Den siste nyttårskonserten i det første tiåret på 2000-talet vart halden på Sjøborg i 2009. Det gav arrangementet eit lyft og samla heile 850 tilhøyrarar til dei to framsyningane. Konferansier var Øyvin Sønnesyn, og dei to korpsa HDU og Ulf imponerte. Det same gjorde solistane Svein Erik Sagbråten og Tina Brandal. Dirigent var Kjellstein Knotten.

I november 2008 vart det kjent at 30.000 betalande hadde besøkt Sjøborg det første driftsåret. Kinoen hadde selt over 17.000 billettar, medan dei ulike kulturarrangementa hadde trekt 13.000. Kulturetaten i kommunen hadde mykje av æra for det store oppmøtet og dei mange arrangementa. Oppvekst- og kultursjef Leif Ringtstad var stolt over resultatet og lét vel over publikum på Sjøborg. Kinosjef var Kristine Brungot.

Galleriet på Flø siglde i medgang og samla stadig eit stort publikum. I februar 2008 kom Magne Furuholmen til Flø for å førebu utstillinga si som snart skulle opne. Han meinte den dramatiske naturen på Flø var ei perfekt ramme rundt kunsten hans. Furuholmen trekte 600 menneske til Flø på opningsdagen for utstillinga Anticlimax i Studio Opdal. Han selde verk for 270.000 kroner første dagen.

Furuholmen var også døropnaren til ei Flø-utstilling av den verdskjende kunstnaren Damien Hirst. Engelskmannen var villig til å stille ut noko av kunsten sin i galleriet på Flø frå søndag 16. november 2008. Studio Hugo Opdal hadde lykkast med å sikre seg den kunstnaren i verda som hadde den høgste prislappen på kunstverka sine. Sjølv kom Hirst aldri til Ulsteinvik, men kunsten hans var på plass midt i november, og folk strøymde til. Det var ingen ringare enn professor Jan Vincents Johannessen som fekk æra av å opne utstillinga søndag 16. november. Paul Stolper, nær medarbeidar av Hirst, var til stades under opninga.

Ungdommens kulturmønstring 2008 gjekk av stabelen i februar og baud på mykje song, musikk og dans. Med rundt 400 i salen hadde dette arrangementet festa seg som ein tradisjon sidan 1990-talet. Her var elles både kunst og filmar. Arrangementet gjekk sjølvsagt på Sjøborg.