v/ Einar Grimstad
Torsdag 23. mars 1883 var 62 unge menn samla i Skeide skulehus på Halsen for å skipe «Ulfstens Ynglingeforening». Presten N. C. Anker var akkurat komen til bygda. Han viste seg å vere svært godt skikka til å drive dette arbeidet.
Han blei valt til den den første formannen. Dette arbeidet stod han i i 12 år, til 1894, då han reiste frå Ulstein. Han blir omtala som ein flink organisator, ein dugande leiar og ein varm ven og sjelesørgjar. Han var truleg langt føre si tid når det galdt å få folk fram til arbeid for saka.
I 1982 starta det førebels siste byggjesteget på småbåthamna ved Ryssholmen på Ulstein. Dei skulle no fylle 8000 kubikkmeter stein for å forlenge den ytste moloen slik at opninga inn på hamna vart 15 meter. Då ville dei få plass til 160 båtar i hamna, men etter muring langs land ville dei etter kvart kunne utvide til i alt 250 båtar. Båteigarlaget hadde i 1982 150 medlemer, og kring 30 av desse skulle no byggje seg flytebrygger. Frå før var det plassert 26 flytebrygger i hamna.
Men då saka kom til kommunestyret 27. mars 2003, var det meste fryd og gaman. Ikkje ein einaste representant gjekk imot då politikarane skulle avgjere om dei skulle ta saka vidare til fase 2, som innebar ei avklaring mellom dei tre partane: – Ein unik sjanse til å skape noko nytt og positivt i sentrum, var gjennomgangsmelodien. Likevel var der nokre som varsla at dei ikkje kjende seg sikre på at dei ville henge med til den tredje og avgjerande fasen. Dei som målbar dette sterkast, var Knut Erik Engh (Frp) og Karen Randi Festøy (SV). Det var stille før stormen.
Allmuge var eit negativt lada ord. Det bar med seg signal om fattigdom og mangel på «dannelse». Allmugeskulen var ikkje berre skulen for allmugen. Nei, embetsmennene og borgarskapet var opptekne av å halde på klasseskilja. Dei ville bruke skulen til å sikre at allmugen aldri blei noko anna enn allmuge. Difor fekk born av allmugen andre lærebøker og anna undervising enn embetsmannsborn. Dei radikale politiske ideane, som fekk slik grobotn på Austlandet i 1840- og 50-åra, førde også til eit ynskje om å få fjerne allmuge-stempelet frå skulen.
Frå Flø var det kort veg til dei viktigaste fiskeplassane under vintertorskefisket på Sunnmørskysten. Eit rev eit stykke frå land tok litt av for ver og vind, men særleg i vestaver og nordavind var den «naturlege» hamna lite brukeleg. Det vart frå interessert hald peika på at ein trong ei betre hamn her, både som utrorsstad og som naudhamn.
Den økonomiske optimismen før og under første verdskrigen snudde til depresjon og krise i 1920. Ulstein hadde hatt bank saman med Hareid heilt sidan Ulstein off. sparebank vart skipa i 1867, den såkalla Rise-banken, ettersom hovudkontoret for banken låg på Rise, midt mellom Ulsteinvik og Hareid. Aktivitetsauken under krigen førte til at folk fekk meir bruk for banken. Bankstyret vedtok derfor å halde ein kontordag for veka i Hareid og ein i Ulstein så snart høvelege lokale kunne skaffast.
Eg møtte mora mi, Hilma Thea Ulstein Sundgot, først då ho var 37 år gammal. Då blei ho mora mi, men då hadde ho også hatt eit sterkt levd liv, spesielt dei ni åra før.
«Forordning om Skolerne paa landet» frå 1739 fastsette 5 års skuleplikt – frå 7. til 12. leveåret. Men dei to siste åra var det nok at borna møtte opp hjå skulehaldaren eit par gonger i vinterhalvåret for å repetere. I fylgje lova skulle borna dei 3 første åra ha 6-8 timars undervising kvar dag i tre månadar kvart år. Økonomiske tilhøve, lite interesse for bokleg lærdom og lærarmangel gjorde at det berre var dei heldigaste som fekk så mykje skule dei første hundre åra.
Så kom den tyske teologen Martin Luther (1483-1546). Han var munk og vigd til prest, men levde det meste av livet sitt som professor i teologi ved universitetet i Wittenberg. I 1517 skal han ha publisert 95 læresetningar (tesar) med kritikk av avlatshandelen i pavekyrkja.
Overgangen frå sjø til land vart etter kvart både motto og arbeidsprogram for kyststrøka. Det betydde opprusting av vegnettet, fleire og betre bussruter – og ikkje minst fleire og betre ferjeruter. I 1949 kom sjøbussen Hjørungavåg som ein revolusjon til Sunnmøre og våre grender. Men i løpet av 1950-talet gjekk utviklinga forbi passasjerbåtar av denne typen. Det nye som folk hadde helst velkome med salutt nokre år etter krigen, var ti år seinare forelda. No var det ferjene som tok over.
I siste halvdel av 1800-talet vart det gjennomført ei storstilt utbygging av samferdsla. Det vart bygt fyrstasjonar, sjømerke, hamner, vegar, jarnbaner og telegrafliner over heile landet. Med fyr, sjømerke og hamner kunne ein opprette faste dampskipsruter og ferjer. Den auka kommunikasjonen var med på å knyte folk tettare saman. Bokstavleg tala opplevde folk langs kysten ei ny opplysingstid.
