Det viktigaste fisket for fiskarbonden utover siste halvdelen av 1800-talet var vintertorskefisket. Båten han brukte, var åttringen, ein låg og heller flatbotna båt med mast og eitt segl. Handteringa av seglet og masta var tungvint. Men etter kvart vart desse båtane justerte, og møringen kom med to master og fem segl. Så kom det dekksbåtar, og enkelte byrja å eksperimentere med motorar. I Ulstein var listerskøyta Svanhild den første med motor. Då Ålesund brann i 1904, stod Svanhild på slipp der og fekk innsett motor på seks hestar. I åra som følgde vart heile kystfiskeflåten i Ulstein motorisert (Johan Ottesen 1987).

Men det kom også dampfiskebåtar. Rett før hundreårsskiftet kjøpte skreddar Erik Pedersen på Borgarøya den tidlegare rutebåten Agder og brukte han til torskefiske om vinteren og eggafiske om sommaren. Båten vart ikkje verande lenge i Ulstein. Men i slutten av 1902 kom dei første dampbåtane bygde for fiske til Ulstein. Først Ulf, 91 fot lang og nybygd i Porsgrunn og innkjøpt av AS Ulf. Tre månader seinare kom Snorre, 90 fot lang og bygd i Moss, eigar AS Snorre.

Det var lenge berre desse to dampbåtane i Ulstein, men frå 1912 auka det på, og i slutten av første verdskrigen var Ulstein ein av kommunane i landet som hadde flest dampfiskebåtar. Rett etter skipinga av Ulstein fiskeriforeining i 1913 var det berre ein åttring att som dreiv vintertorskefiske, medan det var 49 motorbåtar og to dampfiskebåtar. I 1900 hadde 22 ulsteiningar fiske som eineyrke, 24 som hovudyrke og 192 som attåtyrke. Samtidig var det for lengst slutt på teigblandinga i jordbruket, gardane kunne drivast meir rasjonelt og kunne lettare delast opp. Kontantinntektene frå fisket verka også til ei modernisering.

I september 1912 kom den første trålaren til Ulstein. Båten var kjøpt brukt frå England, der dei hadde lange tradisjonar med slik drift. Båten fekk namnet Hødd den tida han var i Ulstein. Dei som stod bak prosjektet, var Hans A. Wigg, Johan J. Ulstein og Erik Svendsen. Båten vart nytta til tråling etter torsk ved Island og Finnmark, og med godt resultat. Men i 1916 vart Hødd seld til Kristiansund – som med det kunne starte sin trålepoke (Ottesen 1987).

I Hareid, nærare bestemt i Brandal, utvikla selfangsten seg sterkt frå slutten av 1800-talet og utover. Og til Tjørvåg kom den første selfangaren i 1905. Men om mange ulsteiningar fekk sitt virke på ishavet, var det få av skutene som høyrde heime i Ulstein. Den første ishavsskuta som kom til Ulstein, var Nona. Ho var her berre eitt år. Først i 1949 kom legendariske Sjannøy, innkjøpt av Oskar Garnes med fleire. Dette var den einaste selfangaren i Ulstein fram til 1975, då båten vart seld og erstatta av ei ny Sjannøy, men den nye båten vart berre nytta til fiske.