Pål Arne Dimmen

2 treff

I åra 1931 til 38 gjekk eg to-delt sju-årig folkeskule i Dimna krins. Til vanleg var det til saman ca. 20-25 elevar ved skulen. Dei tre første skuleåra vart kalla småskulen, dei fire siste storskulen. Vi gjekk på skulen annankvar dag, fem timar i småskulen og seks timar for dag i storskulen. Eg og dei fleste syskena mine hadde same læraren i heile folkeskuletida, Johannes L. Dimmen (f. 1905).

På 1800-talet omkom det i alt 14 menneske frå Dimna krins på heimveg frå kyrkje. I 1823 drukna det fem mannfolk på veg frå Herøy kyrkje. At straum og vind kan skape skavl og bølgjer sør for Dimnaneset er velkjent, men at sjøvane karfolk i sine beste år skulle omkome innanskjers på veg frå kyrkje, var uventa. I ettertid har det vore sagt og påstått at karane truleg hadde vore med i eit lystig lag etter kyrkjetid og at dette hadde samanheng med ulukka.