Når ein no etterkvart kan ta i bruk Eiksundbrua og kome seg tørrskodd over til Eika, vil nok mange ta spaserturen dit.
Folkevandringane har vore frå fjordane og utover, nærare og nærare fisken. Slik har det vore i Eiksund og slik har det vore på Elika. Unntaket er Sunde 1 som fekk brukarar frå Ulsteinstranda og Flø. Sundevågen og Klungsvågen er gode båthamner. Til Klungsvågen kom dekksbåtar m.a. frå Vartdal for å ligge trygt mellom fiskjene. Langevågen, som går inn ved Geitholmen, er dei siste åra ei mykje nytta overnattingshamn for fritidsbåtar.
Åra rundt 1940 var avslutninga på dei såkalla harde tredveåra både i norsk og europeisk historie. Oppgangen i næringslivet og det økonomiske livet hadde starta allereie i 1935 her i landet. Straks føre krigen var difor tida prega av optimisme og nysatsing innan næringsliv og handel, og ein var komen opp på nokolunde normal aktivitet når det gjaldt samfunnslivet i det heile. Såleis var det mange av dei bedriftene og verksemdene som for ettertida skulle få så stort oppsving, som vart grunnlagde nett i denne tida.
Det er i siste halvdel av mars. Torskefisket er kome so langt at karane hev fått tjøra av fingrane. Den fiskaren som ikkje hadde fingrane impregnerte med tjøre når fisket starta, hadde ikkje fornya vegna si forsvarlegt i vinter. Veret hev vore laglegt i vinter, fisket hev ogso vore godt, truleg godt over eit middels år. So i år vert det nokre kroner meir enn vanlegt på “misjonsgarna” ogso.
For ei stund sidan fekk Ulstein Historielag eit fint foto av Åshild Sivertsen (f. 1926). Fotograf er Olav Hjertenes, og fotoet er teke 17. mai 1960.
Om morgenen den 18. desember 1941 ble jeg arrestert av Gestapo (Marx og Querke) og sendt til Trondheim over Åndalsnes samme ettermiddag. Det var en kald fornøyelse; ikke minst å gå fra jernbanestasjonen til Gestapohovedkvarteret i Misjonshotellet, og videre over til Elgsæter bru til Vollan kretsfengsel i Klostergate 9. Ved framkomsten der den 20 desember kl. 02.15 var jeg både sulten og frostig, men det føltes deilig å komme inn i fengselskorridoren og vaktrommet , for der var det varmt.
Sigmund Breivik var jeger/skarpskyttar under felttoget i 1940. Han har notert ned og fortalt, m.a. på minneutstillinga på Vikholmen under 50 års-markeringa for frigjeringa 1995. Det følgjande er nedskrive frå video og lydopptak, samt notatar. Kjeldene er dei som var med på desse hendingane som deltok og var med på Vikholmen i 1995:
Denne forteljinga om foreldra mine, Nelly og Bernt Dimmen, kan vere ei påminning om kor tilfeldig våre livsløp kan bli. Den kan også fortelje noko om kor avgjerande vala våre i unge år kan vere for ettertida.
I ei bok om Sunnmøre står det om Flø at der er gravhaugar frå vikingtida og at ein har utsyn mot Atlanterhavet. Der er nokre gode fiskeplassar, dessutan skal ein kunne gå ut på åkrane og plukke fisk som er kasta opp av sjøen.
No er det mest so det er helg alltid. Før var det kvardag når det var kvardag. So kom helga som eit gildt avbrøyte. Serleg jula då. Alt skulle liksom vera unnagjort til høgtida. Det var ikkje so mykje småkakebaking, men lefse baka dei, og ellest brød og finekake. Kavring og klingre kjøpte dei. Etter kvart vart det noke småkake òg. Serleg fatigmann og jødekake.
Når fisken var utvaska, var det å begynne på vårvinnå. Fyrst å køyre utover tad på åker og eng. Me ungane måtte vere med på alt arbeid. Me lesste gjødsel i lag med bestefar. Far køyrde. Me brukte tvo sledar, so me lesste opp i ein, medan den andre vart køyrd vekk og tømd. Det var viss regel kor mange lass som skulle køyrast på kvar åker. Det var tvo dunga i kvart lass. Lagt på rad som eit perleband. Dei kalla det ”å rade”. Fyrst køyrde dei på havreåkrane, for havren ha lengste vekst-tida og skulle fyrst i jorda. Når gjødsla var køyrd på, skulle den spreidast jamt og fint, og so var det å pløgje.
