Ein av nestorane i næringslivet i Ulstein, konsernsjef Vidar Moldskred i Ulstein Betongindustri AS, leverte i januar 2019 nøklane til Harald Sætre. Skiftet hadde vore planlagt ei tid, og Sætre hadde vore økonomisjef/assisterande konsernsjef i fleire år. Sætre skulle no leie ei verksemd med over 70 fast tilsette og eit konsern med ei omsetning på 140 millionar kroner i 2018. Vidar Moldskred ville framleis vere aktiv i konsernet og ha ansvar for Ulstein Entreprenør AS.

I 2019 var det 94 år sidan Peter Moldskred kjøpte ein del av Haddalura for 150 kroner. Området, som først fekk namnet Petersborg på folkemunne, vart etter kvart til «Borja». Det var i 2019 89 år sidan Ludvik Moldskred opna butikk i Borga, og med tida kom der postopneri også, i tillegg til salteri og røykeri. Den første industriarbeidsplassen i Haddal var med det eit faktum. I 1955 fekk det nystarta Moldskred Knuseverk også base i Borga; fetterane Leif og Tolleiv gjekk i kompaniskap. Dette utvikla seg etter kvart til Ulstein Betongindustri AS, som vart organisert som eit konsern i 2013, med son til Tolleiv, Vidar Moldskred, som konsernsjef. Han hadde vore i bedrifta samanhengande sidan 1986: – Eg har vore i verksemda litt frå og til sidan eg var 15 år, men vart henta inn igjen i 1986, forklarte Vidar Moldskred i intervju med lokalavisa.

Trass i relativt høg arbeidsløyse og uvisse kring hjørnesteinsbedrifter i regionen kunne Amfi Ulsteinvik melde om eit godt år i 2018. Kjøpesenteret hadde over 1,1 millionar besøkande og omsette for 262 millionar kroner, ein auke på to prosent i høve til 2017. I julemånaden desember opplevde senteret ein omsetningsauke på over tre prosent. Amfi Ulsteinvik var ein del av Olav Thon Gruppen, som til samanlikning hadde ein vekst på 1,4 prosent i desember 2018.

I mars 2019 avgjorde Vikebladet Vestposten at avisa frå og med 21. mai ville gå frå tre til to papirutgåver i veka, tysdag og fredag, etter å ha vore tredagarsavis sidan 1987. Avisa hadde kome ut ein gong i veka frå starten i 1929 til 1977, då avisa auka til to gonger i veka. Redaktør Linda Eikrem lovde lesarane fyldige aviser framover. Avisa kunne òg notere ein god opplagsauke i 2018, og hadde no 4117 abonnentar, ein del mindre enn rekordåret 2000 då avisa nådde 5000 abonnentar.

Styreleiar Steinar S. Kulen i det nyskipa Ulstein Nærngsforum fortalde gjennom lokalavisa at store industribedrifter og små butikkar side om side skulle arbeide for å gjere Ulstein og Ulsteinvik til det mest naturlege valet for nyetablering og busetnad i regionen: – Vi har mangla ein næringslivsorganisasjon som omfatta alle. Vi hadde eit næringslag. No har vi fått med oss dei store verksemdene også, sa Kulen. Næringsforumet vart formelt skipa 27. mai 2019, og samtidig var den daglege leiaren på plass, ørstingen Daniel Garden (44).

Ein av veteranane i butikklivet på Hareidlandet, Øystein Liavåg, hadde hatt hand om fleire butikkar, men hadde drive Sunkost i 32 år, og halde til i Blåhuset sidan starten. No gav han seg og selde forretninga til Geir Idar Knotten som var involvert i ulike butikkar frå før, mellom andre Creativo, der han selde alt frå hobbyartiklar til musikkinstrument.

Servi Ulsteinvik AS var mellom bedriftene som gjorde det godt i denne vanskelege perioden. I 2019 dobla bedrifta produksjonsarealet sitt i Saunesmarka. Ein stor ordrereserve gjorde det nødvendig å utvide. I løpet av august var utvidinga på plass: – I 2018 hadde vi ei omsetning her i Ulsteinvik på 110 millionar kroner, noko som er rekord for vår del. Vi ligg an til å hamne rundt det nivået i år også, kanskje litt over. Vi har berre hatt eitt einaste år med underskot sidan vi starta i 2000, og det var i 2017, fortalde dagleg leiar Kjell Atle Gjøringbø. Hovudeigar av Servi Ulsteinvik AS var Servi Group AS, som igjen var eigd av Ferd med den kjende finansmannen Johan H. Andersen. Gjøringbø, Kurt Sindre Gjerdsbakk og Joar Sundgot var lokale medeigarar i Ulsteinvik-selskapet med ti prosent kvar. Servi Group AS var ein stor leverandør av hydraulikk til offshore og marinindustri, i tillegg til forsvarsindustri og landbasert industri i Noreg. Servi hadde også andre produkt til andre marknader.