Overgangen frå sjø til land vart etter kvart både motto og arbeidsprogram for kyststrøka. Det betydde opprusting av vegnettet, fleire og betre bussruter – og ikkje minst fleire og betre ferjeruter. I 1949 kom sjøbussen Hjørungavåg som ein revolusjon til Sunnmøre og våre grender. Men i løpet av 1950-talet gjekk utviklinga forbi passasjerbåtar av denne typen. Det nye som folk hadde helst velkome med salutt nokre år etter krigen, var ti år seinare forelda. No var det ferjene som tok over.
Først nokre ord om trafikken til øya frå sørsida: Den nye Dragsundbrua vart opna 20. februar 1953 og bilferja som skulle trafikkere mellom Ulsteinvik og Torvik, kom på plass hausten 1953. Ho kunne ta tre bilar, alternativt ein buss, og var sertifisert for 125 passasjerar. Båten var kjøpt i Bergen og var eit stor framsteg for samferdsla i distriktet.
I 1955 var det klart at trafikken mellom Torvik og Ulsteinvik hadde auka så mykje det siste året at ferja som no gjekk der, hadde blitt for lita. Ei ny og større ferje måtte til så raskt som mogleg, og ordførar Ertesvåg hadde drøfta saka med representantar for Herøy, og dei sette ned ei nemnd som skulle gå vidare med saka. Planen var å skipe eit lutlag og ta over drifta av ferja. Det var Trygve Moltubakk som dreiv den gamle ferja. Lutlaget vart konstituert hausten 1955. I juli 1957 sjøsette dei den første stålferja bygd på Sunnmøre. Torulf skulle trafikkere ruta Torvik-Ulsteinvik, og Ulstein Mek. Verksted stod for bygginga: – Torulf er ei av dei flottaste og mest moderne bilferjer i si klasse i dag, skreiv Vikebladet. Onsdag 7. august 1957 vart ferja sett i rute.
Ferja Årvik-Koparnes kom endeleg i gang sommaren 1954. Skipper Eiliv Howlid fortalde til Vikebladet at trafikken hadde vore over det dei venta.
Alt sommaren 1952 var det klart at bilferja Råna hadde fått det for travelt med trafikken frå Hareid, Frå Hausten 1954 vart det fire avgangar kvar yrkedag mellom Hareid og Ålesund, og første veka i august 1957 frakta den nye bilferja, Frydenlund, i ruta Ålesund-Hareid-Vartdal, 309 bilar. Men då vinterrutene til MRF byrja 21. september 1959, gjekk Vartdal ut som stoppestad. Frå då av gjekk ferja berre mellom Hareid og Ålesund. Trafikken mellom Ålesund og Søre Sunnmøre skulle ruta Solevåg-Festøy ta seg av. Nyordninga betydde at ferja vart liggande over i Ålesund og kunne gå første turen til Hareid klokka sju om morgonen, ein tur meir enn før kvar veg.
Laurdag 31. mai 1958 kom den første ferja til Eiksund frå Rjånes. Ferja skulle trafikkere mellom Eiksund, Rjånes og Velsvik. Ferjesambandet opplevde veksande trafikk. Resten av dette året (1958) hadde ferja frakta 500 lastebilar og bussar, 1410 personbilar og 6321 personar.
I 1958 var mjølkebåten Eikholm framleis i drift. Båten gjekk frå Ulsteinvik til Hasund og vidare utover til Hatløya og Vattøya – og så til Ålesund. No var det midt i tida for overgangen frå sjø til land. Men Eikholm klarte enno å skaffe seg ei viss inntekt på kostnad av godsrutebilane og MRF. Hatløya og Vattøya laut i båt med mjølka i alle høve, men frå Hasund kunne dei nok greie seg med bil. Dermed meinte kommunestyret at båten fekk leve ei stund til. I september 1961 kom meldinga om at Eikholm var seld. Han hadde då i mange år frakta varer og mjølk til og frå Ålesund til Ulstein-samfunnet. Båten hamna no i Brønnøysund der han skulle nyttast til rutefart og frakting av skuleborn. Vikebladet slo fast at Eikholm ville bli sakna.