Det var tunge tider og mange hadde mist arbeidet. Men innimellom kom det oppmuntrande meldingar. I januar 2017 hadde Ulstein Verft sikra seg kontraktar på levering av to nye skip til ein samla verdi på 1,5 milliardar kroner. Det gjorde at mange av dei om lag 200 permitterte kom i arbeid igjen. Kontraktane gjaldt bygging av eit offshore vindfartøy og ei hybridferje til Color Line. På det meste var også 40 av 47 ingeniørar ved Ulstein Verft permitterte. No fekk alle jobb igjen.

Men det kom likevel urovekkande meldingar frå Ulstein Group; i juni 2017 sende konsernet ut ei pressemelding som fortalde at konsernet etter ei omsetning på 854 millionar kroner i 2016 hadde gått på eit driftsresultat på minus 247 millionar kroner. Den største delen av tapet skuldast nedskriving i eigenandelen i skip, men også lågare aktivitet og mindre kapasitetsutnytting. Konsernsjef Gunvor Ulstein meinte likevel at konsernet var godt posisjonert for framtida: – Den kraftige nedturen innan olje og gass har ramma mange. Reiarlaga har gått på tap i milliardklassen. Dette har også råka verfta og utstyrsindustrien. Vi er midt i omstillingsarbeidet og ser fleire lyspunkt, men arbeidet tek tid og krev mykje kapital og ressursar. Vi er opptekne av å utvikle berekraftige løysingar, og vi har ein langsiktig strategi som vi meiner vil gi resultat over tid, resonnerte Gunvor Ulstein. Men det skulle bli fleire år med negative tal.

Island Offshore fortalde til lokalavisa i starten av mars 2017 at selskapet hadde sikra seg fleire viktige kontraktar og kunne ta fire båtar ut av opplag. Med dette ville over 300 sjøfolk kome tilbake i arbeid. Ikkje lenge etter kunne selskapet fortelje at alle dei 1000 tilsette var i arbeid. Finansielt såg leiinga i Island Offshore for seg ei løysing hausten 2017.

Det kom også positive nyheiter frå andre offshore-reiarlag. I februar 2017 kunngjorde direktør Stig Remøy at Olympic Shipping var redda. Selskapet hadde fått i hamn ein restruktureringsavtale, og snart vart det nye kontraktar. Som vanleg var restruktureringa ein lang prosess, med mange kreditorar som skulle bli samde.

Midt opp i dette, i august 2017, fekk folk vite at Kleven-konsernet var i så store økonomiske vanskar at selskapet trong ekstern kapital for å unngå konkurs. Kleven-familien klarte ikkje å redde verftskonsernet åleine. Kleven hadde tapt rundt ein halv milliard kroner på drifta dei to siste åra, og tidene etter oljesmellen hadde vore tøffe: – Det vil nok bli ekstern kapital i balansen vår. Vi håper den nye kapitalen er på plass innan få veker, kommenterte konsernsjef Ståle Rasmussen til lokalavisa. Styreleiar Kjersti Kleven, ein av dei største eigarane i Kleven-konsernet, fortalde at styret og leiinga hadde jobba gjennom sommaren for å få i hamn ei løysing på dei finansielle problema. Kleven hadde no ei gjeld på fire milliardar kroner og skulda fleire underleverandørar pengar.

I starten av september 2017 hadde Kleven-konsernet fått inn 300 millionar kroner, mellom anna frå Hurtigruten og Petter Stordalen, i tillegg til lokale investorar som Åge Remøy. Styreleiar Kjersti Kleven syntest det var vemodig at Kleven-familien ikkje lenger var majoritetseigar, men samstundes var ho glad for at dei hadde fått fleire lokale investorar på laget: – Arbeidsplassane er det viktigaste, understreka ho. Hurtigruten sat no på kring 40 prosent av Kleven-aksjane, og i løpet av september 2017 vart det klart at Leif Taksum avløyste Kjersti Kleven som styreleiar. Han budde i Bergen.