Hausten 1956 var ei dramatisk tid politisk sett. Sovjet Unionen gjekk inn i Ungarn og tok over styringa av landet. Dette førte til at mange frå Ungarn flykta. Også her til Ulstein kom flyktningar. Så vidt eg hugsar, gjekk dette svært bra. Dette var unge menn, og mange fekk seg arbeid på dei mekaniske verfta i Ulstein. Etter ei tid reiste dei frå bygda.
v/ Einar Grimstad
Torsdag 23. mars 1883 var 62 unge menn samla i Skeide skulehus på Halsen for å skipe «Ulfstens Ynglingeforening». Presten N. C. Anker var akkurat komen til bygda. Han viste seg å vere svært godt skikka til å drive dette arbeidet.
Han blei valt til den den første formannen. Dette arbeidet stod han i i 12 år, til 1894, då han reiste frå Ulstein. Han blir omtala som ein flink organisator, ein dugande leiar og ein varm ven og sjelesørgjar. Han var truleg langt føre si tid når det galdt å få folk fram til arbeid for saka.
Frå Flø var det kort veg til dei viktigaste fiskeplassane under vintertorskefisket på Sunnmørskysten. Eit rev eit stykke frå land tok litt av for ver og vind, men særleg i vestaver og nordavind var den «naturlege» hamna lite brukeleg. Det vart frå interessert hald peika på at ein trong ei betre hamn her, både som utrorsstad og som naudhamn.
I siste halvdel av 1800-talet vart det gjennomført ei storstilt utbygging av samferdsla. Det vart bygt fyrstasjonar, sjømerke, hamner, vegar, jarnbaner og telegrafliner over heile landet. Med fyr, sjømerke og hamner kunne ein opprette faste dampskipsruter og ferjer. Den auka kommunikasjonen var med på å knyte folk tettare saman. Bokstavleg tala opplevde folk langs kysten ei ny opplysingstid.
Lyssettinga av kysten vart mangedobla etter at ein ny type oljebrennar vart teken i bruk på slutten av 1880-talet. Den nye oljebrennaren kunne lyse i ei veke utan tilsyn. Oljebrennaren vart sett på eit stativ inne i ei fyrlykt av støypejarn. Rundt brennaren kunne ein setje opp ein rotør. Rotøren gjorde det mogleg å skape formørkingar. Elles hadde ein utstyr til å lage blink eller la det vere eit fast lys. Med lys, blink eller formørking kunne fyrlyktene få sin eigen karakter. Dette gjorde det lettare for sjøfarande å skilje dei frå kvarandre. Karakterane til alle fyr og fyrlykter er merka på sjøkart.
I 1820 var her ikkje nokon veg i det som i dag er tettstaden Ulsteinvik, berre råser mellom gardane. Alle husa på Osnes (området frå Halsen til kyrkja) låg i ei klyngje nedanfor Osnesbrauta.
Frå Reiten til kyrkja var her ikkje eit einaste våningshus før etter 1860.
(Første del av denne artikkelen stod i “Levd liv, årsskrift for Ulstein historielag 2009)
Håkonsholmen høyrde sjølvsagt med til denne skulekrinsen, eller skal vi seie grenda, men Håkonsholmen har vore omtala tidlegare i “Levd liv” så vi viser til det.
Til 100-års-jubileet for Ulstein Indremisjon laga Kristen Ulstein Hatlebrekke eit jubileumsskrift. Under arbeidet kom han over ein handskriven biografi om Johannes Skeide, ein føregangsmann på mange område.
På oppmoding og spørsmål om eg kan tenkje meg å skrive og fortelje litt om bestefaren min Anton Ulstein, så har eg svara ja. Det har ikkje vore så vanskeleg å finne stoff, for Anton Ulstein var ein særdeles sterk og aktiv mann. Med sterk så siktar eg både til fysisk og psykisk personlegdom.
Stend me ein fin sumardag på Oshaugen, ein av dei største gravhaugane frå bronsealderen, hev me eit vent utsyn over bygdene ikring. I nordvest strekkjer Ulsteinstranda seg utover mot havet. I sør-aust ligg byungen Ulsteinvik. I sud reiser dei mektige Rovdefjella seg med snø på toppane, og i vest ser me Runde og alle øyane i Herøy, og so storhavet utanfor so langt auga rekk.