Kultur

Innhald
412 treff

Det viktigaste fisket for fiskarbonden utover siste halvdelen av 1800-talet var vintertorskefisket. Båten han brukte, var åttringen, ein låg og heller flatbotna båt med mast og eitt segl. Handteringa av seglet og masta var tungvint. Men etter kvart vart desse båtane justerte, og møringen kom med to master og fem segl. Så kom det dekksbåtar, og enkelte byrja å eksperimentere med motorar. I Ulstein var listerskøyta Svanhild den første med motor. Då Ålesund brann i 1904, stod Svanhild på slipp der og fekk innsett motor på seks hestar. I åra som følgde vart heile kystfiskeflåten i Ulstein motorisert (Johan Ottesen 1987).

Vestre Sunnmøre Samvirkelag leverte i oktober 2000 inn byggjemeldinga på det nye varehuset i Ulsteinvik sentrum. Målet var då å få det gamle Skeide-bygget rive i løpet av desember. Det var Sporstøl AS som hadde teikna varehuset – som ei stund seinare i prosessen skulle bli Blåhuset.

Olav Osnes vart fødd 10.07.1916 oppe i Gjerda i Ulsteinvik sentrum. Før krigen var han politikonstabel i Østerdalen og seinare i Volda. I årets utgåve av Levd Liv presenterer me dagbladnotata som Olav Osnes skreiv ned under felttoget i Gudbrandsdalen i aprildagane i 1940.

I Ragnar Ulstein si bok «Lagunen og stormen, Ulstein – bygd i Europa 1940-1945 skriv han mellom anna:

«Kampen mot englandsfarten var ei prioritert sak for Gestapomenn langs vestlandskysten.

I tidlegare tider var nok familielivet meir prega av faste rutinar til faste tider enn det er i dag. Det var ikkje så mykje tekniske hjelpemidlar som  i dag, og det var heller ikkje så store utval i dei få butikkane som då var. Dette galdt både i matvegen, i klesvegen, og for reiskap både på sjø og land.

Kristenfolket følte seg truga i tida rett etter krigen. Under ein fest på Hareidlandet i 1946 talte prost Tjensvoll. Han kom inn på den ideologiske kampen han syntest å registrere i tida, og kristendomens posisjon:

Så skaut debatten i lokalavisa fart. Tor Meinseth gir i eit intervju uttrykk for at Trekantsaka er den viktigaste saka på 50 år. Trond Berg stiller spørsmålet: Kva annan kommune kan stå med eit nytt, nesten gjeldfritt kulturhus? Då intensjonsavtalen kom til kommunestyret 26. juni 2003, svarte ei delt forsamling ja til å gå vidare. Heile 10 av dei 25 stemte imot. Den mest klare på neisida var Knut Erik Engh: – Det overraskar meg at oppegåande politikarar svelgjer dette forslaget rått (..). Dette er eit døme på at politikarane er meir interesserte i å skaffe seg eit monument for ettertida, enn å skaffe innbyggjarane eit godt tenestetilbod, hevda Engh ifølgje Sunnmørsposten.

Det internasjonale biletet som rammar inn 1960-talet, er prega av kald krig og frykt for atomkrig. Sovjetrussarane går inn i 10-året med eit forsprang med omsyn til romfart; Gagarin blir første menneske i verdsrommet då han blir send i veg 12. april 1961. Men amerikanarane vinn kappløpet mot månen: Den 20. juli 1969 gjekk mennesket for første gong på månen. Mellom merkesteinane elles er drapet på president Kennedy, opptrappinga av Vietnam-krigen og ungdomsopprøret i 1968. Det siste førte til radikalisering også lokalt, men kanskje for alvor først etter 1970.

Ei nyheit som fekk merksemd i midten av januar 2019, var lagnaden til Kongsberg Evotec. Tysdag 15. januar sende Kongsberg Gruppen ut ei pressemelding der dei fortalde at dei hadde selt Kongsberg Evotec til investeringsselskapet Rome AS, kontrollert av ulsteiningen Jogeir Romestrand. Med dette var han tilbake i den maritime utstyrsbransjen etter nokre år med andre aktivitetar. Det høyrer med til historia at Romestrand var mellom aksjonærane i det som tidlegare heitte Evotec, som vart kjøpt av Kongsberg i 2011. No ville bedrifta, med kring 50 tilsette, få tilbake det gamle namnet sitt, Evotec. Kongsberg tok formelt over Rolls-Royce Commercal Marine i april 2019. Kjøpet førte nokså raskt til at Kongsberg Gruppen kutta 260 stillingar. Dette og ein del andre tiltak skulle spare konsernet for kring 200 millionar i året, og innan 2022 skulle innsparingane kome opp i 500 millionar i året. Om lag 100 av dei 260 jobbane vart kutta i Noreg.

Sidan starten av april 2004 hadde reiarlaget Island Offshore i Ulsteinvik nærast i det stille rusta seg opp til å bli verdsleiande innan brønnvedlikehald med skip som var klassifiserte som flytande riggar. Men sjølv om brønnvedlikehald hadde stor merksemd, la dei like stor vekt på dei andre avsnitta i reiarlaget.

