Den 1. september 1955 kunne Ulstein realskule høgtide 20-årsjubileum. Det var på denne datoen i 1935 at Thorvald Bjørndal tok til med regelmessig realskule i kommunen. Men det var 25 år sidan det første gongen var realskule – eller mellomskule – i Ulstein.

Nils Kolås frå Ørsta flytta hausten 1930 den private mellomskulen sin frå Hareid til Ulstein. Ei kort tid leigde Kolås eit rom i Ulstein Hospits, men flytta så til Gerhard Ulfstein og fekk skulerom der. Skulen hadde 10-12 elevar. Kolås dreiv skulen til Bjørndal tok over. Laurdag 6. april 1956 vart det nye realskulebygget i Bjørndalsvegen formelt vigsla med flagga til topps i bygda.

I 1958 fekk det som no heitte Ulstein kommunale realskule eksamensrett, gjeldande frå skuleåret 1957/58. Skulen vart teken over av kommunen i 1954 og disponerte no mellom anna over eit moderne naturfagrom med alt nødvendig utstyr. Lærarar ved skulen var styrar Thorvald Bjørndal, Judith Bjørndal og Magne Grimstad sr.

I 1956 fekk Ole Ulstein arbeidet med å setje opp Haddal nye skule. Huset skulle stå ferdig sommaren 1957. Ulsteinvik Møbel- og Trevarefabrikk leverte alt byggjetilfang, glas, dører med meir. I slutten av november 1957 vigsla dei skulen. Det var eit innhaldsrikt program, og som det høyrde med i tida, heldt soknepresten andakt, denne gongen med utgangspunkt i Jeremias 43,3.