Ikkje lenge etter kunngjorde Kleven ein ny kontrakt, eit luksus-explorer-fartøy på 100 meter til ein ikkje namngiven kunde. Kleven teikna òg intensjonsavtale med De Beers Marine Namibia om eit stort diamantskip. Verftet hadde samarbeidd med dette reiarlaget ei tid og levert dei eit diamantskip i 2016. Om lag samtidig melde bedrifta at Ståle Rasmussen slutta som konsernsjef i Kleven. Han hadde vore konsernsjef sidan 2008: – Dette er eit rett tidspunkt for endringar. Selskapet har vore igjennom ein avgjerande periode med å skaffe nye eigarar, og det var viktig for meg å vere på plass i denne fasen. Eg ønskte ikkje å vere ein kaptein som gjekk frå skuta før ho var berga, kommenterte Rasmussen i ei pressemelding.

Men brottsjøane mot Kleven var langt frå over; det skulle bli dramatikk med endå eit eigarskifte, konkurs og så nye eigarar igjen. Eit signal om kva som skulle kome, fekk vi i slutten av februar 2018. Då vart det kjent at det nye flaggskipet til Hurtigruten, MS Roald Amundsen, først ville vere klart til levering i 2019. Dermed ville fleire seglasar som alt var booka, bli avlyste. Ifølgje avisa Nordland vart rundt ti turar kansellerte, noko som ramma opp mot 3000 passasjerar. Roald Amundsen vart sjøsett ved Kleven Verft tidlegare i februar. Bygginga av skipet hadde vore meir komplisert enn dei hadde venta.

I mai 2018 melde det tyske Lürsen-konsernet at dei ønskte å trekke seg frå kontrakten på eit explorerfartøy med Kleven. Meldinga skapte uro mellom dei tilsette. Det var i november 2017 at Kleven annonserte at selskapet hadde gått inn ein kontrakt med ein ikkje namngiven kunde om eit explorerskip på 100 meter.

I slutten av mai 2018 konkluderte lokalavisa igjen med at det var særs usikre tider for Kleven-konsernet. Dei 300 millionar kronene som konsernet fekk inn i 2017, var brukte opp. No stadfeste styreleiar Leif Taksum at Kleven var inne i ein prosess med restrukturering. Ei løysing kunne bli at Hurtigruten AS tok over kontrollen av Kleven Verft, medan Myklebust fekk nye eigarar. I alle fall trong Kleven meir pengar. Sunnmørsposten meinte å vite at arbeidet med å hente inn kapital alt hadde gått føre seg ei tid, og at DNB, Sparebank 1 og Nordea – i tillegg til GIEK og dei største eigarane – var involverte i restruktureringa. Dei lokale eigarane vart ikkje med vidare etter at prosessen var over. I tillegg til Åge Remøy hadde også Kleven-familien aksjepostar i Kleven. No kunne det bli slutt på all lokal eigarskap i det tradisjonsrike verftet.

Den 12. juni 2018 melde Vikebladet Vestposten at Kleven hadde fått i hamn ei finansiell løysing og kunne få opp til 600 millionar kronar i likviditetstilførsel. Men samstundes var alle lokale eigarar ute av bedrifta. Den nye konsernsjefen, Karsten Sævik, byrja i jobben 1. juni dette året. Men det vart ei kortvarig reise, berre fire månader – så vart han erstatta av Olav Nakken. NHH-professor Ola Honningdal Grytten meinte Kleven hadde sikra seg ein god avtale, men stilte samtidig spørsmål ved om Hurtigruten hadde langsiktige intensjonar med eigarskapen.

Sommaren 2018 vart Myklebust Verft skilt ut frå Kleven, og fekk ny profil. Hurtigruten skulle halde fram med å eige Kleven, medan Myklebust skulle vere eigd av dei eigarane som utgjorde strukturen ved kapitalinnhentinga i 2017.

