Kultur

Innhald
223 treff

Frå 1. januar 1964 var Eiksund ein del av Ulstein kommune. Ved valet 23. september 1963 skulle eiksundbuarane for første gong røyste i kommunen. Med det ville kommunestyret bli utvida frå 21 til 25 representantar og med sju i formannskapet. I midten av september 1963 presenterte Vikebladet partilistene, V, Ap, Sp, H og KrF. Valet gav Høgre flest stemmer med 379, seks mandat, KrF fekk 368 og fem mandat, Arbeidarpartiet 360 og fem mandat, Venstre 329 og fem mandat, og Senterpartiet 254 med fire mandat.

Transporten på land gjekk gjerne for seg med hest og kjerre, men i 1916 kan vi lese i avisa Aarvak at Ole J. Skeide har søkt om å få starte med bilrute i kombinert person- og varetransport. Bilen han skaffa seg, kom til bygda i juni 1916, og planen var rute frå Flø til Kjeldsund, ja, kanskje også til Larsnes. Dette var den første bilen i Ulstein, ein Toledo Overland 1912-modell. Men ikkje alle såg like positivt på framsteget. Ein av dei som ikkje likte saka, var Olaf Ringstad som gav uttrykk for meininga si i eit innlegg i avisa.

I november 1936 hadde endeleg Eiksund fått vegsamband med Ulstein i det Håheimsvegen var gjennombroten og knytt saman med gamlevegen på Eiksund-sida. Dermed hadde Ulstein kommune gjennomført det som kom på seg. Men vegen i sjølve Eiksund var så dårleg at han ikkje ville tole mykje trafikk. Han måtte såleis utbetrast. På dette tidspunktet var Eiksund ein del av Herøy kommune. Og folket der var nøgde med det.

Ragnar Ulstein var første mann heim av dei ulsteiningane som hadde vore borte under krigen. Våren var still og vakker då bilen svinga opp gardsvegen og inn i tunet der mora og faren stod. Trykte handa deira utan å få fram eit ord, steig i ørske opp steintrappa og inn i stova. Alt var kjent, alt var godt.

Om morgonen tysdag 8. mai 1945 kunne folket i Ulstein høyre kyrkjeklokkene kime. Frigjeringsfesten var i gang. Om kvelden strøymde bygdefolket til Ulsteinkyrkja til fredsgudsteneste. Mannskor og blandakor song, Musikklaget Ulf spelte.

I november 1938 blir det kjent at sokneprest Otto Holmås igjen har søkt seg bort og truleg vil få kallet i Radøy. Samtidig køyrer dei ein møteserie med god oppslutning. Etter den tredje møtekvelden skriv ei mor ei takk gjennom lokalavisa til presten. Kanskje håpte ho han ville ombestemme seg å bli: – Eg har slik hug til å takke presten vår for alt han gjer for oss! Så pliktoppfyllande som han er, så prøver han å gi oss det beste han veit. Frå hans store, rike sjel strøymer hans forklaring av Bibelen mot oss, og Guds nåde. Holmås er den fødde førar, og han leier i sanning ungdommen «på dine vegar».

Det er i år 80 år sidan Noreg vart invadert av Tyskland 9. april 1940, og det er 75 år sidan frigjeringa 8. mai 1945. Levd Liv, som er årsskriftet til Ulstein Historielag, har opp gjennom åra hatt mange artiklar med lokalt tilsnitt der siste verdskrigen har vore tema. I Levd Liv 2016 kom dagboknotata til Olav Osnes frå aprildagane i 1940 på trykk. I år vil me presentere opplevingane Olav Osnes hadde etter å ha blitt arrestert av Gestapo i desember 1941 og frakta til Vollan kretsfengsel i Trondheim.

Eg skal her prøve å skrive ned noko av det eg kan hugse frå då krigen braut ut i 1940, og då tyskarane gjekk til angrep på Norge den 9 april 1940. Eg var då vel 11 år. Far, som hadde høyrt nyheitene på radio, kom og fortalte at no var det krig i Norge, vi ungane vart redde og grunda mykje på kor det skulle gå med oss.

Lat oss sjå nærare på Ulstein samfunnshus som skulle spele ei viktig rolle for kulturlivet i Ulstein frå 1960 og framover: Som kjent vart det i 1957 skipa eit lutlag med tanke på å realisere Ulstein samfunnshus og med Thomas Strandabø som styreleiar. Den 12. november 1960 var det opningsfest for samfunnshuset. Lokalhistorikar Guri Alme kallar reisinga av samfunnshuset og det folkelege engasjementet rundt for eit paradigmeskifte i Ulstein.

Problemet med fyll og stimling, særleg på Haldeplassen i Ulsteinvik, er stadig under debatt desse åra i starten på 1970-talet. Men dansane blir ei viktig inntektskjelde for idrettslag og liknande organisasjonar. Den 9. november 1971 skriv Vestposten på leiarplass: – Vi skal ikkje her drøfte kva som har ført til denne fatale utviklinga. Årsakene er nok mange. Men det er kanskje grunn til å rette eit ord i alvor både til næringsliv og kommunale styresmakter.

Song- og musikklivet i Ulstein har rike tradisjonar. Det eldste mannskoret var 65 år i 1949 og eldste hornmusikklaget 56 år. Kommunen har no to musikkorps, tre mannskor og fleire blandakor. IL Hødd hadde 30-årsjubileum i 1949, og idrettsplassen Høddvoll var om lag like gammal. Elles har kommunen rundt 1950 mange andre lag som kvar for seg hadde oppgåver å fylle. Kommunen hadde tre ungdomshus og to bedehus, og fine lokale for møte og festar. Dessutan hadde ungdomsskulen og fleire av folkeskulane gode samlingsrom.

