Denne sumaren i 1941 var det stor trafikk over Nordsjøen til Shetland her frå distriktet. På folkemunne vart Ålesund kalla for vesle London. Tyskarane raste, og ved hjelp av Rinnanbanden vart mange arresterte og torturerte. Det vart også avsagt mange dødsdomar, men trafikken berre auka på. Som eit siste desperat forsøk på å få slutt på Englandsfarten, kom der ordre frå høgste hald at fedrane til dei som hadde rømt skulle arresterast. Utan forvarsel kom Gestapofolk også til Ulstein og tok med seg dei som dei fekk tak i. I Dimna tok dei Rasofiel Notanes og Kristian Vik. Men onkel Salamon, far til Bernt Dimmen, var tilfeldigvis ute og fiska, så han gjekk klar. Dei andre som vart arresterte frå Ulstein var: Julius Ulstein, Matheus Ulstein, Thomas Hatlø og Petter Osnes, far til Ewald. Saman med resten frå Sunnmøre, vart dei sende til Grini der dei sat eit års tid. Rasofiel Notanes fortalde meg etter krigen at dei fekk forholdsvis god behandling. Rasofiel kom på eit arbeidslag saman med fleire kjende personar som Francis Bull m.fl.
Den 25. mars 1909 kom M/B «Norge» frå Haddal inn frå fiskefeltet. Det var sju mann ombord. Dei hadde ca 2000 torsk og sei som fangst. For å spare olje hadde dei sett segl, og stoppa motoren. Det var ein nord- austleg bris og solskin. Midt mellom Grasøyane og Fallja (Vallabåane) blei dei pårent av lastebåten «Wilfred» frå Trondheim. Fem mann omkom – to blei berga. Dette gjorde eit sterkt inntrykk på Oskar Garnes som var 16 år den gongen. Oskar blei seinare ein kjend og respektert fiske-og ishavsskipper, som gjekk i bresjen for å koste skuta «Sjannøy» i 1949.
I eit lydbandopptak gjort av Konrad Myrene fortel han om si oppleving, og den er gjengitt tilnærma ordrett, men oppstykkja med mellomtitlar.
Då eg vaks opp hadde vi ikkje elektrisk straum på Ringstad før eg var i 10-11-årsalderen.
Oljelampen og fjøslykta med sitt svake skin gjorde at det var halvskymt både inne og ute, og dette gav rom for fantasien så vi trudde både på tusser og troll.
På garden der eg budde vart det fortalt nokre soger som gjekk i arv, og som bestemor Ingeborg og tante Anna fortalde mens rokken gjekk og forvandla saueulla til heimelaga spøta- tråd.
Ei av desse sogene fortel om ei hending frå Hammarstøylen, ei fortel om ein slagbjørn som var på ferde, og den tredje om fanten som møtte honden hass Jo Fjelle.
Dette stoffet er henta frå heftet “Ymse nedteikningar av Knut J. Hasund”, samla av dottera, Asbjørg Hasund Grønmyr. Artikkelen er den andre frå dette heftet.
Her var mykje overtru hjå folk i gamle dagar, både på landjorda og på sjøen. Det meste av det hadde kvorve då eg vaks opp, men somt hekk igjen, og somt heng kanskje att ennå.
Asbjørn Flø kan fortelje at tyskarane kom til Flø i juni 1940 og reiste derifrå i juni 1941.
-Dei for like stilt som dei kom i grunnen. Med unntak av nokre få einskildepisodar, kom der ikkje til konfrontasjonar mellom dei tyske soldatane og Fløfolket. Vi hadde nok mindre med dei å gjere enn det til dømes Garnesfolket hadde.
Torbjørn var frå Strandebøen i Ulstein kommune. Han var fødd 18.08.1909. Son av Ludvik og Nikoline Strandebø. Torbjørn hadde fem sysken, Magnulf (f. 1905 ), Arnvid (f. 1907), Helga (f.1912), Bergljot (f. 1917), Hallstein (f. 1921).
Når blei tanken om eit samfunnshus i Ulsteinvik lansert for første gong? Ein avisartikkel hevdar at Asbjørn Hasund (Vågen) og Anton Kleiven hadde ein samtale om dette på seint 40-talet. Desse unge mennene hadde vore ute i verda og sett andre forhold enn i heimbygda. Det var nok også eit tema som blei diskutert der folk møtest.
