Men ikkje alt var heilsvart. Der kom også nye tilskot til samfunnslivet. Vikebladet kom med si første utgåve 21. januar 1929. Avisa blir etter kvart viktig også for hareidsfolk, men ho får aldri den posisjonen der som i Ulstein, i alle fall ikkje før mot slutten av 1980-talet. For forfattaren av denne boka blir Vikebladet ei viktig kjelde. Ein del av det følgjande i dette avsnittet er bygt på artiklar i Vikebladet, nokre av dei skrivne av Johan Ottesen.

Vikebladet vart ikkje sådd i upløgd mark. Avisa Aarvak kom ut i Ulsteinvik frå 1916 til 1920. Etter fire år var det meininga at trykkinga mellombels skulle flyttast frå bygda til dess dei fekk montert nye maskiner i lokala i Ulsteinvik. Men enden på visa vart at dei la ned Aarvak før det vart noko av å flytte tilbake. Første eigaren av Aarvak, Hans B. Osnes, vart seinare redaktør i Møre Tidend som kom ut i Ålesund. Han såg gjerne at det vart starta ei ny avis i Ulsteinvik. Ivrig skribent som han var, lova han å hjelpe til om nokon ville ta initiativet og starte. Denne tiltaksame gründeren var ordførar i felleskommunen (Ulstein-Hareid) og den første i Ulstein etter skilsmålet i 1917. Han arbeidde som fylkessekretær i Bondepartiet i Møre og Romsdal frå 1924-35 med unntak av ein bolk. Han hadde basen sin i Ulstein, og i denne perioden var han også med på å starte avisa Fylket. Han var skrivekunnig og bidrog mykje til Vikebladet dei første åra.

Mot slutten av 1920-åra var det vanskelege tider, ikkje minst for typografar. Fekk du arbeid, var lønna låg. Ålesundaren Johs. Thorkildson livnærte seg av diverse strøjobbar, men dyrka tanken om å prøve noko på eiga hand. På tampen av 1928 slo han seg saman med kameraten Erling Bjørnsen, drog til Ulsteinvik og leigde lokale til trykkeri hos Carsten Ottesen i det som vart kalla Fjærely-huset som låg der Eiken-bygget ligg i dag; den gongen like i fjøresteinane i Ulsteinvik, slik namnet bar bod om.

Den nye avisa fekk namnet Vikebladet – fordi ho kom ut i Vik. Om namnet også hadde dobbel botn (ein gong i «vika»), er kjeldene våre litt usamde om. Faktum er i alle fall at avisa kom ut ein gong i veka, på fredag. Men det første halvåret vart alle utgåvene på framsida daterte på måndagar. Etter mai 1929 er avisa datert på fredag.

Første utgåva av Vikebladet kom som nemnt ut 21. januar 1929. Første driftsåret var opplaget på vel 300. Abonnentane fekk ei avis, ofte på fire sider, i postkassa ein gong i veka heilt fram til 1977 – då nye kostar auka både sidetal og frekvens. Bladstyret i det nye bladet tenkte seg avisa som ei bodstikke mellom folk på Ytre Sunnmøre. Vikebladet skulle vere upolitisk, men ope for innlegg frå ymse politisk hald. Dei ber om at politiske innlegg blir underskrivne med fullt namn, slik at bladet blir til gagn – ikkje minst for dei som er flittige skribentar. Elles har avisa ambisjonar om å fortelje kva som går for seg – både i bygdene og landet elles. Om du blar i dei tidlege årgangane, vil du oppdage at mykje av tilfanget var riksstoff. Den massive overvekta av lokalt nyhendestoff er ei oppfinning av seinare dato.

Dei første nummera av Vikebladet vart sette i Ulsteinvik. Satsen vart så pakka i kasser og send til trykking i Ålesund. Ifølgje Einar Ekroll fortalde Johs. Thorkildson om ein episode med ruskevêr rundt Flø, der sjøgangen kasta satsen ut over dekket og øydela heile avisa. Den påfølgjande fredagen var dei ferske abonnentane utan lokalavis. Men slik uvisse stod ikkje på lenge. Etter fire-fem utgåver fekk gründerane kjøpt eit brukt trykkeri på aksept i Oslo. Om lag samstundes rakna samarbeidet mellom Thorkildson og Bjørnsen. I mai 1929 tok Thorkildson over som eineutgivar.

