Planlegginga til Ulstein Verft gjekk sin gang. Midt i august 1999 var konsekvensutgreiinga klar, og saka kunne sendast ut på høyring. Det var ikkje småtteri. Her låg det føre planar om ei utbygging på fleire hundre millionar kroner på Osnes. Investeringane skulle sikre framtida for Ulstein Verft, men dei store bygningsvoluma ville få visuelle konsekvensar.
Dette var slikt politikarane måtte ta stilling til. Var det klokt med slike investeringar i ein industri som til dei grader var nede i ein bølgjedal? Idar Ulstein var ikkje i tvil. På eit industriseminar i Ulsteinvik denne augustmånaden fyrer han av ei breiside: – Eg synest norsk verkstadindustri er for tafatt. No har fleire byrja å byggje skrog i utlandet. Dette er berre forløparen til å legge ned heile skipsindustrien i Noreg. Vi må ikkje overlate stålet til utlandet. Ta i bruk nytt utstyr, samarbeid, ta opp konkurransen med lågkostlanda. Reiarane skal byggje skip i Noreg i framtida (Vikebladet Vestposten).
I oktober 1999 sender Idar Ulstein eit tydeleg signal til politikarar og bygdefolk under eit møte om Osnes-planane: – Kommunen kan seie nei, men det vil bli ein katastrofe for bygda.
Dei komande vekene blir det ein diskusjon i avisa om konsekvensane av Osnes-planane, og om verftet skal få heile Boholmen eller ikkje. Men då utbyggingsplanane endeleg kom til kommunestyret i mars 2000, var det ingen tvil. Dei nærare 70 tilhøyrarane i kommunestyresalen fekk høyre at det var samla politisk vilje til å legge til rette for ei storstilt verftsutbygging.
Storsatsinga til Ulstein Verft på Osnes i Ulsteinvik dei komande åra er noko av det viktigaste som skjedde i kjølvatnet av salet av Ulsteinkonsernet. Då tidene snudde i 2005/6, var Ulstein Group klar til å ta boomen, hadde skaffa seg gode fasilitetar, fleire bein å stå på, mellom anna gjennom ny satsing på skipsdesign, og tente pengar. Viktig for lokalsamfunnet, viktig for dei tilsette, viktig for regionen.