I 10-årsperioden frå 1989 til 1999 var jordbruket i Ulstein inne i ei dramatisk endring. Talet på mjølkekyr i Ulstein og Hareid minka med 83, medan talet på driftseiningar med minst fem dekar med jordbruksareal i drift minka med 194. Jordbruket i dei to kystkommunane var på stupande kurs.

Det var også færre ungdyr og anna storfe. I Ulstein var det ein nedgang frå 551 til 459. Totalt var nedgangen på ungdyr i dei to kommunane på 92 i tiårsperioden. Også sauehaldet i Ulstein var på retur. Talet på sauer hadde gått ned med 204, frå 899 til 695. Det hadde gått føre seg ei strukturendring i det lokale jordbruket dei siste ti åra. Talet på driftseiningar gjekk kraftig ned, medan dei bruka som overlevde, vart stadig større.

Leiar Alv Øvrelid i Vestre Sunnmøre Bondelag var både sint og frustrert etter at regjeringa la fram forslaget til jordbruksoppgjer i mai 2000: – Dette skvisar den vanlege vestlandsbonden heilt ut. Til Vikebladet Vestposten fortel Øvrelid om familiegarden han hadde overlate til dottera og svigersonen eit par år tidlegare. Garden hadde 27 mjølkekyr og 53 ungdyr og oksar. Inklusive fellesbeitet på Ulset og skogen var garden på 600-700 mål. Av dette var 270 mål dyrka: – Dei siste par åra har inntektsnedgangen på bruket her, og tilsvarande gardsbruk, vore på mellom 100.000 og 150.000 kroner. Det er ikkje til å leve med, forklarte Øvrelid.

– Det er ei skremmande utvikling for jordbruket i området, sa landbrukssjef for Søre Sunnmøre, Ove Kaldhol, i eit intervju med lokalavisa i juli 2000. Det var i hovudsakleg bruk med over 20 mjølkekyr som fekk inntektsauke i 2000. – Dette gir god dekning for å hevde at jordbruket i dei to kommunane har vore på stupande kurs det siste tiåret. Det var Statistisk Sentralbyrå som presenterte tala. For Hareid sin del minka talet på mjølkekyr i den omtalte tiårsperioden frå 260 til 209, medan Ulstein hadde ein nedgang frå 268 til 236.