Kring 1935 er det framleis nokre tvangsauksjonar, men dei synest å vere minkande. Enno søkjer folk om ettergiving av skatt og nedsetjing av rente, framleis må familiefedrar dra på naudsarbeid. Men det merkast ein snunad. Ein forsmak på dette finn vi i Vikebladet 8. september 1933. Då melder avisa om at dei mekaniske verkstadene i Ulstein no ei tid har hatt mykje arbeid både med ishavsskuter, damp- og motorbåtar. I det heile har det vore jamnare og betre om arbeid enn i 1932.
Også møbelfabrikkane har fullt opp å gjere og har dei siste vekene teke inn fleire nye folk. I september byrjar Ulsteinvik Møbel & Trevarefabrikk å gå to skift, dag og natt. Det er særleg leveransar til Bergen og Oslo som gjer dette nødvendig. Totalt har fabrikken 20 mann i arbeid.
Sommaren 1934 er det merkbart at arbeidsløysa i verda er minkande. Meldinga om dette når også folk i Ulstein. Er det verkeleg lys i tunnelen? I juni 1935 konkluderer Vikebladet: – I det siste tiåret har det kvart einaste år vore svikt i dei skattbare inntektene. Kvart år har ein spurt: er det ikkje slutt no, er ikkje botnen nådd? Men nedgangen har halde fram, vanskelegare og vanskelegare har det vore å få endane til å møtest. I alle kommunar, dei rikaste så vel som dei fattigaste. Men i år har det skjedd ei merkbar endring. Dei likningsresultata som hittil er offentleggjorde i landets kommunar, viser jamt over ei stigning i dei skattbare inntektene. Går vi mot betre tider? spør avisa.
I leiaren sin i den første utgåva i 1936 ser Vikebladet tilbake på året som har gått: – Trass i at mange sleit vondt og økonomisk hadde vanskeleg for å få endane til å møtast, var året 1935 noko av eit oppgangsår på mange omkverve. Mykje tyder på at tidene både i utland og her heime er i betring. Det er truleg at denne betringa endå ikkje er følande hjå alle, men me vonar at i komande år vil også den einskilde meir få føling med det, ved betre prisar på fisk og landbruksvarer o.a.
Vanskelege tider kan også verke nyskapande. Det såg vi på Sunnmøre på 1930-talet, til dømes innan møbel. Internasjonalt var det i desse åra også ein tendens til proteksjonisme. Styresmaktene sette opp tollsatsane for importprodukt til gagn for heimleg næringsliv. Også i Noreg spelte dette ei rolle, sjølv om tollsatsane var lågare enn i ein del andre land. Vårt heimlege næringsliv vart også støtta gjennom politiske og moralske oppfordringar om å kjøpe norsk. Foreininga Norsk Arbeid, som var stifta i 1921, fekk sitt gjennombrot på byrjinga av 1930-talet. Både kongefamilien og fagrørsla støtta foreininga. Den 15. oktober 1931 signerte ein vid krets samfunnstoppar eit opprop om å kjøpe norsk og trykte det i alle landets leiande aviser og mange tidsskrift. Seinhaustes 1932 heldt både landets statsminister og kronprins Olav manande radiotaler der dei oppmoda om å kjøpe norske julegåver.
Alt i juni 1929 vart det vedteke å merke varene, slik at folk kunne sjå om dei var norske eller utanlandske. I 1933 vart dette innskjerpa. Varene vart utstyrte med etikettar: «Norsk» eller «Utanlandsk».
Industriproduksjonen vart i stor grad lagt om frå eksport av halvfabrikata til konsumvarer for heimemarknaden. Norske bedrifter produserte i stadig større grad klede og andre tekstilprodukt, møblar, komfyrar og diverse andre elektriske apparat, syklar og sportsutstyr. Noreg fekk også ein radioindustri på denne tida. Veksten gjekk ikkje minst føre seg i primærnæringsdistrikt: sykkelproduksjonen på Jæren, tekstilindustrien i bygder i Romsdal og møbelindustrien på Sunnmøre.
I Ulstein har Ulstein Mek. Verksted eksistert i 20 år i 1937. Dette året blir ein ny verkstadbygning teken i bruk. Den låg på austsida av slippane, der det no var sprengt og grave ut tomt for ein bygning på 200 kvadratmeter i to høgder og i flukt mot aust ei eiga fløy med smie på 120 kvadrat i ei høgd. I denne siste halvdelen av 1930-åra vart det elles bygd lite båtar i distriktet. Ulstein Mek. Verksted hadde sitt byggnummer 1 til gode. Hos grannen i vest, Hatlø Verksted AS, som det heitte no, kom det første nybygget, MK Hod, i 1936. Men om det ikkje vart bygt nytt, vart det desto meir å gjere innan reparasjonar og ombygging. Ulstein Mekaniske fekk no bra med arbeid med forlengingar og som regel medfølgjande arbeid på styrehus, lugarar, bysse, maskin og alt det som elles knytte seg til ombygging. Det låg elles i tida at verkstadindustrien måtte innstille seg på stadig meir rasjonelle arbeidsmetodar. Apparat og utstyr for elektriske sveiseanlegg vart tekne i bruk, og arbeidarane måtte få både praktisk og teoretisk opplæring for å meistre reiskapane (Maskiners arbeid og henders verk, Harald Grytten 1992) .
Ulstein var framleis ei sunnmørsbygd med kombinasjonen fiske og jordbruk som den vanlege livberginga. Men likevel hadde både Hatlø Verksted og Ulstein Mekaniske blitt noko å rekne med som faste og heile arbeidsplassar, og ikkje berre noko du hadde i tillegg til noko anna.