I 1896 stifta ei gruppe kvinner med Fredrikke Marie Qvam i spissen Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS). Qvam var med i leiinga heilt til 1933 då ho var 90 år gammal. Spiren til å skipe Ulstein Sogns Sykepleieforening, som namnet var frå først av, vart sådd då dokter Øverland gjesta Ulsteinvik og heldt foredrag. Han var reisesekretær for Nasjonalforeningen, og det var arbeidet for dei tuberkuloseramma som først og fremst låg legen på hjertet.
På denne tida var dr. Dørge distriktslege i Ulstein. Han tok opp tanken om å skipe ei kvinneforeining som skulle ha som formål å betre folkehelsa i kommunen. Han visste kvar han skulle finne dei rette personane, for her hadde kvinnene i lange tider drive misjonsforeiningar, og det var naturleg å ta kontakt med desse.
Den 30. mars 1912 møtte distriktslege Dørge opp på ei slik misjonsforeining. Det var Nikoline Roppen, kona til skipper Hans Roppen, som hadde foreining den dagen. I følgje Peder Fritz Waage, som har skrive heftet 75 år under kløvermerket – Ulstein Sanitetsforeing 1912 – 1987, sette dokteren seg ved bordet saman med foreiningskvinnene og bar fram ærendet og tankane sine. Han fekk spontan og positiv reaksjon, og dei første medlemene teikna seg alt same dagen. Dette møtet den 30. mars 1912 var såleis det aller første opptaket til det som skulle bli ein sterk og livskraftig organisasjon som har hatt mykje å seie for helse og trivsel i Ulstein. Etter ei gudsteneste ei tid seinare gav sokneprest Wiig ordet til dr. Dørge og Magda Ravn som orienterte og tala varmt for kor viktig det var å få i gang ei sanitetsforeining i kommunen. Mange av dei som var i kyrkja, melde seg som medlemer.
Kort tid etter vart det halde eit møte i doktergarden med val av interimstyre, der Magna Ravn vart vald til leiar. Ho var gift med Torvald Ravn som dreiv forretning i Ulsteinvik. Då Ravn reiste frå bygda, vart Martha Hovden vald til leiar, eit verv ho hadde i 12 år. Foreininga var frå første stund tilslutta Norske Kvinners Sanitetsforening og Nasjonalforeningen for folkehelsen.
Alt første året søkte den lokale foreininga etter ei ung jente som ville utdanne seg til sjukesøster. Marie Hatlemark, som var fullt kvalifisert, søkte på stillinga og vart tilsett. Ho var såleis den første sjukepleierska til saniteten i Ulstein. Ho stod i stillinga til 1918. Sjukepleierska møtte opp i heimane og pleia sjuke og sengeliggande i samråd med distriktslegen og styret. Seinare tilsette saniteten også ei barnepleierske. Saniteten kjøpte også inn nødvendig sjukemateriell, som til dømes sjukekorg til å frakte sjuke til sjukehus på ein skånsam måte
Å skaffe pengar til drifta var sjølvsagt ei viktig oppgåve. I heimane surra rokkane, og på foreiningsmøta var flittige hender i sving med strikking, hekling og brodering for å skaffe gjenstandar til den årlege basaren. Eit anna populært tiltak var dei såkalla korgafestane. Jentene kunne kappast om å lage dei finaste «korgene», som gjerne var ei skoøskje full med godsaker og pynta med fint papir og sløyfe. Korgene vart auksjonerte ut på tilstellingane. Korgafestane vart mykje nytta i alle krinsane i Ulstein til langt ut på 1930-talet. Ei anna årviss inntektskjelde var frå første stund sal av maiblomster og julemerke. Sal av fastelavnsris har også vore ein viktig inntektspost ved sida av basarane (Waage 1987).
Fattigstyret i kommunane delte ut midlar til trengande og la på dei som var betre stilte, å betale inn til kassa. Men folk sette mykje inn på å klare seg sjølv og var vande med det. Nauda var som regel stor når folk ikkje fann annan utveg enn å søkje hjelp hos fattigkassa. Dei sosiale ordningane slik vi kjenner dei i dag, eksisterte ikkje. Her var ei sjølvhjelpsforeining for sunnmørsfiskarar. Ho betalte ut stønad til etterlatne og ymse tilskot i tilfelle sjukdom. Men det var frivillig å betale inn til foreininga, og mange syntest det var dyrt. Der var også litt hjelp å få frå den offentlege fiskartrygda som kom i 1909. I 1910 var Hareid og Ulstein ein del av Vestre Søndmør Lægedistrikt i lag med kommunane Vanylven, Herøy, Sande, Rovde og Vartdalsstranda. Heile denne regionen hadde tre legar og 10 jordmødrer, to av dei busette i Ulstein.
Sanitetskvinnene skulle vere til god hjelp for sjuke, fattige og eldre – med både innsamlingar, pengehjelp og praktisk innsats. Heimesjukepleia var den største oppgåva til Ulstein Sanitetsforeining. I alle åra til vi fekk sjukestove, var oftast ei sjukesyster og ei barnepleierske i arbeid, samarittar har også vore tilsette. Den første barnepleierska var Mathilde Hope, og ho vart tilsett alt i 1916. Det kunne sendast bod til leiaren i sanitetslaget om det var trong for hjelp ved sjukdom, vakt over døyande eller hjelp ved dødsfall.
1927 var eit merkeår i Ulstein Sanitetsforeining. På eit møte den 31. mai gjorde foreininga eit vedtak om å opprette krinsforeiningar. Ulstein Sanitetsforeining heldt fram under same namn som tidlegare, men no som eit hovudstyre for underavdelingane. Dette hovudstyret var sett saman av leiarane i kvar krins og med leiar og nestleiar valde internt i hovudstyret.