Laurdag 2. september 2017 markerte Ulstein Group 100-årsjubileum med konsert i dokkhallen på Osnes. Sjølv om tidene var tøffe for den maritime næringa, var toppleiarane Gunvor og Tore Ulstein klare på at dei såg på Ulstein som ein vital 100-åring. Men dei to hadde håpt at foreldra deira skulle få ta del i jubileet. Men slik vart det ikkje. Far Idar Ulstein døydde i 2012, og mor Marit Krohn Ulstein døydde brått to månader før jubileet: – Mor vår var ein god støttespelar for far, men også for oss borna. Ho var veldig til stades i familien. Både mor og far var opptekne at vi skulle reise ut og få utdanning, forklarte Gunnvor Ulstein i intervju med Vikebladet Vestposten.

Gunvor og Tore er tredje generasjons skipsbyggjarar. Dei kom inn som toppleiarar i 1999. Det var farfaren Martin Ulstein som starta verftet i 1917. I jubileumsåret hadde Ulstein Group om lag 600 tilsette i seks land. Det var ei fin jubileumsgåve då Ulstein Verft skreiv under ein kontrakt med Lindblad Expeditions om å byggje eit ekspedisjonsfartøy. Båten skulle inn i flåten som Lindblad opererer saman med National Geographics. Eigentleg var kontrakten underskriven i mai 2017, men først i november vart det kjent kven som skulle ha skipet.

Ei samrøystes generalforsamling i Ulstein Group gjekk i juni 2018 inn for å hente inn 300 millionar kroner i frisk kapital. Samtidig kom signala om at ein ny kontrakt var like rundt hjørnet. I samtale med lokalavisa fortalde Gunvor og Tore Ulstein at aksjonærane hadde sagt ja til eit konvertibelt lån til konsernet på 150 millionar kroner. I tillegg bidrog DNB og Innovasjon Norge med eit ordinært lån på 150 millionar kroner. Som vi hugsar, gjekk Ulstein 247 millionar kroner i minus i 2016; i 2017 var driftsresultatet minus heile 326 millionar, og 2018 enda med eit underskot på 212 millionar kronar. Diverre vart ikkje 2019 så mykje betre. Men i juli 2018 kunngjorde Ulstein at verftet skulle byggje eit kabelleggingsfartøy for Nexans, og i starten av august kom meldinga om kontrakt med eit tysk reiarlag om eit skip som skulle nyttast til service for vindkraftanlegg til sjøs. No lyste verftet ut 50 stillingar.

I starten på april 2018 meinte redaktøren for næringslivsportalen Nett.no at fleire ting tydde på at den maritime næringa på Ytre Søre Sunnmøre kunne gå mot lysare tider: – Dei små selskapa, gjerne underleverandørar til dei større, er gode temperaturmålarar på situasjonen. Dei vi har snakka med, fortel at det ser betre ut, og fleire opplever større etterspurnad, sjølv om olje- og gassnæringa er i ulage, sa Ogne Øyehaug til Vikebladet Vestposten.

Vinteren 2017 kunne avisene fortelje at Rolls-Royce ville kutte færre tilsette i Ulsteinvik, Hjørungavåg og ved dei andre avdelingane på Sunnmøre enn det selskapet hadde meldt tidlegare. No ville konsernet redusere med 800 tilsette i marindivisjonen globalt, og om lag 200 av desse ville skje ved anlegga i Noreg. Men 12. juli 2018 melde avisene at Kongsberg Gruppen skulle kjøpe Rolls-Royce Marine. Først 1. april 2019 var det formelle i orden slik at 3600 tilsette over heile verda hadde fått ny arbeidsgivar og skilt med logoen til Kongsberg. Rolls-Royce Marine var verdsett til 5,3 milliardar kroner, og den norske staten bidrog med 2,5 milliardar til kjøpet.