Personar

120 treff

Anders Martin Hatlevik vart fødd 16. januar 1897 på ein liten plass kalla Hatlevika i Skodje kommune. Dette var eit bruk lagt under Solnør gard. Dette gjorde at Anders og dei fem brørne hans måtte gjere pliktarbeid på garden.

Mannen hadde eit kongeleg namn, men han vart fødd i små kår og opplevde mange nederlag og omskifte i livet sitt. Han vart fødd 6. mars 1897 i Lardal i Øvre Telemark. Faren døydde då Gustav var 2 år, og det verkelege namnet hans kjenner vi ikkje.

Truleg bar mora etternamnet til første mannen sin, Olemine Tidemann. Gustav Adolf var den 6. i ein barneflokk som skulle leve opp utan forsytar. Heile barneflokken vart spreidd, og G. A. O. kom til Skottfoss og vaks opp hos fosterforeldra Amalie og Markus Olsen. Amalie var svensk. Markus var norsk og var artist i eit sirkus dei første åra, og G.A.O. fekk vere med.

Ludvig Dyb blei fødd 27. mars 1885 og døydde 8. januar 1965.

Han budde åleine i “Skokken” på Ulstein.

Han var ein kjend “likningsmann” i Ulstein. På slutten som formann i likningsnemnda i Ulstein.

Holme-Sigvald var oldefar min. Man heitte Sigvald Håkonsholm, men i dagligtale Holme-Sigvald.

Murmeister og grunder

Då Vilhelm Ringstad døydde i februar 1989, var eit langt og strevsamt liv over, og murskeia vart lagt bort for godt.

I sildefisket var basen om bord den viktigaste mannen. Skilnaden på dei gode og mindre gode var markert. Det var kanskje i storheitstida på 1950-talet basane blei testa mest. Basen var nøkkelpersonen og veldig viktig for å få god fangst.

Laurits Knutson Dimmestøl var fødd 23.3.1868 og døydde 25.9.1939. Han gifte seg i 1900 med Elen Løvøy (1868-1924) frå Lofoten.

Foreldra til Laurits var Knut Nilsson Dravlaus-Lillebø frå Dalsfjorden (1831-1915) og Marie Larsdatter Ulstein, frå Ulstein (1827-1908). Laurits hadde ein bror, Sakarias, som var fødd i 1870. Han vart slegen over bord av storseglet under torskefisket ved Svinøya i 1900.

Ein arbeidsmaur

Han kunne nok vere irritert og oppgidd over pasientar som masa for mykje eller prata om sjukdomen sin som om dei visste både kva diagnose dei skulle få og kva medisin han burde gje dei.

Du såg det på han. Han noterte og tagde og skotta av og til opp. Så small det. Han ville vite kva dei ville hos legen dei som visste både kva sjukdomen dei hadde, og kva lækjeråda burde vere. I verste fall kunne slike bli skyssa ut av kontoret.

Innleiingsvis vil eg gje att to av dei mange historiene som enno lever etter denne bygdeoriginalen frå Flø.

Ein gong Gullik-Ola hadde rodd frå Flø til Vik (som vi seier om Ulsteinvik i daglegtale), trefte han på ein kar som spurde om å få vere med båten utatt. Det fekk han, for Ola var glad for å få hjelp til å ro båten i motvinden som var: “No kan du ro vinden, so kan ej ro båten fram.”

Blekken

Kallenamnet, eller utnamnet til far, var Blekken, og kom naturleg nok frå arbeidet hans som blikkenslagar. Som barn og ungdom syntest eg merkeleg nok det var noko nedverdigande over dette tilnamnet, og var nok ikkje nådig når det blei brukt. Seinare har eg kome til at det var eit heidersnamn, og heller noko å vere stolt av. Det fortel noko om kven far min var.

Konrad Simonnes var fødd og oppvaksen i Basseneset på Kvamsøya. Foreldra var Iver Simonnes og Vendel Kvamme. Dei tok etternamnet Vestnes, som er gardsnamnet til bnr. 14 i Basseneset. Konrad ville halde på det tidlegare etternamnet til faren, og nytta såleis Simonnes som etternamn. Dei andre søskena nytta etternamnet Vestnes.

Hasund Mek. Verksted AS er ei av dei eldste industriverksemdene som framleis er i drift i Ulstein.

Initiativtakaren og grunnleggaren av denne bedrifta var Hallvard Hasund. Han vart fødd på plassen Sandbakkane i Hasund 31. mai 1908. Foreldra var Andreas H. Hasund f.  1867 og Marte Sofie f. 1875. Hallvard var den nest yngste av 5 sysken, 3 jenter og 2 gutar.

