Kultur

Innhald
223 treff

Det gjekk ei tid før dei heime fekk vite korleis det hadde gått med dei 77 frå Ulstein som hadde vore i krigen. Var nokon falne, eller var dei berre forseinka? Utruleg nok, alle frå Ulstein levde. Ingen var såra. Av 3000 møringar i felttoget, var det berre 18 falne.

Flya kom aldri tilbake, men ulsteiningane hadde fått seg ein støkk. Fienden kunne dukke opp her òg. Folk byrja snakke om at spionar var på ferde, enkelte meinte dei såg mystiske lys om nettene. Vikebladet gav uttrykk for den redsla mange bar på: – Ver varsam med det du seier, skreiv avisa som mellom anna åtvara mot ordskifte på gatehjørne og kaféar. Mellom folk dukka det opp historier som ofte hadde lite rot i røyndommen. Vikebladet tok tak i dette og: – Me vil åtvare folk mot å legge til av eigen fantasi det ein høyrer i radio eller les i blada. Det er ein forkasteleg uskikk.

I utgåva 16. mai melde Vikebladet at den 30 fots motorbåten til Tomas Nykrem var stolen. I avisa veka etter fekk lesarane vite at fire karar frå Hareid hadde teke båten. Dei hadde tenkt seg nordover for å kjempe vidare der. Tyskarane hadde enno ikkje kontroll over Nord-Noreg. Men det skulle vise seg at dei var seint ute. I nord var det kaos, og fienden var i ferd med å feste grepet. Etter nokre dramatiske døgn enda karane på Shetland med ein annan båt. Skuta til Nykrem kom etter kvart til rette; Snæingen vart sentral under krigen; ho vart seinare mellom anna brukt til våpentransport.

I krigsmagasinet frå 1995 fortel Vikebladet også historia om Fiskaren: I midten av september 1941 var det samla så mange personar som skulle over til England, at det byrja å bli farleg. Det hasta med å skaffe båt. Straks bodet kom, tok Store-Jon kontakt med eigaren av Fiskaren, Josef Skeide. Han sa seg villig til å overlate båten – berre han fekk økonomisk hjelp til å betale gjelda han hadde på skuta.

MB Ulstein var tredje båten som gjekk ut Ulsteinfjorden den våren og forsommaren med kurs for alliert hamn. Før hausten var over, drog endå fire fartøy same vegen. Ingen av dei hadde lik overfart. Ein båt kom aldri over. Trass i vanskar med å skaffe båt – eller få far med ein båt – drog etter kvart 44 personar som høyrde heime i Ulstein, mot vest om bord i ni farkostar. Av desse var fem båtar frå Ulstein. Dei fleste av dei ni fartøya fekk vanskar undervegs fordi dei mangla navigatør eller maskinist, eller begge delar.

Med den mangelen på mat og klede som etter kvart rådde i krigsåra, vart kvinnene stilte på store prøver. Det gjaldt å vere oppfinnsam når ein skulle få den vesle maten som ein hadde greidd å skaffe, til å vekse på matbordet og mette dei svoltne munnar. Mykje av slitet til kvinnene viser det lite og ingen ting att av. Kleda dei sydde om – og om igjen, vart til slutt så utslitne at fillene ikkje lenger var verdt å samle på. Men kvinnene måtte ofte stå på frå morgon til kveld.

Det er mange hendingar og forhold vi må la ligge i eit slikt kapittel. Nokre hendingar og menneske til skal vi likevel nemne. Då startar vi med ulsteiningen Olav Ulstein, som i løpet av krigen gjennomførte til saman rundt 100 flytokt. Fleire gonger var det nære på at han vart skoten ned. Men han klarte seg. Olav hadde rømt over med Ulstein til dei allierte, og målet hans var å bli flygar.

To av dei første frå Ulstein som kom i aktiv marineteneste, var Harald Notanes og Ottar Garshol. Dei vart sende til den norske motorlaunch-flotiljen i Kanalen. Dette var små fartøy på 75 tonn med maksimalfart på 17 knop og eit mannskap på 17.

Då tyskarane stasjonerte den første avdelinga si i Dragsund, tok dei huset til bruvaktar Nykrem på Dragsundsida. Men etter at dei norske MTB-båtane hadde tenkt seg gjennom her, forsterka tyskarane vakthaldet ein god del. No måtte fleire av dei som budde på Garnes-sida, flytte frå husa sine.

I juni 1940 rekvirerte ein tysk vaktstyrke forsamlingshuset Vonheim på Flø, og dei innkvarterte kring 10-12 soldatar der. Tyskarane sette så opp ei vaktstove på ei høgd ovanfor Vonheim. Her var det alltid to soldatar på vakt, døgnet rundt. Oppgåva deira var å halde oppsyn med skipstrafikken forbi Flø.

