Då tyskarane gjekk til åtak på Noreg, gjekk far altså på middelskule. Det ryktast at fleire unge frå Ulstein kom seg til England for å prøve å gjere ein innsats for fedrelandet derifrå. Det ville far også, og i september 1941 rømde han om bord i «Fiskaren» («Levd Liv» 2005). Etter ein tøff tur kom dei til Shetland og derifrå bar det vidare til Aberdeen og London. Her møtte han menn med personlege røynsler frå krigen. Fleire fortalde om hjarteskjerande hendingar dei hadde opplevd på havet eller i heimlanda sine. Dette gjorde eit sterkt inntrykk på den 19 år gamle guten.
Medan far var ute under krigen, skreiv han dagbok så å seie kvar dag. Då han blir innrullert i hæren og kjem inn i Skottlandsbrigaden, skriv han: «No er eg endeleg komen i Kongens klede og fått mitt høgste ynskje oppfylt, å vere med på å frigjere Noreg».
Før dei kom så langt hadde rømlingane vorte kryssjekka og helseundersøkt, det vart dokumentert at far var sunn og frisk på alle måtar. Etter krigen skulle det vise seg at han kom til å få nytte av den dokumentasjonen.
I dagboka les vi om militær eksersis, kvardagslege hendingar og gjeremål, fristunder og godt kameratskap, frustrasjon og heimlengsel, dødsbodskap og triste lagnader, vitjingar av kongen, kronprinsen og andre kjende personar.
Det var mykje trening, mange øvingar og utfartar med tunge oppakningar dag etter dag og stundom også på nattetid. Det galdt å halde seg i form og lære seg alt som skulle kunnast for ein gong i framtida å greie å frigjere Noreg. Av og til skjedde det morosame ting. Som ein gong kong Håkon kom på vitjing, og det stod kjøttkaker på menyen. Den unge, norske servitøren sette tallerkenen framfor kongen, slo hælane saman og sa «Gud bevare Kongen, to piser til manns». Her skulle det ikkje vere forskjell på folk!
Ein annan gong var to fyllesjuke nordmenn ute på bondelandet. Dei banka på ei dør og ville kjøpe mjølk. Enka som budde der, hadde berre ei ku, så ho såg seg ikkje syn med å gi dei meir enn ein slurk kvar. Då bladde karane opp pengar, betalte rikeleg og kjøpte like godt kua. Dei drog henne med seg tilbake til leiren og tjora henne fast. Neste dag måtte dei pent levere henne attende. Det høyrer med til forteljinga at kona fekk behalde pengane.
Ein dag fekk far brev frå onkelen i Amerika med adressa til ei jente i Stockholm som onkel Asbjørn brevveksla med før krigen. Far var snar å sende brev til Ulla Hedlund, som ho heitte. Sverige var nøytralt, og no tok han sjansen på at ho kunne hjelpe han med å få ei kjærkomen kontakt heim. Han fortalde om seg sjølv utan å røpe for mykje, og kalla seg Pelle som var kjælenamnet han hadde som barn. Ulla hjelpte til med formidlinga og skreiv om breva slik at sensuren ikkje fekk mistanke, så kom det brev heimanfrå som også gjekk gjennom Ulla. Dei fortalde i løynde ordelag om hendingar heime. Såleis hadde far ein informasjonskanal som han nytta seg av resten av krigen. Dei fleste breva finst enno.
I januar 1942 fekk far vite at han skulle gå på radioskule. Han skulle verte radiotelegrafist. No var det morsetrening som galdt dag ut og dag inn. Etter eksamen vart han sett til å lære opp nye telegrafistar. Han måtte stadig gå kurs for å utvide kunnskapane. Ein gong skreiv han i dagboka at han må vere den mest utdanna telegrafisten i heile Storbritannia! Det var tydeleg at han var både frustrert og utolmodig fordi han ikkje kom seg ut for å kjempe.
I Skottland møtte far fleire kjende personar. Under ei kursopphald i St. Andrews på austkysten budde han nokre månader på rom i lag med Thor Heyerdahl. Dei fekk ein god tone saman, og far skriv m.a. i dagboka si den 7.1.1944: «I kveld var eg og Heyerdahl i universitetet på forelesing. Det var skotsk historie frå 1200-året til 1500. Heyerdal er ein svært klok mann som vi sikkert får høyre frå seinare. Han held no på å utarbeide eit bevis for at folket på sydhavsøyane er komne frå Amerika». Det er interessant å lese dette no når vi veit kva Heyerdahl gjorde etterpå.
Far sa alltid at han hadde vore privilegert under krigen. Han var aldri i aktiv kamp, men han kjende mange som hadde vore det. Han hadde stor respekt for dei, og han visste at fleire hadde vore utsett for forferdelege opplevingar som dei aldri gløymde. Mange sleit med både fysiske og psykiske skadar etter krigen. Likevel måtte dei kjempe for rettane sine, m.a. var det vanskeleg å få krigsinvalidepensjon. Far prøvde å hjelpe dei han kunne.