Det første og einaste eg hugsar etter bestefar, er gravferdsdagen hans. Ein aprildag i 1958. Eg var 4 år og stod i vindauget og såg gravfølgjet for forbi på nedstevegen mellom Lillebøverkstaden og slakteribuda hans Brudevoll. Sjøen var på begge sider av vegen. Svartkledde kvinner og menn gjekk sakte etter kista. Eg var rasande fordi eg ikkje fekk vere med i gravferda. Det var ikkje brukvisa å ta med born i gravferd då.

Forfattar: Levd liv 2021

Arne M. Bjørndal (1916-2012) var det niande av dei 10 borna til Martin og Anna Bjørndal. Martin Bjørndal var lærar i Ulsteinvik i den tida skulen var ute på Halsen. Arne Bjørndal har skrive to autobiografiar. Dette kapittelet er eit utdrag frå My Early Days: From School Days to War Time, som i tillegg til barne- og ungdomstida omhandlar krigsåra. Etter krigen fullførte Bjørndal tannlækjarstudiet i Oslo, men etter å ha praktisert i nokre år emigrerte han til Amerika. Han vart seinare professor i odontologi av University of Iowa. Denne artikkelen er klargjort for publisering av Trond Bjørndal. Delar av materialet er omsett av Jonas Røyset.

Forfattar: Levd liv 2021

Arnvid Hasund var i perioden 1946 til 1948 redaktør i Sunnmøre Arbeidaravis. Sommaren 1946 blei Hasund konstituert redaktør i Sunnmøre Arbeideravis, og formelt tilsett frå 1947. Rolla som redaktør var kortvarig, og hausten 1948 går han frå stillinga som redaktør. Meir om dette seinare

Med utgangspunkt i Hans Thoresen Ulstein (fødd 1. juli 1884) sine nedteikna minne frå ungdom og vakse liv som bonde og fiskar frå Ivagarden på Ulstein, vil eg freiste å få fram eit bilete av aktiviteten på strendene våre frå hundreårsskiftet og inn i det 20. hundreåret. Ei viktig kjelde er også semesteroppgåva til Tove Th Ulstein på DH i Volda i 1991 og bladet Adventa i 1970, der han fortel om sin barndom og ungdom, 86 år gamal. For å forstå korleis ein klarde seg med dei mangslungne oppgåvene som måtte til for å ha mat på bordet, til ofte store familiar, så trur eg og det er viktig å få fram samhandlinga mellom kyst og indre fjordstrøk. Der har vore stor kontakt, og mange har kome utover for å finne ein næringsveg, og dei fleste i heile området har drive fiske om vintrane.

Dei var tre brør Sundal; tvillingane Nils (1930-1999) og Jon (1930-2007) og yngstemann, Sindre (1935-2013).

Dei vaks opp på Hofset i Ulsteinvik og var aktivt med i både korps og fotball. Alle tre spelte mange A-kampar for Hødd, der Nils i mange år også var lagkaptein og solid forsvarsspelar. Jon Sundal stod for det meste i mål, men kunne også spele ute på bana. Han vart kalla «Tippen» etter den legendariske norske landslagsmålvakta, Henry «Tippen» Johansen. Sindre «Siss» Sundal var også forsvarsspelar først og fremst.

Då Arve Bakke (69) vart fødd heime på Svehaug på Osnes i Ulsteinvik 28.september 1952 var det vel ingen som hadde tenkt tanken at denne krabaten mange år seinare skulle verte den øvste leiaren i ei av dei mektigaste fagforeiningane i landet.

– Me som vaks opp på Osnes var ni gutar i klassa. Me heldt tett saman i barndomen og ungdomen og hadde veldig god kontakt med kvarandre. Det var me som var utanfor kyrkja. Så var dei dei andre som var innanfor kyrkja. Den dag i dag så treffast me. Roar Svendsen, Andreas Spjutøy, Olav Barmen og Asbjørn Ellingsen blant andre, fortel Arve. Det var aldri tvil om at det var gutane utanfor kyrkja som var dei beste til det meste.

Det største reiarlaget i Ulstein tidleg på 1900-talet var det Johan Ottesen som stod bak. På det meste hadde han tre fiskedampskip. Men til liks med fleire andre båteigarar i Ulstein gjekk han konkurs i dei vanskelege åra etter første verdskrigen.

Ottesen var også engasjert i kulturarbeid. Han var første leiaren i totalfråhaldslaget då laget vart skipa i 1889. Han var særleg aktiv innafor song og musikk. Ottesen starta også eit blandakor i 1880. I ei årrekkje, før det kom orgel i kyrkja, var han forsongar der. Han var også politisk engasjert og var gjennom mange år leiar i Ulstein Venstre.

Denne artikkelen skal handle om ulsteiningen Hallstein Asbjørn Saunes, krigssiglar, utesiglar etter krigen, langvarig Bergesen-tilsett og idrettsmann med VM-tittel.