Som vanleg var det ein massiv debatt i spaltene til lokalavisa før kommunevalet i 2007, side opp og side ned. I tillegg hadde avisa si eiga redaksjonelle satsing på kandidatane. Valet gav Ap 838 stemmer (26,2 prosent) og sju representantar, ein meir enn perioden før.
Høgre oppnådde 707 røyster (5), Frp 626 (5), KrF 404 (4), Sp 201 (2), Venstre 186 (1) og SV 124 (1). Ein brei koalisjon sytte for at Hannelore Måseide (Ap) fekk fire nye år som ordførar, medan Olav Sæter (KrF) heldt fram som varaordførar. Dette var resultatet av ein avtale mellom Venstre, SV, Sp, KrF og Ap. Dei fem partia fekk til saman 15 representantar i kommunestyret, medan Høgre og Frp fekk 10. Det kom inn 10 kvinner i det nye kommunestyret.
Det nye formannskapet vart sjåande slik ut: Knut Erik Engh (Frp), Ivar Mork (Ap), Heidi Strand (H), Tor Meinsth (H), Gry Olaug Dimmen (Sp), varaordførar Olav Sæter (KrF) og ordførar Hannelore Måseide (Ap).