I 1931 gjekk det ei stor vekking i Ulstein-bygdene. Peder Fritz Waage (1978) meiner det kan ha vore den største vekking i kommunen nokon gong. Det er ikkje så lett å måle slikt. Vekkinga gjekk også over nabosoknet Hareid både i 1931 og 1932. Det var i første rekke sokneprest Otto Holmås som gjorde opptakten til denne vekkinga gjennom forkynninga si. Han hadde god hjelp av evangelist Andreas O. Eidså som då reiste for Sunnmøre krins av NKUF. Han kom til Ulstein som talar under den årlege, internasjonale bønneveka i Ungdomsforeininga i november 1931.
Folk strøymde til møta, og etter at bønneveka var slutt, flytta dei møta til bedehuset av plassomsyn. Ein del møte vart også haldne i kyrkja. Både unge og eldre kom flokkevis for å søkje frelse og fornying, og Eidså og Holmås heldt det gåande i over åtte veker, fortel Kristen Ulstein (1983) som legg til:
– Under vekkinga stod kristenfolket saman, og frå både indremisjon og ungdomslag vart dette framheva som positivt og gledeleg. Dei ulike arbeidslaga vart tvinga til samarbeid. I brev til styret i indremisjonen bad styret i ungdomsforeininga om at samarbeidet måtte halde fram. Dei minte om at dei fleste som «hadde kome over på Guds side», var medlemer av Ulstein kristelege ungdomsforeining, men sjølv om foreininga såg det som ei særleg oppgåve å ta seg av dei som hadde kome til, måtte flokken ikkje bli splitta. Derfor bad styret i foreininga om ei lik fordeling av møta mellom Fredheim og Ulsteinvik bedehus, også når ulike organisasjonar hadde vekene sine der.
Med tydeleg hint til dei mest uforsonlege indremisjonspredikantane bad ungdomsforeininga også om at tilreisande predikantar måtte bli pålagde å vere lojale mot det samarbeidet som dei eventuelt vart samde om i bygda. Indremisjonsstyret slutta seg til hovudtanken i brevet, men fann det vanskeleg å ha nokon av møta sine på Fredheim, og endå vanskelegare å skulle bandlegge talarane sine. Dermed gjekk det ikkje lenge før situasjonen var den same som før vekkinga.
Eit resultat av vekkinga var skipinga av Ulstein kristelege blandakor som heldt det gåande i mange tiår framover og vart nytta både på Fredheim og i bedehuset. «Kristenfolkets kor» heitte det den gongen, og det var sokneprest Otto Holmås som tok initiativet. Koret skulle vere ein veksestad for dei som hadde kome med i vekkinga.
*
Berre få år seinare var det ny vekking på Hareidlandet. I februar 1935 kan Vikebladet melde om Oxford-møte. – Det er den driftige sokneprest Holmås som dei fleste kveldar dei siste to vekene har halde møte på Trudvang på Hareid. Ifølgje avisa har det vore svært stor søknad – også frå Ulstein. Litt seinare fortel Vikebladet at bokhandlane på Hareidlandet har glaskarmane fulle av Oxford-bøker; mange var skrivne på kort tid om den mest moderne kristenskikken, Oxfordrørsla. Det oppstår også ein debatt – som delvis er reflektert i Vikebladet – om denne rørsla. Det viser seg at indremisjonsførarane Hallesby og Wisløff er kritiske og avviser å samarbeide med rørsla.
Kva var det sokneprest Otto Holmås var oppteken av denne tida? Kva var det han talte om til eit fullsett Trudvang kveld etter kveld? I ei usikker tid, med opprusting og politiske motsetningar ute i Europa og store økonomiske vanskar – og sosiale skilje heime i Ulstein, er det ikkje då naturleg at menneska søkjer utover seg sjølve, etter noko djupare enn det materielle jaget? I alle høve for ei stund, til kvardagen hentar dei inn igjen. Kanskje var det slike understraumar i folket sokneprest Holmås klarte å fange i Ulstein og Hareid i 1935, og som han gjorde fleire gonger i løpet av dei åra han var der (Widnes Johansen 2017).