I åra 1931 til 38 gjekk eg to-delt sju-årig folkeskule i Dimna krins. Til vanleg var det til saman ca. 20-25 elevar ved skulen. Dei tre første skuleåra vart kalla småskulen, dei fire siste storskulen. Vi gjekk på skulen annankvar dag, fem timar i småskulen og seks timar for dag i storskulen. Eg og dei fleste syskena mine hadde same læraren i heile folkeskuletida, Johannes L. Dimmen (f. 1905).

Skulehuset var bygt i 1916 og var i bruk til 1986. Då vart det rive for å gje plass til ny skule og grendahus. Bygningen stod på høge murar, og underetasjen vart nytta til forsamlingshus i grenda. I andre høgda var ein gang og eit romsleg klasserom. Der var også eit lite kammers med plass for plansjar, kart og anna undervisningsmateriell. I andre enden i denne høgda var det innreidd lærarbustad.

Klasseromet var utstyrt med doble pultar. Pultane hadde faste benker med ryggstø, fotbrett og skrå pultplater med hol til blekkhusa. Under pultplatene var det hyller til å legge bøker på. Pultane stod i to rekkjer. Gutane sat på rekkja nærast vindaugo. Elevane i dei øvste årskulla sat alltid på dei fremste pultane i klasseromet.