Kjell Magne Bondevik (KrF) sat som statsminister i Noreg i det landet gjekk inn i det nye tusenåret. Han leia ei mindretalsregjering av KrF, Senterpartiet og Venstre. I mars 2001 stilte regjeringa kabinettspørsmål og fekk fleirtalet mot seg i Stortinget. Bondevik ville ikkje følgje kravet frå Arbeidarpartiet og Høgre om å endre forureiningslova dersom dette viste seg nødvendig for å kunne byggje ut gasskraftverk basert på eksisterande teknologi. Ei mindretalsregjering av Arbeidarpartiet med Jens Stoltenberg som statsminister og med støtte frå Senterpartiet og SV tok over.
Stortingsvalet i september 2001 førte Kjell Magne Bondevik tilbake til makta med den såkalla samarbeidsregjeringa. Det var ei mindretalsregjering av Høgre, KrF og Venstre. Etter valet fekk desse tre partia 62 mandat og var avhengig av støtte frå Frp (26) for å få fleirtal i Stortinget. På landsplan fekk KrF ei oppslutning på heile 12,4 prosent. Bondevik utnemnde no Erna Solberg til kommunalminister. Ho fann det nødvendig å føre ein innstrammingspolitikk overfor kommunane, noko også Ulstein fekk smake. Ulsteiningen Ottar Kaldhol (A) nådde ikkje opp under stortingsvalet i 2001. Største partiet i Ulstein vart KrF med 25,9 prosent, framfor Høgre med 21,9, Frp 18,2 og Ap med 15,3 prosent.
År 2000 starta med ordretørke, permitteringar og arbeidsløyse, særleg i den maritime industrien. Men i løpet av våren 2000 snudde situasjonen, og regionen fekk ein kort, bra periode. Internasjonalt vart det børsfall då den såkalla IT-bobla sprakk, og dette gav eit markert fall i veksten i OECD-området i åra 2001-2003. Som følgje av perioden med høg vekst i Noreg, hadde norske lønningar stige meir enn hos handelspartnarane våre. Våren 2002 sette derfor Noregs Bank renta opp i frykt for inflasjon. Dette styrkte krona kraftig og råka den norske konkurranseevna. Dessutan fall oljeprisen, og dette førte utover i 2003 til ordretørke for store delar av lokal industri. Det var igjen permitteringar og oppseiingar. Næringsministeren Ansgar Gabrielsen i Bondevik II-regjeringa toa sine hender og messa om at verktøyskrinet hans var oppbrukt. Hegnar spådde igjen slutten på norsk verftsindustri. Men som vi veit, snudde marknaden, og frå kring 2005 opplevde lokal industri- og offshorenæring ein oppgangsperiode med variasjonar på nærare ti år.
Ved stortingsvalet i 2005 tok Jens Stoltenberg over som statsminister i ei samarbeidsregjering mellom Ap, Sp og SV. Ved valet i 2009 fekk Stoltenberg halde fram med denne koalisjonen.