Mange har tenkt på at det var leitt staden som så mange minne knyter seg til frå Ulstein si historie, skulle liggje gløymd og vansteld. Bondekvinnelaget og Ulstein Rotaryklubb har gjort ein del og vil gjere meir. Utgravingane i 1974 er ein lekk i dette tiltaket.
Kyrkjerekneskapande fortel mykje forvitneleg. Ein gong skifte dei ut ein mønsås over koret på 11 alner. Om ikkej anna gjev det ei opplysning om kor langt koret var.
I området ved Hasundstraumen, både på Hasund og på Dimnøya, har der vore buplassar frå langt tilbake i tid. Dette kan vi mellom anna sjå av alle gravhaugane. I dette området hadde Hasundkarane storbåtnaust. I Storevika var der ei god styd. Eit berg ved denne styda vart kalla Åburen. Dette området er fylt att med stein i dag.
Vi som er gamle kjem igjen og igjen attende til dei voldsomme endringane som har skjedd i levekåra våre dei siste seksti, sytti åra. Og neppe på noko område er forandringane så store som når det gjeld å reise.
Mine første barndomsminne, og nokre glimt frå då Noreg var hærteke av tyskarane. Eg er fødd 19. juni 1940, så Noreg var alt under tysk kontroll då eg vart fødd. Eg vil tru at min minnehorisont er frå ca. 3 års-alderen og til eg var 5 år, altså frå 1943 til 1945. Sjølvopplevde minne frå krig set seg gjerne fast i eit barnesinn, som om det var i går.
Medan livet paa sjø og land, i hus og paa mark, i klædebunad og matstell, hev vorte umlagt og endra, so hev ogso aandslivet i mangt og mykje vorte onnorleis no enn daa vaare besteforeldre og oldeforeldre livde. Det som no set mest merke paa og styrer aandslivet ute millom folk, er vel helst den skule og den lesnad folk hev. Ser me attende til tidi kring 1800 og utyver til 1860, so finn me, at ute paa landsbygdi var dei ikkje langt framme, anten med skule eller lesnad.
Aslaug Aarkvisla (f. Saunes) peiker på ansikt etter ansikt på biletet av Heimestyrkane oppstilt utanfor folkeskulen i Ulstein i 1945. Ho kjenner igjen dei fleste og seier namna deira, sjølv om ansikta er uklare på det gamle fotoet. No er alle på biletet borte. Aslaug er ein av få som hugsar innsatsen til Heimefronten i Ulstein. Sjølv hadde ho 8 brør. Dei fire eldste var med og kjempa i krigen.