Rolf Sundgot

3 treff

Kor mange misjonsforeiningar det var i Skeide krins i mine barne- og ungdomsår veit eg ikkje. Skeide skulekrins var då frå Gåsneset til og med Saunes. Eg veit at der var to slike foreiningar på Osnes, «Den lille gren» og «Osne misjonsforeining». Det var vel ei av desse som stod for basaren denne dagen. Det var så langt ut vinteren at stimbåtane som de drive etter silda for til Halten, Sula, Grip og Ravnane frå før jul, var komne sørover og driv for Storhalmen og Svinøya. Dei er såleis heime laurdagskveldane, og fiskarane er rekna som gode støttespelarar på slike tilstellingar, særleg viss dei har hatt flaks med fisket.

Det er i siste halvdel av mars. Torskefisket er kome so langt at karane hev fått tjøra av fingrane. Den fiskaren som ikkje hadde fingrane impregnerte med tjøre når fisket starta, hadde ikkje fornya vegna si forsvarlegt i vinter. Veret hev vore laglegt i vinter, fisket hev ogso vore godt, truleg godt over eit middels år. So i år vert det nokre kroner meir enn vanlegt på “misjonsgarna” ogso.

15.åring som “Leigdemann”

Eg  vart konfirmert hausten 1915. Då eg ikkje fekk vera med ”Ulf” som sei- dragar i sildefiska i 1916, tenkte eg: ”Eg orkar ikkje å tre haud og bunte ryggar å ”Ulfbuda” fleire vinterar.” Derfor tok eg meg plass som ”leigde- mann” med Hans Dimmen og Iver Skeide. Løna for sild- og torskefiska var kr.150.00 pluss fri kost og hus.