Dette er situasjonen i Ulstein ved starten av 1900-talet og utover. Dei fleste som budde her, var bønder og fiskarar. Men kulturlivet blømde. Sentralt stod kyrkja og dei kristne organisasjonane. Det var skipa ungdomslag på slutten av 1800-talet, og fråhaldslosjane hadde fått fotfeste og leverte viktige bidrag til kulturen. Men meir enn det: Det var mindre av den tradisjonelle ølbrygginga på gardane mot slutten av 1800-talet og framover mot kommunedelinga i 1917, sjølv om alkohol og rus levde som ein understraum.

I tida rundt unionsoppløysinga (1905) var både menn og kvinner, ikkje minst mange unge, aktive i strevet for å sameine bygdekulturen med nasjonalkulturen. Dette ser vi mellom anna i korleis ungdomslaga drog den nasjonale kunsten og kulturen inn på dei lokale scenene. Lat oss ta nokre steg tilbake og sjå litt meir på kva samfunn Ulstein rann ut av.

Rundt 1860 har vi enno mykje av eit bondesamfunn i Ulstein, tufta på dei kjende og nære tinga: garden, tunet, grenda, bygda, småøyane og fjorden. Det som var kjent og kjært for samtida, kan for dagens menneske verke underleg og framandt. Gards- og arbeidsfellesskapet i det gamle samfunnet, det vi med eitt ord kan kalle samvirket, var bygt på sosiale og økonomiske ordningar som ligg fjernt frå våre dagars marknadsøkonomi og forbrukarsamfunn (Nærbøvik 1999). Men det er i denne fellesskapen og desse tradisjonane vi har røtene våre. Når vi etter kvart skal følgje utviklinga frå det gamle samfunnet, gjennom moderniseringa og industrialiseringa – og fram til dagens samfunn med sine servicenæringar og sitt allsidige arbeidsliv, må vi hugse på at fiske alltid har vore ein viktig del av Ulsteins historie. Omgrepet fiskarbonden dekkjer mykje som ligg i dette.

Forfattaren og folkeminnesamlaren Thrond Sjursen Haukenæs vitja Hareidlandet våren 1888. Då han kom hit, fann han mest berre positive ting. Haukenæs tok dampskipet frå Ørsta til Hareid for så å følgje vegen gjennom Hareidsdalen og over Eidet til Ulsteinvik. På høgre side av dalen såg han vakre gardar, til venstre eit fint og fiskerikt vatn og trelause myrstrekningar kledde med lyng. Det var som om han skulle ha kome til Jæren eller dei jydske heiar, meinte han, men la til at jordbruket var noko forsømt.

Kanskje er det grunn til å stoppe litt opp ved utsegna til Haukenæs om jordbruket. Kunne det vere slik at mange som åtte gard til dømes i Ulstein, ikkje la heile sjela si i gardsdrifta? I så fall er ikkje dette trekket av ny dato. Alt då futen Andreas Landmark kom til Hareidlandet i tida rundt 1800, registrerte han at her var mangt som mangla i den samfunnsmotoren som landbruket skulle vere. Han meinte å sjå at havlufta og det våte vêret var ei hindring for ullproduksjonen. Det voks mykje lyng som sauene kunne livnære seg av ein stor del av året. Likevel heldt folket lite sauer og greidde seg med lite ull. Spinning og veving, som kvinnene dei fleste stader var flinke til og dreiv med som vinterarbeid, det forstod dei seg lite på her ute. Futen ønskte seg sauer og meir ull, og såg for seg at både mann og kvinne kunne utnytte dette betre. Ikkje minst ville ulla gi vinterarbeid til kvinnene. Lokalhistorikaren Ingvard Bjåstad konkluderer med at tilhøva i dette øysamfunnet nærast var tilbakeliggande når det gjaldt gardsstellet og heimeindustrien.

Stagnasjonen i jordbruket i Ulstein hadde nok ulike grunnar. I eit brev til styresmaktene i København i 1801 peiker amtmannen på at folk ikkje brydde seg om anna enn fiske. Særleg tok sommarfisket bort merksemda frå jordbruket. I juni månad skunda folk seg med å kome seg på sjøen. Såleis forsømde dei gardsdrifta akkurat i den årstida då gardsstell og dyrking var viktigast. Så seint som i 1860 kunne amtmannen opplyse at jordbruksreiskapane var «de simpleste». Det var treplogar med ristel av jern og veltefjøl av tre og horver som ofte hadde tretindar (Bjarne Rabben 1978). Men gradvis kom jernet meir i bruk.

