meg ikkje mange vekene til å skrive. Difor har arbeidet kanskje blitt litt meir journalistikk, enn eigentleg historiegransking. I tillegg til primærkjeldene, har eg hatt god hjelp av framstillingar som eg held for rimeleg pålitelege. Ei særleg takk til Einar Ness. Boka hans, DET VAR EN GANG, har gitt meg mange innfalls­vinklar. 

Heile vegen er det mange som har hjelpt til med å skaffe fram det materialet som var naudsynt for å lage denne boka. Ei særleg takk til elevane som har intervjua foreldre og besteforeldre, lærarar som har lese igjennom og laga samandrag av krinsprotokollar og til Johan Ottesen for hjelp med ein del av bilet­materialet. Eg vil også nemne skulekontoret. Elles er det svært mange som har levert brikker til puslespelet – både einskildinformasjonar, kjeldemateriale og illu­strasjonar.