I starten av juli 2014 kom meldinga om at Rolls-Royce Marine skulle kutte 350 stillingar, denne gongen leiarar og mellomleiarar. Då hadde bedrifta alt sagt opp ein del produksjonsarbeidarar. Marknaden var særs krevjande. Redaktør Anne Gry Eilertsen skreiv i leiaren sin 23. mai 2015: – Nesten dagleg kjem det meldingar om at maritim næring slit. Rolls-Royce skal før året er omme kutte over 300 stillingar, 40 norske skip ligg i opplag, mellom desse skip frå både Ulsteinvik og Fosnavåg. Konsekvensen er permitteringar og oppseiingar. Mykje tyder på at det vil kome fleire slike meldingar. For dei som brått står utan arbeid, er situasjonen dramatisk. Ikkje minst for dei som er i etableringsfasen og sit med store huslån.

Det var tunge tider og mange hadde mist arbeidet. Men innimellom kom det oppmuntrande meldingar. I januar 2017 hadde Ulstein Verft sikra seg kontraktar på levering av to nye skip til ein samla verdi på 1,5 milliardar kroner. Det gjorde at mange av dei om lag 200 permitterte kom i arbeid igjen. Kontraktane gjaldt bygging av eit offshore vindfartøy og ei hybridferje til Color Line. På det meste var også 40 av 47 ingeniørar ved Ulstein Verft permitterte. No fekk alle jobb igjen.

Torsdag 8. januar 2015 var det offisiell opning av den nye, store Ulsteinhallen. Hallen hadde vore opna for aktivitetar før dette, men no skulle det formelle på plass. Først var det talar og omvising for dei mange aktørane som hadde vore involverte i prosjektet.

Av boka Lagunen og stormen går det fram at forfattaren sjølv, Ragnar Ulstein, var første mann heim av dei ulsteiningane som hadde vore borte under krigen. Han fortel gripande om heimkomsten. Først i bil til Folkestad – frå Ytre Sunnfjord om ettermiddagen 16. mai 1945. Der nede hadde han lege med ein styrke på 70 mann mellom anna for å halde vakt ved tyske fort og festningar ved kysten. No var situasjonen under kontroll, og ved Folkestad låg ein båt og venta på han. Turen gjekk til Eiksund, og der stod HS-folk frå Ulstein med bil og var klare til å skysse Ragnar heim.

Sjølv om det har kome mykje kapital til bygda, strandar planane om kulturhus i denne omgang. Alt i juli 1999 får innbyggjarane vite at prosjektet manglar pengar. Huset er kostnadsrekna til 64 millionar kroner. I tillegg trengst det frisk kapital til drifta den første tida. Styringsgruppa er optimistar og går inn for full utbygging på den utpeikte tomta på Sanden ved Saunesosen. Men fleire politikarar er skeptiske. Det stundar til kommuneval, og parti som Venstre og KrF meiner kommunen må løyse andre oppgåver først: – Så svak som kommuneøkonomien er no, er det andre oppgåver enn kulturhus som må prioriterast, sa Lars Langnes (KrF) i intervju med lokalavisa.

Men tida var enno ikkje heilt moden til å ta i bruk det verkeleg store framsteget, nemleg elektrisiteten som på denne tida vart teken i bruk i stadig fleire stader i landet. I Ulstein snakka folk helst om å demme opp store vassbasseng. Ved ei slik vassregulering kunne drivkraft frå vasshjul nyttast til nye og større verksemder. I 1913 tok dei såleis til å setje opp ei bygdemylne ved Ulsteinelva. Ho skulle gi eit større utval mjøl og gryn enn det hadde vore tidlegare på dei små gardskvernene (Johan Ottesen 1992).

I åra 1931 til 38 gjekk eg to-delt sju-årig folkeskule i Dimna krins. Til vanleg var det til saman ca. 20-25 elevar ved skulen. Dei tre første skuleåra vart kalla småskulen, dei fire siste storskulen. Vi gjekk på skulen annankvar dag, fem timar i småskulen og seks timar for dag i storskulen. Eg og dei fleste syskena mine hadde same læraren i heile folkeskuletida, Johannes L. Dimmen (f. 1905).

Korleis pregar tragediar og død tankar og åndsliv mellom folk? I den perioden vi no er inne i, gjer medisinen ytterlegare framsteg; sjukdommar som tuberkulose, lungebetennelse, influensaepidemiar og poliomyelitt blir gradvis slegne tilbake som dødstruslar. Fødslar med tidleg barnedød blir òg sjeldnare. Arbeidslivet på sjø og land blir tryggare enn det hadde vore i tiåra før krigen.

Ein rapport frå distriktslege Sellevold i Ulstein om kontroll av svangre viste at det hadde vore mykje mindre blodmangel mellom dei gravide i 1946 enn i krigsåra. Det hadde vore utført kontroll av spedborn og småborn i Ulstein heile året. Det var jordmora som stod for kontrollen, oftast saman med ein av legane: – Med omsyn til helsa hos desse borna må vi seie at den stort sett har vore god. Mødrene er særs interesserte i godt stell og ernæring, og dei har vore flinke til å gi borna sine bryst og er lydhøyre for rettleiing.

Etter ein artikkel i lokalavisa sommaren 1995 tok mange kvinner kontakt med skipsindustrien med spørsmål om arbeid. Det førte til at Arbeidskontoret starta eit 19 vekers kurs ved Ulstein Verft spesielt for kvinner. Verftet hadde hatt kvinner som sveisarar heilt sidan 1970-talet, om dei ikkje var så mange. Men i 1995 var dette ikkje lenger uvanleg. Den eldste kvinnelege sveisaren ved bedrifta var no 64 år.