Song- og musikklivet i Ulstein har rike tradisjonar. Det eldste mannskoret var 65 år i 1949 og eldste hornmusikklaget 56 år. Kommunen har no to musikkorps, tre mannskor og fleire blandakor. IL Hødd hadde 30-årsjubileum i 1949, og idrettsplassen Høddvoll var om lag like gammal. Elles har kommunen rundt 1950 mange andre lag som kvar for seg hadde oppgåver å fylle. Kommunen hadde tre ungdomshus og to bedehus, og fine lokale for møte og festar. Dessutan hadde ungdomsskulen og fleire av folkeskulane gode samlingsrom.

I mars 1953 markerte Musikklaget Ulf 60-årsjubileum. Laget hadde 24 musikantar, og Bård Larsen var dirigent. Korpset hadde kjøpt inn nye instrument etter krigen, sjølv om ikkje økonomien var så god som ønskeleg. Den første som tok initiativet til å starte det som då vart heitande Musikkforeningen Ulv i 1893, var Hans B. Osnes, og dei starta med seks instrument. Ein annan av pionerane var Enok Hasund.

Ulstein hadde eit aktivt Røde Kors-lag i åra etter krigen. I 1953 arrangerte til dømes laget såkalla Røde Kors-veke frå 5. til 20 september med eit omfattande program. På programmet stod mellom anna karneval på Høddvoll og tivoli-liknande aktivitetar som skytebane, spåkoner, leik og moro.

Den 30. august 1953 markerte kvinneforeiningane i Ulstein 100-årsjubileum med ein stor fest på bedehuset i Ulsteinvik. Anna Bjørndal var ei av dei eldste i kvinneforeiningane, og ho gav eit tilbakeblikk på arbeidet i dette lange tidsrommet, ikkje minst om pionerane frå 1800-talet. No i 1953 var det 12 kvinneforeiningar i Ulstein, i tillegg til ei jenteforeining og ei Sudan-foreining, med i alt 310 medlemer.

Ein liten kuriositet er Vi syng jula inn-arrangementa i kyrkja. Det fortel noko om kor-aktivitetane i bygda. I desember 1954 stod følgjande på programmet: Haddal blandakor, Flø blandakor, Hasund blandakor, Ulstein mannskor, Ulstein blandakor, Musikklaget Ulf og solistane Audhild Wigg og Randulf Saunes. Dessutan skulle eit felleskor i sving, og sokneprest Sverre Nilsen halde andakt.

Fellesorkesteret for Ulstein og Hareid vart starta hausten 1954. Våren etter hadde dei kome så langt at dei emna på ein konsert. I ei av avdelingane skulle Randulf Saunes vere solist. Dirigent var musikklærar i Ulstein, Leidulv Grimsmo. I alt talde orkesteret no 23 mann. Søndag 18. april debuterte orkesteret på Fredheim og kunne notere fullt hus og stor og taktfast applaus. I mai 1956 held Hareid og Ulstein Fellesorkester tre konsertar, i Ulsteinvik, på Hareid og Fiskå. Dei to konsertane på Hareidlandet var saman med Hareid Godtemplarkor, medan songaren Randulf Saunes var med til Fiskå. Fellesorkesteret er eitt av dei sju orkestra som skal møte til eit stort musikalsk arrangement i Volda i slutten av april 1959. Alt hausten 1955 dirigerte også Bård Larsen orkesteret.

Mykje av den kulturelle aktiviteten skjedde på Fredheim. I 1955 gjekk til dømes teaterstykket Isflå, skrive av Arthur Klæbo, to kveldar for i alt tre fulle hus. Det var Ulstein Røde Kors som stod som arrangør. Eit anna døme er den amerikanske fiolinisten Jeanne Mitchell som gav konsert på Fredheim i april 1956 og samla fullt hus.

I mars 1957 feira Ulstein kr. Ungdomslag 75-årsjubileum med fleire kveldsarrangement. Laurdag skipa laget til såkalla Unge heimar, der mange yngre par fann vegen til Fredheim. Sjølve jubileumsfesten vart halden søndag kveld med eit stappfullt Fredheim. Leiar i laget i jubileumsåret var Ole Lars Ulstein.

*

Den siste 17. mai-en på 1950-talet gjekk i store trekk etter det same mønsteret som hadde vorte arbeidd inn etter krigen. Rett nok sløyfa dei i 1959 for ein gongs skuld salutten, men parademusikken med flaggborg og speidarar gjekk som vanleg tidleg om morgonen. Vikebladet melde om uvanleg vakkert vårvêr og med sol frå skyfri himmel, sjølv om nordavinden kunne vere sjenerande på utsette stader. Det var Hødd som stod for arrangementet dette året. Klokka halv ti starta barnetoget og gjekk den vanlege ruta frå Haldeplassen via Reiten til Saunesbrua og vegskiftet til kyrkja. Så samla folkemengda seg på kyrkjegarden til kransing av minnesteinane. Skulestyrar Reinhard Høydal heldt talen, medan Ulstein mannskor song, og Ulf spelte til allsongen. Etterpå var det barnemøte i ei overfylt kyrkje, der lærar Otto Strand talte, og Barnekoret under leiing av Johan H. Grimstad song.

Klokka halv tre stilte folketoget opp og gjekk same ruta som barnetoget, men med skuleplassen ved folkeskulen som stemnestad. Etter defileringa der innleidde Ulf friluftsprogrammet. Birger Ulstein heldt talen. Det var også song av mannskoret og Ulstein blandakor.

Etterpå var det fotballkamp mellom maskerte personar i festlege kostymar og deretter idrettsleikar for borna. Klokka 18.30 var det festmøte i kyrkja med tale av sokneprest Bjørlykke og prolog og solosong av Johan H. Grimstad, song av blandakoret og orgelspel av Hallbjørg Hop.

*

Vi ser elles at Musikklaget Ulf stadig samlar publikum til konsertane sine utover på 1950-talet. Og i april 1960 fyller korpset Fredheim til eit festleg arrangement. Her fekk den unge Terje Eiken, som seinare skulle spele ei sentral rolle for musikklivet i bygda, sin debut som solist. Elles hadde Nils Sundal ei krevjande solistrolle. Nils Jakob Waage var konferansier.

Boksamlinga i Ulsteinvik flytta i 1955 frå Sjøborg og inn i dei nye romma i bibliotek- og realskulebygget som no var under fullføring. Her var utstyret nytt, både reolar og utlånsskranke, bord og stolar til lesesalen. På kontoret vart det dessutan skrivebord og hyller til bibliotekaren. Det nye biblioteket ville i tillegg til ein del nye bøker også få tidsskrift, aviser, blad og oppslagsverk.