Dette stykket på 4 mål vart utskifta då Jensgarden var eigd av Rasmus Ulstein. Svigersonen, Olav Hasund, var med på garden. Kjøpar var Johan Svendsen (1877-1915). Han var utlærd møbelsnikkar. Han hadde vore nord i Skånland og ført opp kyrkja der. Der trefte han kona si, Anna.
Arvid Petterson har skrive ei rekke historiske bøker med Finnmark som arena. Frå den siste boka hans «Deportering -eller flukt? Porsanger 1944-1945» har vi fått lov å ta med eit intervju med Agnes og Egil Wilhelmsen. Intervjuet kan lesast i samanheng med den førre artikkelen i boka: Porsanger – Ulstein, tur – retur. Her er intervjuet:
Vattøya er den største av ei rekkje små øyar, holmar og skjer nord for Hatløya, mellom Bøneset på Leinøya og Fløstranda.
Det er ein nydelig dag. Eg tek fjellturen til Laupen nord for Eiksundsela. Eg hadde teikna opp same motivet frå steingarden i Eiksunddalen eit par dagar før, men tenkte å sjå det frå ein noko høgare sjåstad, med litt betre variasjon i strandlina.
Tidelegare i oktober låg snøen langt ned i fjellsidene. Det er enno bra med kvitfarge på toppane. Sydaustbrisen lagar friske vindfelt med lyseblå straumier innimellom. Vartdalsfjorden er ei djup og trygg farleid.
Den første veterinærhøgskulen i verda vart oppretta i Lyon i Frankrike i 1762. Også Danmark og Sverige var tidleg ute. Veterinærhøgskulen i København vart oppretta i 1773 og i Skara i 1775. Veterinærhøgskulen i Skara vart flytta til Stockholm i 1821. Dei første studentane vart tekne opp på Norges Veterinærhøgskole i Oslo i 1935, men høgskulen vart ikkje offisielt opna før i 1936.
Vik kyrkjegard i Ulsteinvik sentrum har svært mange støypejarnkors. Mange med fine mønster og symbolikk og i god stand.
– Skikken med støypejarnkors kom til Noreg i etterkant av Napoleonskrigane tidleg på 1800-talet, kunne Trudi Henrydotter Eikrem fortelle under den kulturhistoriske vandringa 29. mai. Trudi er førstelektor ved Høgskulen i Volda og sit i styret for Ulstein historielag.
På byrjinga av 1800-talet kom posten sjøvegen frå Borgund til Brandal. Hjå futen Landmark vart posten sortert og rodd til Hareid. Postbodet gjekk eller reid frå Hareid til Skeide på ein veg som knappast kunne kallast ein gang- eller rideveg. Frå Skeide gjekk posten vidare til prost Buschmann i Dimnasund, eller frå 1815 via sorenskrivar Staboe på Håkonsholmen. Sørgåande post gjekk sjøvegen frå Osnes til Ekset i Volda.
I området ved Hasundstraumen, både på Hasund og på Dimnøya, har der vore buplassar frå langt tilbake i tid. Dette kan vi mellom anna sjå av alle gravhaugane. I dette området hadde Hasundkarane storbåtnaust. I Storevika var der ei god styd. Eit berg ved denne styda vart kalla Åburen. Dette området er fylt att med stein i dag.
Vi som er gamle kjem igjen og igjen attende til dei voldsomme endringane som har skjedd i levekåra våre dei siste seksti, sytti åra. Og neppe på noko område er forandringane så store som når det gjeld å reise.
Aslaug Aarkvisla (f. Saunes) peiker på ansikt etter ansikt på biletet av Heimestyrkane oppstilt utanfor folkeskulen i Ulstein i 1945. Ho kjenner igjen dei fleste og seier namna deira, sjølv om ansikta er uklare på det gamle fotoet. No er alle på biletet borte. Aslaug er ein av få som hugsar innsatsen til Heimefronten i Ulstein. Sjølv hadde ho 8 brør. Dei fire eldste var med og kjempa i krigen.