Håkonsholmen, i Ulstein kommune er ein gamal handelsstad frå midten av 1600-talet. Seinare vart staden også tilholdstad for sorenskrivaren og i den samanheng også postopneri. I daglegtalen vert Håkonsholmen berre nemnt «Holma». Dette viser kor sentral denne staden var i eldre tid.
Jekteverksemd knytt til «Holma» frå 1649
Den fyrste som er nemnd som handelsmann, var Laurits Nilsson i 1649. Skulle ein drive handel, måtte ein ha jekt som kunne frakte varene mellom dei store handelssentra og ut i distriktet. Det står ikkje skrive om Laurits hadde jekt, men det er lite truleg han kunne drive handel uten.
På slutten av 1600-talet (1699) kan me med sikkerheit seie at der var jekt tilknytta Håkonsholmen. Handelsmann Klaus Jakobson Reimers var då «seilingsmann», det vil seie han segla rundt med jekt med innanlandske og utanlandske varer.
Auksjon på Håkonsholmen
I 1737 fekk Størker Hansson YtreDimmen skøyte på handelsstaden av Kristen Tønsson Rot. Med i kjøpet var ei jekt på 20 lester (1 lest = 12 tønner). Størker dreiv handelen i 4 år og var ein velhalden mann då han døydde brått, like etter.
I 1746 vart Holma seld på auksjon til Nils Jakobson Myklebust. Jekta vart seld til Robert Eirikson Flusund, bror til enkja etter Størker Hansson YtreDimmen.
Dette førte til at Nils måtte skaffe seg ei anna jekt, om han skulle drive vareførsel. Han vende seg til Hans Olson Ytre-Dimmen, far til Størker Ytre-Dimmen.