I november 1936 hadde endeleg Eiksund fått vegsamband med Ulstein i det Håheimsvegen var gjennombroten og knytt saman med gamlevegen på Eiksund-sida. Dermed hadde Ulstein kommune gjennomført det som kom på seg. Men vegen i sjølve Eiksund var så dårleg at han ikkje ville tole mykje trafikk. Han måtte såleis utbetrast. På dette tidspunktet var Eiksund ein del av Herøy kommune. Og folket der var nøgde med det.
Postsambandet Ålesund-Ulsteinvik vart stadig meir tilfredsstillande. I mars 1937 fekk ulsteiningane full postsending dei fleste dagar i veka, både aviser, brev, rekningar og liknande. Den einaste dagen postsendinga ikkje var i samsvar med kommunikasjonane, var onsdagane. Den dagen fekk ulsteiningane berre avisene frå Ålesund, medan den andre posten kom med dampbåten Nordfjord klokka 22 om kvelden og vart levert ut torsdag morgon. No vart det også høve til å skaffe seg postbokser. Dei som kjøpte seg boks, hadde den fordelen at dei kunne hente posten sin på posthuset kva tid som helst på dagen, frå morgonen til klokka 22 om kvelden.
Ein vanske i mellomkrigstida og også utover etter krigen var å skaffe stabil tilførsel av elektrisk kraft til kommunen. I august 1937 kunne til dømes Vikebladet melde om straumrasjonering og eventuelt stans. Krafta måtte no stengast frå klokka 24 til seks om morgonen, og grunnen var at vassbassenga snart var tomme.
Ved kommunevalet i 1937 var det igjen berre krinslister i Ulstein, sett bort frå Arbeidarpartiet – som stilte eiga liste. Flø fekk to representantar, Ulstein tre, Ulsteinvik seks, Hasund tre, Haddal to, Dimna ein og Arbeidarpartiet tre, ein meir enn sist. I tillegg stilte Hofset liste, men var nokre få røyster frå å få inn ein representant. Alle representantane var menn, og Leif Saunes vart attvald til ordførar med Hans B. Osnes som varaordførar. I formannskapet elles kom desse inn: Martin Ulstein, Knut Ertesvåg og Johan H. Flø.
*
Ulstein bibliotek (folkeboksamling) skulle vinteren 1938/39 få seg eit eige rom på Sjøborg. Biblioteket hadde delt rom med kommunestyret i heradssalen. Men salen var ofte oppteken, og no ville biblioteket få faste opningstider i eige lokale.
Ulstein kommune sleit heile mellomkrigstida med høg gjeld. I 1938 søkte kommunen igjen gjeldsakkord, men rett før jul kom meldinga om at Gjeldsmeklingsinstituttet ikkje fann det praktisk å gi kommunen gjeldsakkord. I staden rådde dei kommunen til å søkje rentelette i Kommunalbanken og støtta ein slik søknad. Men om kommuneøkonomien var anstrengd, gjekk det litt etter litt betre med folk flest. Sjølv om vi ser annonser over tvangsauksjonar både i 1938 og 1939, minkar dei. Hypotekbanken kunne på landsbasis melde om heile 2014 tvangsauksjonar i 1933, i 1938 hadde dette minka til 10.
Vikebladet kunne også vinteren 1939 melde om uvanleg høg byggjeaktivitet i Ulsteinvik. Berre på Osnes skulle det byggjast sju nye husvære. Dessutan skulle Sunnmøre Ungdomsskule i gang med ei ny stor skulebygning, og elektrisitetsverket skulle utvide kontorbygningen sin. I indre del av bygda var det òg aktivitet; det same på Hofset. I alt vart det 14-15 nye hus i sentrumskrinsen dette året.