Julestjerna blei første gong tent vesle julaftan i 2012. Då hadde Magne Grimstad jr. to dagar tidlegare presentert idéen for Lidbjørn Vattøy. Han stilte sporty opp, teikna modellen og kappa to-fire-tom for montering. Dei to første åra stod stjerna i Osnesbrunene, men trestjerna var ikkje ei permanent løysing.

Tidleg i september 2014 tok Grimstad kontakt med Herøy vidaregåande skule med eit spørsmål om elevane kunne gjere eit prosjektarbeid med å bygge julestjerna i Ulsteinvik. Lærarane Per Helge Molnes og Jostein Skar stilte seg positive til julestjerna. – Det er heilt greit, berre vi får bygge ei større julestjerne i Fosnavåg, sa dei. Og slik blei det. Saman med flittige og ivrige elevar frå TIP-klassene (Teknikk og Industriell Produksjon) blei den nye stjerna i aluminium ferdigstilt til advent 2014. Seinare bygde Hareid også si stjerne etter same mål.

Julestjerna blir tend første søndag i advent og lyser over Ulsteinvik til tjuandedag jul, dvs 13. januar. I år er det tiande gong julestjerna blir tent. Julestjerna er blitt eit felleseige. Ikkje minst merkar vi det når julestjerna sluttar å lyse av ulike årsaker.

Det er viktig å ta vare på tradisjonar og det er viktig å ta vare på vår felles historie.

Hjelp oss å ta vare på fortellinga om Ulstein

Dette er ein open artikkel. Om du ynskjer å lese fleire artiklar frå nettsida, må du bli PlussMedlem. I tillegg får du årets utgåve av Levd liv. Og som ny medlem får du ein kalendar med bilde frå alle krinsane. Bli medlem i Ulstein historielag!