Haukenæs meinte altså å registrere at det ikkje var full satsing på jordbruket på øya. Då må vi ikkje gløyme at fisket alltid har gitt mat i munn hos øybuarane. Gjennom hundreåra hadde sjøen vore viktigaste næringsvegen ved sida av gardsdrifta. Ofte var det fisket som skaffa mest kontantar. Mange hadde gardsbruk og dreiv fiske som attåtnæring eller hovudnæring. Såleis kom altså ordet fiskarbonde. Det fall seg slik at det jamnast var kona som sleit med det meste av gardsdrifta heime. Dersom fisket slo feil, hadde dei gardsbruket å flyte på.

Bygdelivet var prega av onnearbeida på gardane og sesongane i fiskeria. Heile familien, vaksne, born og kårfolk, tok del på sin måte; dei same gjeremåla år etter år. Alt før snøen hadde fare, byrja bøndene å køyre ut naturgjødsla og la ho i dungar. Så var det å breie ho utover og pløye ho ned; deretter så korn og setje poteter. Buskapen måtte ut så tidleg som mogleg. Bøndene hadde gjerne knapt med fôr. Først sleppte dei ut geitene, så sauene og til slutt kyrne. Straks det vart nok beite i utmarka, sende dei dyra til fjells. Det var oftast kvinnene som dagleg gjekk opp i utmarka og mjølka kyrne, leitte dei fram i vêr og vind og bar mjølka til gards. Det var ikkje seterdrift i Ulstein.

Vinterfisken skulle også stellast. Når det var terre, la dei han oftast til tørk om morgonen. Så var det gjerne borna som hadde oppgåva med å snu fisken i middagstida. Om kvelden var det å lø han saman igjen.

Når vårvinna var ferdig, måtte dei spa torv. Ser vi biletet av Ulstein tidleg i førre hundreåret, forstår vi kvifor torv var så viktig. Øya var snau; her var knapt eit tre. Først tørka dei torvet litt på marka, så husa dei det (lødt på ei spesiell måte), før dei etter ei tid tok det inn i torvskjåen (torvløa).

Kvar stund måtte nyttast. Den rolege perioden mellom vårvinna og slåtten nytta dei til vedlikehald. Kanskje mol dei resten av kornet; kvinnene baka. Andre reiv lyng og eine; og fanst der nokre bjørkerunnar, var det gjerne å flekke bork og never. Nevra trong dei til hustaka og borken til barking av not og garn.

I månadsskiftet mai/juni var det tid for å selje vinterfisken. I slike høve kunne det bli ein bytur. Pengane dei fekk for fisken, kunne dei nytte til å kjøpe ting dei trong i tillegg til gardsprodukta. Sommarstida kunne også nyttast til fiske. Gardane hadde gjerne sine notbruk som dei først og fremst nytta til å kaste etter sild. Slåtten tok ikkje til før i siste halvdel av juni. Ljåar og river var då gjerne nystelte. No arbeidde alle frå tidleg morgon til seine kveld. Høyet vart tørka på marka; kvart strå måtte bergast, også det som voks oppe i floga.

I september skar dei kornet med sigd og hesja det. Etter at dei hadde fått det i hus, vart det treska; seinare når det var tørt nok, mol dei det på kverna. I september var det gjerne òg tid for å hente dyra ned frå fjellet. Dei klipte sauene og slakta dyra som ikkje skulle fôrast gjennom vinteren. Skinn og kjøt vart stelt etter alle kunstens reglar. Dessutan skulle dei no bake vinterforsyninga av flatbrød.

Utover hausten og vinteren var det mykje innearbeid. Ulla skulle stellast, kardast og spinnast. Kvinnene strikka og bøtte klede, vevstolen gjekk. Mennene reparerte reiskap og gjorde klar til vinterfisket, som gjerne tok til ved kyndelsmess, den 2. februar. Då fløytte dei åttringen og sytte for at han var i god stand. Under torskefisket reiste fiskelaget, oftast sju mann, ut tidleg om morgonen. Var det lagleg vêr, nytta dei først og fremst segla. I vindstille kunne dei ro i timevis før dei var ute på feltet. Så drog dei garna, greidde dei og sette dei igjen. Ut på kvelden kom fiskelaget heim att, fekk fangsten i land og gjekk til køys for å vere utkvilde til utror neste morgon. Det var kvinnene – og kanskje karar som hadde slutta å ro fiske, som tok seg av fisken, sløying og stell (Johan Ottesen, Vikebladet 1999). Slik gjekk dagane, vekene og månadene år ut og år inn.