Lyssettinga av kysten vart mangedobla etter at ein ny type oljebrennar vart teken i bruk på slutten av 1880-talet. Den nye oljebrennaren kunne lyse i ei veke utan tilsyn. Oljebrennaren vart sett på eit stativ inne i ei fyrlykt av støypejarn. Rundt brennaren kunne ein setje opp ein rotør. Rotøren gjorde det mogleg å skape formørkingar. Elles hadde ein utstyr til å lage blink eller la det vere eit fast lys. Med lys, blink eller formørking kunne fyrlyktene få sin eigen karakter. Dette gjorde det lettare for sjøfarande å skilje dei frå kvarandre. Karakterane til alle fyr og fyrlykter er merka på sjøkart.
Tanken om å flytte kyrkja heldt seg levande. Det var ei uroleg tid på «kyrkjefronten» fyrst i 1870-åra. Hareid og Vartdal høyrde ikkje berre til same prestegjeld, men bygdene hadde heradstyre i lag med Ulstein. På Vartdal arbeidde dei med å få verte utskilt til eige sokn og byggje eiga kyrkja, og på Hareid strava dei verre med ei kyrkje der tårnet vaks opp gjennom, taket, og mange meinte at eit nytt bygg måtte kome på tale.
Folk i inste delen av soknet gjorde straks ein framstøyt.
Så kom boda få land og hav – til mødrer og fedrar. Folk kom springande med gledesrop over meldingar dei nett hadde fått over telegraf eller telefon: «Han Harald lever! Han Henry! Han Odd! Han Reinert!» slik skildrar Ragnar Ulstein det. Rop etter rop. Men det var stilt om andre; dei som aldri kom heim.
Den 7. februar 1946 melder Vikebladet at det rike sildefisket held fram. Det har vore travel verksemd ved fabrikkane. Elles har silda gått til salting og ising; ikkje så lite har gått til Austlandet med Raumabanen. I midten av mars var sildefisket slutt og sildesnurparane hadde kome heim.
Dette kapitlet baserer seg i hovudsak på artiklar og intervju i Vikebladet og bøkene Himmelen over Shetland av Øystein Orten og Lagunen og stormen av Ragnar Ulstein. Boka til Ulstein er eit lokalhistorisk meisterverk på kring 450 sider. Krigshistorikaren Ragnar Ulstein maktar på ein naturleg og levande måte å integrere dei lokale hendingane med den stormen som raste på nasjonalt og internasjonalt plan.
Ein etter ein kom ulsteiningar som hadde vore ute under krigen, heim utover sommaren og hausten 1945. Men nokre hadde ofra livet, og det vart nokså raskt sett i gang ein diskusjon om å reise eit minnesmerke over dei falne.
Før me fortel om huset, den gamle kyrkja, skal me sjå på nokre gravminne. Dei er ikkje mange att. Heller ikkje er dei så gamle som ein kunne vente.
Hjelp oss å ta vare på fortellinga om UlsteinDette er ein open artikkel. Om du ynskjer å lese dei andre artiklane om grunnskulen i Ulstein og alle andre artiklar på nettsida, må du bli PlussMedlem. I tillegg får du årets utgåve av Levd liv. Og som ny medlem får du ein kalendar med bilde frå alle krinsane. Bli medlem i Ulstein historielag! |
Artiklane om grunnskulen er henta frå boka «Grunnskulen i Ulstein gjennom 250 år» og handlar om nokre av dei viktigaste stega som førde oss dit vi står i dag – frå underutvikling, analfabetisme, låg levealder og djup fattigdom, til eit velferdssamfunn bygd på evna til å tileigne seg og omsetje kunnskap. Det er enorme skilnadar på Ulstein slik lokalsamfunnet var i 1739 og slik Ulstein framstår i dag. Dei vi først bør takke, er dei av forfedrane våre som trudde på folkeopplysning og betre skule.
Perioden frå midten av 1960-talet og kring 20 år framover var gullalderen for lokale popgrupper og rockeband. Då kunne store offentlege dansar rundt om på samfunnshus og utearenaer samle hundrevis av ungdommar – frå nær og fjern. Dei kom gjerne køyrande i fullasta bilar; rikeleg med drikke og med kvar sin gong å vere privatsjåfør. Stimmelen etter dansane vart både ungdommar, politi og foreldre godt kjende med via Haldeplassen i Ulsteinvik. Sjølvsagt var det fyll, slåsting og spetakkel. Men dansane gav også unge musikarar høve til å spele for eit stort publikum, tene pengar og gjerne skaffe seg ein tilhengarskare.
I løpet av 1970 vart det klart at det nye gymnaset på Søre Sunnmøre ville ligge i Ulsteinvik og få det førebelse namnet Gymnasklassane i Ulstein. Gymnaset ville starte med to klasser frå hausten 1971, ei engelskklasse og ei realklasse. Våren 1971 tilsette departementet rektor og lektorar til det nye gymnaset. Arne I. Jørgensen vart rektor, og den seinare rektoren og ordføraren i Ulstein, Jan Berset, var mellom lektorane. Den 19. august 1971 starta gymnasklassane i Ulstein sitt første skuleår i realskulebygget i Bjørndalsvegen. Opninga vart markert med mellom anna middag på Central Pensjonat i Ulsteinvik. Hausten 1972 var det klart at det framtidige namnet på skulen ville bli Ulstein Gymnas.