TV serien ”Kampen om tungtvatnet” gjorde at den nære fortida kom oss rimeleg nær. Vemork-stasjonen vart øydelagt natt til 28. februar 1943. Tre veker etterpå var her lokal dramatikk; ”Dragsundraidet”, som det vart kalla av tyskarane, skjedde 23. mars 1943:

Ulstein kvileheim blei riven våren 2007. I samband med det, er det naturleg med eit tilbakeblikk på historia til denne viktige institusjonen i Ulstein kommune. Denne artikkelen baserer seg på ein artikkel av Lidun Hareide og eit tilbakblikk skrive av Asbjørg Hasund Grønmyr. Begge desse artiklane er frå 1991 og stod i Vikebladet/Vestposten.

Den 15. januar 1941 sende biskopane eit skarpt brev til Kyrkjedepartementet. Her uttrykte dei tvil om det nye regimet ville halde seg til folkeretten. Nazistyresmaktene hadde mellom anna nyleg oppheva teieplikta til prestane. Brevet gjekk samstundes til alle kyrkjelydar i landet. Formannen i Ulstein sokneråd, Johannes O. Ulstein, la det fram i eit rådsmøte 19. februar 1941. Han las då opp endå eit brev frå bispekollegiet. Det hadde blitt trykt i 50.000 eksemplar og var stila til kyrkjelydane. Norsk politi fekk ordre om å kverrsetje brevpakkane, men fekk tak i berre 20.000 eksemplar. Brevet vart såleis kjent over heile landet, lese opp i mange kyrkjer, mellom dei kyrkjene i Ulstein og Hareid.

I 1917 var det klart at kyrkjegarden i Ulsteinvik ville bli for liten om få år, og kyrkjetilsynet leitte etter alternativ. Den første tanken som melde seg, var å ta opp att den gamle kyrkjegarden på Ulstein som ei mellombels løysing. I staden såg dei seg om etter ein annan stad som låg nærare. Valet fall på Osnesflòtene. Der var fin og djup sandjord, men som venta kom det sterke motførestellingar mot å ta den beste matjorda og dei finaste attelegene på Osnes. Men det enda med at heradsstyret tok grunnen med oreigning. Den 1. september 1920 skreiv dei under på skøytet.

Soknerådet hadde i lang tid arbeidd med å skifte ut orgelet som etter kvart hadde vorte lite tenleg. Dei sette ned ei nemnd som etter kvart ville kjøpe eit brukt orgel som hadde vore nytta av den tyske kyrkjelyden i Oslo. På denne tida var det fleire års leveringstid på nytt orgel, og nemnda vende seg til to kjende organistar i Oslo, som begge hadde nytta orgelet. Dei meinte det var eit høveleg orgel til ei kyrkje med om lag 400 sitjeplassar. Prisen var 36.000 kroner, og det meinte dei var rimeleg for eit så stort instrument. Organist i Ulstein, Hallbjørg Hop, reiste så til Oslo saman med orgelbyggjar H. Ivers og organist Sigvart Fotland for å gjere seg kjend med instrumentet saman med sakkunnige (Waage 1978).

På 1960-talet skjedde noko som truleg meir enn andre faktorar endra tanke- og trusliv, kultur, smak og mentalitet i ei bygd som Ulstein: I 1960 var det klart for ordinære fjernsynssendingar i Noreg. Då fekk folk heile verda rett inn i stova via skjerm. Naturleg for oss i dag, men merkeleg for folk flest då det kom. Fjernsynet tok snart føringa som vårt viktigaste og sterkaste massemedium, sjølv om det var dei som var skeptiske den første tida.

Det høyrer med til historia at den nye kyrkja som vart reist på Ulstein i 1848, vart flytta til Ulsteinvik. I juni 1878 tok dei til med rivinga av kyrkja. Grunnmuren vart sett opp i 1877 av murmeister Bernt Myrene, og mesteparten av steinen henta dei på Ulstein og frakta på vinterføre med hest og slede. Dei henta også ein del stein med båt frå Botnura. Det som vart til overs, brukte dei til kyrkjemur.

Aksel, Levd liv himself, har eit sterkt ønskje om å få inn noko om lastebilgründerane i Ulstein, dei som starta opp med dette nye yrket, og dei som heldt fram til våre dagar. God ide, Aksel, men dette kan ikkje eg nok om. Jau, du har no mykje om dette i boka ”Bilen og Folket i Hareid og Ulstein”. Men eg kan ikkje tyte oppatt det som står i boka. Ja men her er ikkje andre som eg veit til å gjere denne jobben. Lastebilfolket hadde eit tøft yrke, og eg vil ha slitarane fram i lyset også i Levd Liv. Nei, ja , eg får prøve å sjå kva eg kan kome på, og sjå om eg får til noko som er verdt å lese. Det er ikkje greit å seie nei til kulturfyrtårnet Aksel Hauge.

I august 1961 døydde lensmann Bernhard Harkjerr etter 30 års teneste i Hareid og Ulstein. Han hadde ikkje berre engasjert seg i jobben, men mellom anna også i idrettsarbeid og losje. Det oppstår no ein disputt mellom Ulstein og Hareid om kvar den nye lensmannen skal bu.