Thorkildson var typograf og bygut. Nynorsken hans var ikkje stø dei første åra. Etter kvart kom han seg mykje, men først og fremst var han dyktig til å finne folk som kunne skrive for avisa. Alt første året kom ein unggut med i skrivinga, ulsteiningen Sverre Ottesen. I 1930 – som 19-åring – vart han fast medarbeidar i avisa. Der hadde han arbeidsdagen sin i over 55 år, som journalist, typograf og altmogleg-mann, slik det måtte vere i ei lita bedrift. Ingen kjende bygdene våre som han. Sverre visste også kvar utflytte ulsteiningar og hareidsdølar hadde teke vegen – i inn- eller utland. For Vikebladet hadde dei med seg, og Sverre sørgde for at det kom til rett adresse. Han følgde med når dei var heime på besøk, ikkje minst dei som hadde flytta til Amerika – og kom attende på besøk til gamlelandet. Han passa på at dåpsborna vart nemnde i bladet. Han trykte òg songhefte til alle gravferder og passa på at lokalavisa følgde generasjonane frå vogge til grav.

Vikebladet var åleine som lokalavis på Ytre Søre Sunnmøre fram til 1935. Det året byrja Olaus Aurvoll å gi ut Vestlandsnytt i Fosnavåg. Då var Vikebladet godt innarbeidd som lokalavis for Ulstein og Hareid. I 1936 flytte avisa inn i eige hus som redaktør Thorkildson hadde bygd i Vikemyra i Ulsteinvik. I januar dette året vart utgivingsdagen endra til torsdag. Kona til Johs. Thorkildson, Ester, vart også etter kvart ein viktig medarbeidar for avisa. Ho tok seg av mykje av arbeidet knytt til rekneskapen. Bladpengane vart innkravde av lokale krinsmedarbeidarar heilt til slutten av 1970-talet, då postverket tok over. Skikken med å betale lokalavisa på forskot, gjerne i desember for året som kjem, har lange tradisjonar i Vikebladet.

Pressa som Thorkildson kjøpte i Oslo i 1929, var i bruk heilt inn på 1960-talet. Formatet på bladet var fem-spalta frå først av, men var i periodar både seks- og sjuspalta. Avisa vart sett med hand heilt fram til 1940. Då kom den første blysetjemaskinen på plass i avishuset i Ulsteinvik. Seinare skaffa dei seg fleire nyare modellar.

Det var behov for ei lokalavis på Hareidlandet. Opplaget på 300 det første året auka jamt og sikkert. Bygdefolket visste å bruke lokalavisa. Det var mange som fekk utløp for skrivekløe i spaltene, eller som la det første grunnlaget for seinare meir omfattande skribentverksemd. Sjølv om Sverre Ottesen vakte over kulturlivet i bygdene, greidde han ikkje å dekke alt som gjekk føre seg. Redaktøren skaffa seg derfor mange faste spaltistar. Innsende referat og stoff elles frå frivillige medarbeidarar var ein grunnpilar for avisa og fylte ein stor del av spaltene. Som nemnt skreiv H. B. Osnes ein god del. Skulemannen Ingolv Hareid var ei årrekke meldar frå Hareid, med både kommunale saker og stoff frå lyd og lag. Det blir fortalt, med krav om å vere sant, at Hareid, som oftast sat saman med politikarane når han refererte, vart så engasjert i ei sak at han røysta saman med politikarane. Ordføraren skal ha talt med stemma til referenten.

Innimellom var debatten hard i avisa, og fleire skreiv under psevdonym. Mange av spaltistane hadde faste signaturar. Men innlegg under psevdonym var det altså mange av. Redaktøren klarte på ingen måte å handheve målet sitt om at debattane skulle vere opne. Rett som det var, måtte redaksjonen rykke ut og avsanne rykte om at det var den eller den som stod bak eit innlegg. Spekulasjonane gjekk høgt mellom folk.
På andre område var avisa etter dagens målestokk open. Det kunne vere referat frå rettssaker der den tiltalte stod med fullt namn, kven som fekk fattighjelp, kven som søkte skattelette, eller om nokon skadde seg eller vart alvorleg sjuk. Eit døme på dette finn vi i 1931 då avisa fortel om ein namngitt person frå Hjørungavåg som har vorte sinnssjuk: – Dei fór i går til Oppdøl med han, skriv avisa, som fortel at mannen hadde hatt ei stor sorg den siste tida. I 1930 miste han son sin på ishavet, og no eine dagen døydde ein annan son av influensa. Det vart for mykje for mannen, konkluderer avisa. Vikebladet trykkjer også utdrag frå likningslistene kvart år frå 1931. Nokre år på 1930-talet prentar ho heile likningsprotokollen både i Hareid og Ulstein, namn, yrke, inntekt, skatt og eventuell formue.