– Det som særprega desse krigsåra, var det gode forholdet mellom naboar og arbeidskameratar. Den felles lagnaden førte til eineståande samhald og hjelpsemd. Trengselstida sveisa folk i hop, også på arbeidsplassane, fortalde disponent Leif Hatlø ved Hatlø Verksted i eit intervju (d. 1983), gitt att i Vikebladet i 1995.

Under krigen kunne industri gå i stå på grunn av at småting ikkje var å oppdrive. Eitt produkt som møbelindustrien stod opprådd for, var bølgjestiftar.

I 1941 bestemte tyskarane at folk skulle levere inn radioapparata sine. Okkupantane ville hindre at innbyggjarane fekk propagandasendingane frå London rett inn i stova. Det var berre folk som var medlemer av NS som fekk ha radio. Dersom politiet fann ein radio heime hos nokon, medførte det streng straff. Det var relativt mange som gøymde unna radio i Ulstein, og folk stakk vekk apparata på dei mest utkropne stader. Sjølv om tyskarane ofte leitte etter ulovlege radioar, fann dei berre ein i Ulstein under heile krigen.

Lokalavisa Vikebladet var som alle andre offentlege aviser under kommando. Redaktør Johs. Thorkildson ordna det tilsende stoffet og redigerte det stort sett i samsvar med direktiva han fekk. Vi har få kjelder som kastar lys over tilhøva mellom Vikebladet og den tyske sensuren.

Det militære motstandsarbeidet på Sunnmøre starta seinare og fekk eit mindre omfang enn mange andre stader i landet. Bakgrunnen for dette kan vere den store Englandsfarten som tappa distriktet her for mange av dei mest kampvillige ungdommane. Sunnmøre låg lagleg til for å registrere den tyske skipstrafikken forbi Stad. Det vart ein viktig del av motstandsarbeidet å sende sjømilitære etterretningar til England og hjelpe sabotasjegrupper som vart sende inn av engelske styresmakter.

Det fanst to grupper som særleg måtte kjempe for meir enn nasjonen og meir enn maten: Lærarane og prestane. Frå første stund hadde dei nye makthavarane prøvt å få til ei politisk og åndeleg omvending, ei nazifisering av nordmennene. Den omskipinga som tyskarane såg for seg, skulle gripe djupt inn både i barneoppsedinga og undervisninga. Den som ikkje var med, var imot! Den 25. september 1940 utnemnde Terboven sine kommissariske statsrådar som skulle presse gjennom omskipinga, eller nyordninga. Slik sett var det stor skilnad på Noreg og Danmark.

Den 15. januar 1941 sende biskopane eit skarpt brev til Kyrkjedepartementet. Her uttrykte dei tvil om det nye regimet ville halde seg til folkeretten. Nazistyresmaktene hadde mellom anna nyleg oppheva teieplikta til prestane. Brevet gjekk samstundes til alle kyrkjelydar i landet. Formannen i Ulstein sokneråd, Johannes O. Ulstein, la det fram i eit rådsmøte 19. februar 1941. Han las då opp endå eit brev frå bispekollegiet. Det hadde blitt trykt i 50.000 eksemplar og var stila til kyrkjelydane. Norsk politi fekk ordre om å kverrsetje brevpakkane, men fekk tak i berre 20.000 eksemplar. Brevet vart såleis kjent over heile landet, lese opp i mange kyrkjer, mellom dei kyrkjene i Ulstein og Hareid.

Den vidare gangen i kampen til prestane og lærarane viser at Quisling måtte slå retrett. I det ytre kunne nok NS sjå ut til å ha sigra, summerer Ragnar Ulstein opp, men legg til: – Mange lærarar vart sende på tvangsarbeid (Kirkenes), andre sat på Grini eller Falstad. Fangevaktarane prøvde å gjere dei mjuke med hard eksersis, hardt arbeid og lite mat. Dei nådde sine mål. Med få unntak underteikna lærarane ei erklæring om å melde seg inn i Lærarsambandet.

Av boka Lagunen og stormen går det fram at forfattaren sjølv, Ragnar Ulstein, var første mann heim av dei ulsteiningane som hadde vore borte under krigen. Han fortel gripande om heimkomsten. Først i bil til Folkestad – frå Ytre Sunnfjord om ettermiddagen 16. mai 1945. Der nede hadde han lege med ein styrke på 70 mann mellom anna for å halde vakt ved tyske fort og festningar ved kysten. No var situasjonen under kontroll, og ved Folkestad låg ein båt og venta på han. Turen gjekk til Eiksund, og der stod HS-folk frå Ulstein med bil og var klare til å skysse Ragnar heim.

Den 14. desember 1917 var ein merkedag i historia til Ulstein kommune. No var håpet at det nye Ulstein Elektrisitetsverk skulle skape liv og rørsle kring seg. På gardar, fabrikkar og verkstader var det etterspurnad etter kraft.