Folketalet i Ulstein hadde igjen vakse kraftig i dei ti åra mellom 2005 og 2015, frå 6795 til 8292, det vil seie 22 prosent. Men det var eit faktum at ein stadig større del av innbyggjarane var innvandrarar. I 2015 var 16,7 prosent av folket i kommunen innvandrarar eller norskfødde med innvandrarforeldre, det vil seie 1385 personar. Slik vart også mange ulike livssyn og religionar representerte i Ulstein. Hausten 2015 var 569 innbyggjarar i kommunen registrerte i andre trus- og livssynssamfunn enn den norske kyrkja. Mellom desse hadde den katolske kyrkja 181 medlemer og pinsekyrkjelyden Filadelfia 71. Ved inngangen til 2016 var folketalet i Ulstein 8430, ein auke på 1,7 prosent siste året. I august dette året kunne kommunen slå fast at det var 1400 innbyggjarar med utanlandsk opphav i Ulstein, og dei representerte 72 nasjonar. Dette var nok ei av dei største forandringane av lokalsamfunnet dei siste femti åra.
I utgangen av 2015 publiserte SSB ein statistikk over yrkesfordelinga i kommunane. Den viste at berre 56 no hadde hovudinntekta si frå fellesrubrikken jordbruk, skogbruk og fiske. I alt 57 arbeidde med olje- og gass, medan heile 1213 personar hadde yrke i industrien, 945 menn og 268 kvinner. Lat oss ta med at 473 arbeidde med varehandel i ei eller anna form, 211 menn og 262 kvinner. I undervisningssektoren arbeidde det 365 personar, 106 menn og 259 kvinner. I helse- og sosialsektoren arbeidde det no 612 personar, 88 menn 524 kvinner.
Det er ikkje lett for alle å bu i ein kommune som Ulstein, der det meste hadde gått på skinner. Innvandrarane bidrog til å gjere lokalsamfunnet meir ope, og arbeidsinnvandringa var viktig for å halde hjula i gang. Men frå kring 2014 byrja Frivilligsentralen å dele ut matvareposar eit par gonger i månaden til barnefamiliar og andre. Dette behovet har ikkje minka, og i skrivepunktet i april 2021 er det mellom 80 og 90 som møter opp for å hente seg mat. Fleirtalet er etnisk norske, men det er også nokre arbeidsinnvandrarar og andre som treng ei ekstra hand. Medan det var om lag 100 som fekk ei matkasse til jul i 2019, var det 200 i 2020. Dei siste par åra har Ulstein sokn vore med i ordninga, og det er også mange frivillige som betalar inn og hjelper til elles. Denne skuggesida av Ulstein er det ikkje så lett å få auge på, men ho er der. Den satsinga på utlån av fritidsutstyr som Ung Arena og BUA Utlånssentral har hatt dei siste åra, har gjort det mogleg å ha opne og gratis tilbod til born og unge – og barnefamiliar. Dei to organisasjonane har fått gode tilskot frå mellom andre Gjensidigestiftinga. Når tilboda er opne for alle, blir dei ikkje stigmatiserande, og dei fangar opp born og unge som til dømes av økonomiske årsaker ikkje så lett blir inkluderte i ulike aktivitetar.
I slutten av februar 2015 fekk politikarar og andre interesserte omvising i dei nye omsorgsbustadene ved den nye innfartsvegen i Holsekerdalen. I midten av mars byrja dei første leigetakarane å flytte inn i dei 39 omsorgsbustadene som var samla i to bygg. Prosjektet starta planlegginga hausten 2011, og sjølve arbeidet rundt jonsok i 2013. Dei nye omsorgsbustadene imponerte både politikarar og pårørande, og dei fleste leigetakarane hadde flytta inn i påsketider 2015.
Dei utviklingshemma i Ulstein måtte flytte frå bustadene sine i Petterbakken i Ulsteinvik til dei nye omsorgsbustadene i Holsekerdalen. For fleire av dei vart dette ei flytting med blanda kjensler. Dei måtte for det første forlate noko kjent og trygt, men så var det husleiga: Utover i 2015 køyrde Vikebladet Vestposten fleire artiklar der pårørande varsla om at husleiga i Holseker-bustadene var for høg, og at utviklingshemma vart gjorde til sosialklientar. Fleire av dei sat att med berre om lag 1000 kroner i månaden når dei faste utgiftene var betalte. Etter påtrykk frå pårørande kom saka opp igjen politisk, og husleiga vart rekna på ny, men saka vart utsett under budsjettmøtet i desember i 2015. I februar 2016, etter fleire møte i levekårsutvalet, vart det klart at bebuarar i omsorgsbustadene kunne få redusert husleiga med 500 kroner, men berre om dei søkte og oppfylte kriteria. Det var synet til kommunen at husleigene måtte vere høge for å få dekt inn kostnadene med å byggje bustadene.