Då eg vart beden av tidlegare leiar av historielaget, Aksel Hauge, om å skrive denne historia, måtte eg tenkje over kva eg hadde av stoff. Det var viktig for meg sidan det gjeld min eigen far. Asbjørn Ulstein eller berre AU som han blei kalla, var ein systematikar, og eg hadde tilgang på eit album som han hadde laga for borneborna sine. Det albumet hadde fått tittelen: «Kva har du gjort før, bestefar?»
I Ottagarden på Osnes held Johan Ottesen (f.1944) farsgarden godt i hevd. Hus og stabbur vart i 1860-åra flytta frå eit klyngjetun på Osnesflotane til lengre ned på Osnes. Eldste huset, stabburet, er nyleg registrert av fylkeskonservatoren og eldste delen er datert til siste halvdel av 1500-talet. Dei halvmeter-tjukke tømmerstokkane i veggane er eldre. Den nyaste årringen på ein stokk var frå 1489. Den hadde 210 årringar. Ein kan verte lokalhistorikar av mindre.
«Han Kalla var ein romantikar.» Det var far sin yngste bror – onkel Ottar – som sa dette. Eg fekk ikkje spurt godt nok kva han la i det. Kanskje tenkte han både på det sterke engasjementet og evna og viljen til å gjennomføre og forsvare det han trudde på. Han støtta gjerne andre sine mål, og han lytta.
Det var Aksel Garshol som kom med tips til redaksjonsnemnda i Levd liv om å skrive om ulsteiningen Lars Sundgot. Om han og Ishavsavisa var det ein eigen artikkel i polarmasinet til Ishavsmuseet, “Isflaket” nr. 3 2023. Innhaldet er attergjeve med løyve frå museet.
I mange år har eg tykt det var synd at Lars Sundgot, onkelen min, ikkje fekk den æra han fortente med omsyn til forfattarskapen sin. Av det han skreiv vart Ishavsvisa den mest kjende, nokon sette melodi til henne og brukte delar av eitt av versa som refreng. Denne visa vart mykje spelt på radio ein periode. Då var Lars alt død, og kunne ikkje stå fram som forfattar. Derfor vart visa som regel underskriven med «forfattar ukjend» når ho vart gjengitt eller referert til.
Johannes vart fødd inn i ei stor familie i Ivagarden 11.2.1924. Foreldra var Hans Th Ulstein (1884-1979) og Lina, f. Sundgot (1885-1973). Før han, kom der fire systrer, Gullborg (1912), Henny (1916), Ågoth (1918), Ruth (1922) og ein bror, Hermod (1920) som døde berre 8 år gamal.
Fridtjof Birger Hofseth var fødd på garden Haugen på Hofseth den 8. februar 1904. Han døde den 7. mai i 1997, godt og vel 93 år gamal. Han hadde då levd eit langt og rikt liv. Han hadde levd under 4 kongar og opplevd og sett store endringar i livsvilkår for seg sjølv og andre.
Otto vart fødd 19. april 1920 som yngst av 5 sysken; Arnvid (f. 1914 – d. 1969), Ingeborg (f. 1915 – d. 1994), Kjetil (f. 1916 – d. 1997) og Astrid (f. 1918). Dei tre andre i huset var Marta f. Fjelle; 2. kona til bestefaren Andreas Saunes, og Astrid (systera til Lovise), som var gift med Karl Spjutøy.
Martin blei fødd på Kolbeinhaugen på Ulstein av foreldra Ole Hansson og Dina Larsdotter Ulstein, saman med sju andre sysken: Hanna (1883), Johanne Sofie (1886), Lars Johannes (1889), Hans Nikolai (1891), Martin Laurits Peter (1893), Helga Salome (1896), Osvald Emil (1899), Ingeborg Nikoline (1901).
Ole Lars Ulstein er fødd 15. februar 1930 og døydde 20. november 2015. «Attersyn» skreiv han hausten 2009. Ole Lars tok teknisk kveldsskule og engelsk lærde han ved å lese bibelen på engelsk. Han hadde si yrkeskarriere ved Ulstein Mek. Verksted og var med å internasjonalisere og modernisere verftet utover 60-, 70- og 80-talet. Ole Lars var speidar. Seinare blei han søndagsskulelærar. Han sat to periodar i kommunestyret for KrF, var medlem i soknerådet, leiar i Ulstein kr. Ungdomsforbund og aktiv i dugnadsarbeidet for Kjeldsund og Fredheim. I 1997 fekk Ole Lars Kongens Fortenestemedalje.
Kleven Verft har gjennom to generasjonar vore ei hjørnesteinsbedrift i Ulstein Kommune. Bedrifta har dels stått fritt og dels vore i konsern med andre bedrifter, og eigarskap har skifta. Denne artikkelen skal seie litt om mannen som starta Kleven Mek. Verksted tilbake i 1944 – Marius Kleven. Kven var han og kva stod han for i yrke og fritid? Har verdiane hans sett sitt preg på bedrifta slik vi kjenner henne i dag? Her skal vi minnast litt denne – bokstavleg talt – store mannen som i sitt vesen var prega av at han hadde ein smed sin kropp, samfunnsengasjementet til ein politikar og kulturinteressa til ein aktiv korsongar.
Anton vart fødd på Flø 14. september 1924 som det yngste barnet til Ellen, f. Midt-Flø, (f. 1882) og Gideon Kleiven. (f. 1884). Syskenflokken bestod av tre jenter og seks gutar. Mor til Anton kom frå Flø, medan faren vart fødd på Hatløya der Anton sin farfar, Knut, eigde ein gard. Gardsbruket gav ikkje så mykje den tida, så om sommarane var Knut Kleiven i statens hamnestell som tømmermann. Dette virket førte han både til Vardø for oppsetting av den første hamnemoloen, og mellom anna til Murmansk to år på rad for å bygge den første kaia der.
Det er ikkje lett å skrive om Bård Larsen sitt virke i kulturlivet i Ulstein. Han var involvert i så mykje. Dersom ein skal yte Bård full rettferd, bør ein ha tilgang til langt meir dokumentasjon enn det eg har klart å skaffe. Hans tilknyting til Musikklaget Ulf er det bra kontroll på. Når det gjeld Firkløveret, Salongorkesteret, Ulstein og Hareid Fellesorkester og Ulstein mannskor veit ein mindre.
Denne artikkelen er eit utdrag frå boka «Sjur og eg i sunnmørske Haugespor», av Odd Magnus Osnes. 14-åringen Erlend har gjort ei tidsreise tilbake til 1874, og er på besøk hos Johanne og Lars Osnes (Iver-Lars). Dette er foreldra til Martinus. Erlend, Iver-Lars og Martinus sit heime hos desse i stova på Osnes og bøter garn.
Iver-Lars fortel:
Rolf Hatlø var hans offisielle namn, men Rolf Sin vart han kalla. Dette etter far sin, Fransinius Hatlø, som vart kalla Sin, derfor Rolf Sin.
Han kunne feire årmålsdagen og 17. mai på ein og same dag. «Ej e fødde på 17. mai farr,» kunne han seie.
Rolf var det ein kan kalle ein bygdeoriginal. Ingen vil kalle han dum. Mange vil heller seie at han likte å underhalde, vere midtpunktet. Han spelte eigentleg ei rolle. Han var ein romantikar, snartenkt og kjapp i replikken. Som regel låg det noko alvor bak det han sa eller deklamerte. Han miste mor si tidleg, og dette prega han. Rolf gjentok mange gonger kor låkt mor hans hadde det før ho døydde.