I 1820 var her ikkje nokon veg i det som i dag er tettstaden Ulsteinvik, berre råser mellom gardane. Alle husa på Osnes (området frå Halsen til kyrkja) låg i ei klyngje nedanfor Osnesbrauta.
Frå Reiten til kyrkja var her ikkje eit einaste våningshus før etter 1860.
(Første del av denne artikkelen stod i “Levd liv, årsskrift for Ulstein historielag 2009)
Håkonsholmen høyrde sjølvsagt med til denne skulekrinsen, eller skal vi seie grenda, men Håkonsholmen har vore omtala tidlegare i “Levd liv” så vi viser til det.
Til 100-års-jubileet for Ulstein Indremisjon laga Kristen Ulstein Hatlebrekke eit jubileumsskrift. Under arbeidet kom han over ein handskriven biografi om Johannes Skeide, ein føregangsmann på mange område.
På oppmoding og spørsmål om eg kan tenkje meg å skrive og fortelje litt om bestefaren min Anton Ulstein, så har eg svara ja. Det har ikkje vore så vanskeleg å finne stoff, for Anton Ulstein var ein særdeles sterk og aktiv mann. Med sterk så siktar eg både til fysisk og psykisk personlegdom.
Eit interessant trekk ved dei første lovene til Ulstein Indremisjon er at dei legg stor vekt på medmenneskeleg ansvar på det materielle planet. Det åndelege og materielle var langt på veg sidestilt. Dette var ikkje vanleg i mange andre foreiningar, og igjen er det nok sokneprest Anker vi ser merke etter, konkluderer Kristen Ulstein. Både fattige og sjuke skulle hjelpast og pleiast. Alt på årsmøtet i januar 1884 nytta Anker høve til å konkretisere dette innhaldet. Han innleia til samtale om emnet «Den kyrkjelege fattigpleie». Han meinte kyrkja og kristenfolket kunne gjere eit betre arbeid på dette feltet enn det offentlege. Det enda med at årsmøtet vedtok å samle inn pengar og naturalia som styret så kunne fordele til familiar som trong ei handsrekning, men kanskje ikkje ville ta kontakt med fattigkassa i det offentlege.
Stend me ein fin sumardag på Oshaugen, ein av dei største gravhaugane frå bronsealderen, hev me eit vent utsyn over bygdene ikring. I nordvest strekkjer Ulsteinstranda seg utover mot havet. I sør-aust ligg byungen Ulsteinvik. I sud reiser dei mektige Rovdefjella seg med snø på toppane, og i vest ser me Runde og alle øyane i Herøy, og so storhavet utanfor so langt auga rekk.
To av dei første frå Ulstein som kom i aktiv marineteneste, var Harald Notanes og Ottar Garshol. Dei vart sende til den norske motorlaunch-flotiljen i Kanalen. Dette var små fartøy på 75 tonn med maksimalfart på 17 knop og eit mannskap på 17. Notanes kom seinare i skotveksling på Garnes i Ulstein då norske motortorpedobåtar skulle gjennom Dragsundet for å angripe tyske båtar i Syvdsfjorden.
I 1946 vart Søre Sunnmøre Kraftlag skipa, 12 lokale kraftlag i kommunane Hareid, Ulstein, Herøy, Sande, Rovde, Vanylven og Dalsfjorden. Ein primus motor i dette arbeidet var sokneprest Sverre Nybø i Vanylven. Søre Sunnmøre Kraftlag fekk i oppgåve å byggje ut vassdraget i Søre Brandal i Vanylven og byggje hovudlinjer i distriktet. Anlegget stod klart til drift i 1951. Parallelt gjekk arbeidet med kraftlinjene.
Håkonsholmen, i Ulstein kommune er ein gamal handelsstad frå midten av 1600-talet. Seinare vart staden også tilholdstad for sorenskrivaren og i den samanheng også postopneri. I daglegtalen vert Håkonsholmen berre nemnt «Holma». Dette viser kor sentral denne staden var i eldre tid.
Det største reiarlaget i Ulstein tidleg på 1900-talet var det Johan Ottesen som stod bak. På det meste hadde han tre fiskedampskip. Men til liks med fleire andre båteigarar i Ulstein gjekk han konkurs i dei vanskelege åra etter første verdskrigen.
Ottesen var også engasjert i kulturarbeid. Han var første leiaren i totalfråhaldslaget då laget vart skipa i 1889. Han var særleg aktiv innafor song og musikk. Ottesen starta også eit blandakor i 1880. I ei årrekkje, før det kom orgel i kyrkja, var han forsongar der. Han var også politisk engasjert og var gjennom mange år leiar i Ulstein Venstre.
Johannes B. Osnes var min farfar. Han vart fødd 13.06.1876 og døydde 08.10.1950. Eg var såleis berre 3 år då han døydde, og kan ikkje minnast han. Foreldra til bestefar var Bernt Larsson Osnes og Anne Marta Johannesdatter frå Nesset i Snipsøyrdalen. Då utskiftinga på garden Osnes var ferdig i 1869, var bestefar sin bestefar, Lars Jonson Osnes, ein eldre mann. Han delte i 1871 det nye gardsbruket i to nye bruk. Ein av sønene, Andreas, fekk Gotebakken, og min oldefar, Bern, fekk Gjerdet. I grunnboka står gardsbruket med namnet Fagertun,men på folkemunne har namnet alltid vore Gjerdet. Johannes B. Osnes hadde to sysken. Den eine var Hans B. Osnes (HB), som mellom mykje anna var ordførar i Ulstein. Den andre var Lisa B. Osnes, som var gift på Haugen i Indre Dimna.
Levd liv blir altså gitt ut av Ulstein Historielag i samarbeid med Osberget. Aksel Hauge leier redaksjonsnemnda, og Magne Grimstad jr. i Osberget er redaktør for boka.
Ulstein Historielag vart stifta i 1947. Men laget arbeide tungt ei tid. Den noverande leiinga i laget tok opp arbeidet i 2003. Dei valde Aksel Hauge til leiar, eit verv han har også i jubileumsåret.
Vi har mange førestillingar om jul, helst personlege, og svært mange positive. Nokre har vi arva frå generasjonane før oss, og nokre har vi vore med på å skape sjølve. Slik er jula heimfest i sinnet vårt som knapt noko anna vi har opplevd som menneske.
I våpenhuset i Ulstein kyrkje står ei stor innsamlingsbøsse (julegryta) like ved inngangsdøra. Bakgrunnen for bøssa var at smed Konrad Simmones laga stativet og lóket på slutten av 1940-talet. Det er eit vakkert utført arbeid av Simmones som i dag pyntar opp våpenhuset i kyrkja.
Julestjerna blei første gong tent vesle julaftan i 2012. Då hadde Magne Grimstad jr. to dagar tidlegare presentert idéen for Lidbjørn Vattøy. Han stilte sporty opp, teikna modellen og kappa to-fire-tom for montering. Dei to første åra stod stjerna i Osnesbrunene, men trestjerna var ikkje ei permanent løysing.