Personar

124 treff

I 2017 er det 100 år sidan starten for Ulstein Mekaniske Verksted (UMV), det som i dag er ein del av Ulstein Group. I dei første åra var det reparasjonar og konstruksjon av fiskebåtar i tre. Seinare kom stålbåtar, og desse var av fleire typar, mellom anna passasjerfartøy, roro-skip, ferjer og offshoreskip.

Då Arve Bakke (69) vart fødd heime på Svehaug på Osnes i Ulsteinvik 28.september 1952 var det vel ingen som hadde tenkt tanken at denne krabaten mange år seinare skulle verte den øvste leiaren i ei av dei mektigaste fagforeiningane i landet.

– Me som vaks opp på Osnes var ni gutar i klassa. Me heldt tett saman i barndomen og ungdomen og hadde veldig god kontakt med kvarandre. Det var me som var utanfor kyrkja. Så var dei dei andre som var innanfor kyrkja. Den dag i dag så treffast me. Roar Svendsen, Andreas Spjutøy, Olav Barmen og Asbjørn Ellingsen blant andre, fortel Arve. Det var aldri tvil om at det var gutane utanfor kyrkja som var dei beste til det meste.

Vilhelm Ringstad var murmeister og gründer og markerte seg i lokalsamfunnet gjennom sitt 100-årige liv. Han vart fødd på Nykrem i Herøy, men foreldra flytte til Haddal, der dei kjøpte seg eit lite gardsbruk.

Murmeister og grunder

Då Vilhelm Ringstad døydde i februar 1989, var eit langt og strevsamt liv over, og murskeia vart lagt bort for godt.