Personar

139 treff

Einar Grimstad var fødd i Ulsteinvik og var eldst av ni syskjen. Einar var aktiv i det kristne ungdomsarbeidet knytt til Fredheim. I vaksen alder starta han det lokale bokforlaget Spor Forlag.

Einar Magne Flø er kunstnar. Han har bak seg ei rekke utstillingar og har teke imot prisar for kunsten sin. Mest kjend er han for draumebilda. Han har og gitt ut bøker.

Det var ein av desse kalde, fine vårdagane vi stundom opplever her ute ved kysten på Vestlandet. Vi sit utafor løa på gardsbruket Haugane i Ulstein, Harald P og eg. Vi sit stille. Nokre ord fell no og då, mest om det daglegdagse, slikt som veret og våronna. Då seier Harald P liksom ut av inkje: «Dagfinn», seier han, «du må hugse på ein ting, at skal du gjere noko ut av det livet du lever, så må du kome deg opp før klokka seks om morgonen.» Pause. «For viss du ikkje gjer det, kan du like godt liggje, for då er dagen gått.»

Enok Hasund er mest kjend for det store arbeidet han la ned i song- og musikklivet i Ulstein. Enok vart fødd i Johangarden i Hasund. Han hadde fem sysken, og gifte seg i 1900 med Kristine Rødset frå Volda.

Ein sentral person i kulturlivet i Ulstein

Foreldra til Enok var Syvert Karlson Myklebust og Ingeborg Petersdotter Skeide.

Med utgangspunkt i Hans Thoresen Ulstein (fødd 1. juli 1884) sine nedteikna minne frå ungdom og vakse liv som bonde og fiskar frå Ivagarden på Ulstein, vil eg freiste å få fram eit bilete av aktiviteten på strendene våre frå hundreårsskiftet og inn i det 20. hundreåret. Ei viktig kjelde er også semesteroppgåva til Tove Th Ulstein på DH i Volda i 1991 og bladet Adventa i 1970, der han fortel om sin barndom og ungdom, 86 år gamal. For å forstå korleis ein klarde seg med dei mangslungne oppgåvene som måtte til for å ha mat på bordet, til ofte store familiar, så trur eg og det er viktig å få fram samhandlinga mellom kyst og indre fjordstrøk. Der har vore stor kontakt, og mange har kome utover for å finne ein næringsveg, og dei fleste i heile området har drive fiske om vintrane.

Anton vart fødd på Flø 14. september 1924 som det yngste barnet til Ellen, f. Midt-Flø, (f. 1882) og Gideon Kleiven. (f. 1884). Syskenflokken bestod av tre jenter og seks gutar. Mor til Anton kom frå Flø, medan faren vart fødd på Hatløya der Anton sin farfar, Knut, eigde ein gard. Gardsbruket gav ikkje så mykje den tida, så om sommarane var Knut Kleiven i statens hamnestell som tømmermann. Dette virket førte han både til Vardø for oppsetting av den første hamnemoloen, og mellom anna til Murmansk to år på rad for å bygge den første kaia der.

Fredrik Steen har sett Ulstein på kartet mellom anna gjennom revyfiguren ”Hildegunn Moltubakk”. Hildegunn og taxi-svogeren Leif-Per (Ørjan Liavåg) turnerte saman i perioden 1998 til 2000.

Innleiingsvis vil eg gje att to av dei mange historiene som enno lever etter denne bygdeoriginalen frå Flø.

Ein gong Gullik-Ola hadde rodd frå Flø til Vik (som vi seier om Ulsteinvik i daglegtale), trefte han på ein kar som spurde om å få vere med båten utatt. Det fekk han, for Ola var glad for å få hjelp til å ro båten i motvinden som var: “No kan du ro vinden, so kan ej ro båten fram.”

Mannen hadde eit kongeleg namn, men han vart fødd i små kår og opplevde mange nederlag og omskifte i livet sitt. Han vart fødd 6. mars 1897 i Lardal i Øvre Telemark. Faren døydde då Gustav var 2 år, og det verkelege namnet hans kjenner vi ikkje.

Truleg bar mora etternamnet til første mannen sin, Olemine Tidemann. Gustav Adolf var den 6. i ein barneflokk som skulle leve opp utan forsytar. Heile barneflokken vart spreidd, og G. A. O. kom til Skottfoss og vaks opp hos fosterforeldra Amalie og Markus Olsen. Amalie var svensk. Markus var norsk og var artist i eit sirkus dei første åra, og G.A.O. fekk vere med.

Eit vindauge i tida

Vi hadde alle eit nært forhold til Ludvik. For oss som vaks opp i Haddal etter krigen var både butikken “Borja” og mannen ein modell for korleis ein butikk og ein kjøpmann skulle vere. Haddal utan Borja og alt som var der, var utenkeleg.

Hallvard Hasund var initiativtakar og grunnleggar av Hasund Mek. Verksted AS. Dette er ei av dei eldste industriverksemdene som framleis er i drift i Ulstein.

Hasund Mek. Verksted AS er ei av dei eldste industriverksemdene som framleis er i drift i Ulstein.

Initiativtakaren og grunnleggaren av denne bedrifta var Hallvard Hasund. Han vart fødd på plassen Sandbakkane i Hasund 31. mai 1908. Foreldra var Andreas H. Hasund f.  1867 og Marte Sofie f. 1875. Hallvard var den nest yngste av 5 sysken, 3 jenter og 2 gutar.

Hans B. Osnes var gründer, politikar, ordførar og skribent – og skaffa seg ei namn for ettertida. Saman med fleire sytte han for å setje dampskipet Grei i rute mellom Ulsteinvik og Ålesund.

Hans Berntson Osnes var fødd på garden “Gjerde” midt i sentrum av Ulsteinvik 19.06.1872 og døde 14.10.1958, 86 år gammal. Foreldra hans var Bernt Larson Osnes og Anne-Marta Johannesdotter Nesset i Hareid.

Hans Dragesund var ein særprega og markant skulemann og bankmann som spelte ei sentral rolle i Ulstein gjennom ein god mannsalder.
Hans Dragesund var av småbrukarfolk i Dragesund.

Denne artikkelen bygger hovudsakleg på ein artikkel av Ragnar Ulstein og stod trykt i jubileumsskriftet til Ulstein Sparebank 1927 – 1977.

Til 100-års-jubileet for Ulstein Indremisjon laga Kristen Ulstein Hatlebrekke eit jubileumsskrift. Under arbeidet kom han over ein handskriven biografi om Johannes Skeide, ein føregangsmann på mange område.