Midt i oktober 2016 skreiv Fjord1, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Havila under avtalen som gjorde at ferjeselskapet skifta eigar. Den nye eigaren var Sævik-selskapet Havilafjord AS: – No er vi det største selskapet for ferjedrift i Noreg, og det er ein posisjon vi aktar å kjempe for å halde på, slo Per Sævik fast i samtale med Vikebladet Vestposten.

Samtidig var den store dagen komen for Hafast. Dei første målebøyene for innsamling av miljødata i Sulafjorden kom på plass. Hareid Fastlandssamband vart etablert som selskap i 1987: – Dette er eit av dei største stega vi har gjort sidan den gongen, kommenterte dagleg leiar Kjell Sandli til Vikebladet Vestposten. I november 2016 monterte Statens vegvesen ei 100 meter høg vindmast på Kvitneset. Masta skulle måle vinden og ville bli viktig for å skape eit trygt Hafast.

Den 1. januar 2017 hadde den nye snøggbåten Godøy den første turen sin på strekninga Hareid, Valderøy, Ålesund. Båten hadde plass til 296 passasjerar, det same som førre båt.

Midt i mars 2017 utropte fylkeskommunen Fjord1 til anbodsvinnar for mellom anna ferjestrekninga Hareid-Sulesund.

I starten av januar 2019 var MF Hadarøy på plass i sambandet Hareid-Sulesund. Som kjent vann Fjord1 anbodet på dette sambandet, og Hadarøy skulle om ikkje lenge få selskap av søsterskipa Suløy (februar) og Giskøy (mars). No var trafikantane endeleg kvitt problemferja Ullensvang, som spesielt i starten hadde mykje kluss.

I september 2018 byrja SSR å levere ut dunkane som skulle brukast til matavfall. Den nye dunken var mørkegrå med brunt lokk. No kunne abonnentane kjeldesortere matavfall, papir, plast og restavfall. I ei nasjonal gransking i 2018 viste det seg at SSR kom best ut i landet i tenestene sine på handtering av søppel.