Rolf Hatlø var hans offisielle namn, men Rolf Sin vart han kalla. Dette etter far sin, Fransinius Hatlø, som vart kalla Sin, derfor Rolf Sin.

Han kunne feire årmålsdagen og 17. mai på ein og same dag. “Ej e fødde på 17. mai farr,” kunne han seie.

Rolf var det ein kan kalle ein bygdeoriginal. Ingen vil kalle han dum. Mange vil heller seie at han likte å underhalde, vere midtpunktet. Han spelte eigentleg ei rolle. Han var ein romantikar, snartenkt og kjapp i replikken. Som regel låg det noko alvor bak det han sa eller deklamerte. Han miste mor si tidleg, og dette prega han. Rolf gjentok mange gonger kor låkt mor hans hadde det før ho døydde.

Mora gjekk i foreininga “Den lille gren”. Rolf snakka mykje om dette – at mora var med på “Den lille migren”. Turid Brudevoll retta han til “migren”e – og dermed vart foreininga, i Rolf sitt vokabular, heitande “Den lille migrene”. Turid hadde berre vore litt fant med Rolf, men no var det slik – og då var det ikkje noko å diskutere.

Orda konstruerte han gjerne etterkvart. Og kom orda hulter til bulter og vart litt omstokka, ja, so vart det slik. Det han kom på tvert – det galdt! Og det han las, lærte han utanboks. Han var i sitt ess når han fekk vere midtpunktet og fekk deklamere dikt, aller helst på rim. Då stod han med beina godt ifrå kvarande og veiva med hendene og hadde alltid med “- Å – de”, når han var ferdig å fortelje noko.

Mange vil gjerne framheve Rolf som arbeidsmann og ein mann med eit godt hovud. Når han hadde skjenkt seg, var det gjerne slik at ungdomen låg hardt frampå for å få han inn i sin bil, slik at dei fekk historier og kunne flire litt. Han vatt brukt til underhaldning. Og han likte seg så lenge ingen var stygg. Vart folk fæle, luska Rolf seg av garde. Han hadde hang til det religiøse, og sa mang ein gong: – Bære ej fæ sei: Hjelp mej, Gud! Då e ej berga!

Rolf kunne fortelje følgjande historie: – De va storm – å noken måtte få skulda. Dei heiv nå på sjøen og kvalen slukte han. Kvalen kom på land, i ein ørken og spydde nå Jonas på land. Her var mange krigarar – og dei kasta stein. Jonas kom og sette augene i ein av dei so kasta stein. – Ej e profet. – Ja, e du professor og kan all verdens språk, då kan du sette augene i han so e blende. Då kasta han mæ stein!

Rolf meinte med dette at i staden for å takke for å få synet tilbake, kasta han også stein. – Utakk er verdens lønn.